Viser innlegg med etiketten Kristiansund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristiansund. Vis alle innlegg

onsdag 17. februar 2021

"STRAUMVÆRING", N-336-VV i Kristiansund, 17.02.2021

Denne fiskebåten låg innerst i Vågen i Kristiansund 17.02.2021. Den er strukturert og sletta i merkeregisteret 2017. Den mangler også navn på styrhuset. I alle fall kunne eg ikkje sjå noko navn på han.

Fann båten igjen i Merkeregisteret for 2001. Det var fiskebåten "Straumværing" frå Gravdal i Lofoten som hadde merket N-336-VV i 2001. I skipsregisteret er det kun informasjon tilbake til 1977. Men fann igjen båten i Bø i Vesterålen. Trur derfor eg har all historikk. Gi beskjed om det er feil eller mangler i data nedenfor :

"STRAUMVÆRING",  N-336-VV.

Bygd i 1971 v / Samhold Båtbyggeri, Sørvåg, Alsvåg. 14.2 m, 20.3 brt. Motor : Scania 128 Hk frå 1972. Første datering i Skipsregisteret er 02.10.1971.

1971-1977 : "STRAUMVÆRING", N-1-BØ, Eier : Henning Jespersen m.fl., 8470 Bø i Vesterålen. (02.10.71).
1977-2011 : "STRAUMVÆRING", N-336-VV, Eier : Martin Kristensen, 8372 Gravdal, (22.12.77).
2011-2017 : "STRAUMVÆRING", N-336-VV, Eier : Straumværing AS, 8370 Leknes, (01.12.11).
2017 :           Sletta i Merkeregisteret, (26.07.17).
2017-2018 : "STRAUMVÆRING",  Eier : Skipstrans Kystlag, 5694 Onarheim, (26.07.17).
2018 - :        "STRAUMVÆRING".  Eier : Straumværing Kystlag, c/o Sven Malvin Melkersen, 7284 Mausund, (19.04.18).

Håper båten blir tatt godt vare på. 

"STRAUMVÆRING", N-336-VV, Kristiansund 17.02.2021.


torsdag 20. september 2012

Kristiansund

19-21-Sep-2012 var eg på standby i Kristiansund for utreise til flyteriggen "Transocean Spitsbergen". Det vart 3 netter på Quality Grand Hotel, mens eg venta på å bli kalt ut til riggen. Fekk dermed god tid til sightseeing i Kristiansund og tok ein del bilder med tanke på blogginnlegg. Så her følger ein del bilder frå mange av dei mest kjente landemerka og turistattraksjonane i Kristiansund. Har laga egetblogginnlegg for Sundbåten, men det har sneke seg med eit par bilder her også.
Bildene er tatt den 20-Sep-2012 såfremt ikkje anna dato er oppgitt i bildebeskrivelsen.
Denne dagen starta på brygga i Kristiansund og tur over til Innlandet (Tahiti) med Sundbåten "Rapp".

Klippfiskkjerringa på Sundbåtkaia i Kristiansund.
Sundbåten "Rapp" ved kai på Innlandet. 
Dødeladen Cafe, Innlandet.
Bak dette gjerdet arrangeres Tahiti-festivalen.
Dette huset står igjen på ein bergknaus på Innlandet. Fjellet er sprengt bort rundt heile huset.
Måsestativ på Innlandet. Dårleg med måser denne dagen.
Her er den einaste klippfiskbutikken i Norge.
Etter retur til Kirkelandet med Sundbåten var eg ein tur og besøkte Knut Garshol Klippfisk. Dette er vel den einaste klippfiskbutikken i Norge. Om sommaren kjem det busslaster med spanjoler hit for å besøke Baccalaoens heimby.

Fasaden til Knut Garshol Klippfisk i Kristiansund.
Baccalao-kasse hos Knut Garshol Klippfisk.


Dette er ekte klippfisk av ypperste kvalitet.
Turen gjekk vidare forbi Nordmørskafeen og Smia Fiskerestaurant til Mellomverftet i Vågen. Her er det mykje sjøfartshistorie og kystkultur og absolutt verdt eit besøk.
Nordmørskafeen er plassen for god, norsk tradisjonsmat i Kristiansund.
Smia Fiskerestaurant.
Frå Mellomverftet. Den gamle fiskebåten "Frimann" ligg på slippen.
Mellomverftet i Vågen i Kristiansund.
Den gamle redningsskøyta "Christiansund" er restaurert og ligg til kai ved Mellomverftet.
Mellomverftet med "Frimann".
Mellomverftet. Dette er restane av den gamle treferja "Rjånes", bygd i 1936. 21.09.12.
I Kristiansund må eg alltid ta ein tur opp til Vanndamman og sjå på fuglelivet. Her var det no mest måser, stokkender og duer, men det også alltid påfugl og knoppsvane. I år har dei også nokre moskusender.

Vanndamman.
Vanndamman er kjent for sitt fugleliv. Her er blant anna ein blå Påfugl.
Vanndamman. Denne "flotte" fuglen er ei Moskusand.
Knoppsvane er ein fast hekkefugl i Vanndamman.
Tissegutten i Vanndamman blir visst aldri ferdig.
På veg ned igjen frå Vanndamman passerer ein den flotte fossen nederst i Langveien.

Denne fossen vart laga i anledning Kristiansund sitt 200 års-jubileum i 1992.
Eg budde 3 netter på Quality Hotel Grand.
Comfort Hotel Fosna har flott beliggenhet med utsikt over havna. 21.09.12.
Til slutt tar eg med nokre bilder av kjente båter på havna i Kristiansund.

Fiskebåt på havna. Her får ein kjøpe alt av fisk, sjømat og Hjortekjøtt !!!
"Ramsøyfjord" M-144-M frå Smøla. Bildet tatt 21.09.12.
Redningsskøyta "Christiansund" på tur i Nordmørsbyen.
Kystekspressen er eit vanleg syn på havna i Kristiansund. Dette er "Ladejarl".
Hurtigruta "Nordnorge" forlet Kristiansund og gjer at Sundbåten "Rapp" må ta ein unnamanøver.