torsdag 18. mars 2021

Havørn ved Notholmen på Nesjelandet, 18.03.2021

Fekk ein fin opplevelse med besøk av havørn i forbindelse med garnfiske i lag med nevø Richard i Karlsøyfjorden på nordsida av Nesjelandet. Richard gjorde opp fisk ombord i båten og vi hadde ein stor flokk gråmåser rundt oss. Måsen fekk innmaten og slukte i seg det dei klarte å fange før det sokk til bunns. 
Så forsvann plutselig måseflokken. Like etter fekk vi sjå grunnen til det. Ein havørn kom flygande, tok ein runde rundt båten og satte seg i ei furu på Notholmen på nordsida av Nesjelandet. Der hadde han oversikt over båten og venta nok på ein godbit den også. Hadde med min zoom-linse og fekk tatt nokre bilder på langt hold. Dette var ein majestetisk flott fugl. Var ganske heldig med eit bilde av ørna i flukt  i det den flytta seg over i ei anna furu. Bildene er tatt med Nikon D5200 med 600 mm zoomlinse på frihånd frå ustø småbåt. Sjekk bildene her :

Havørn i ei furu på Notholmen, Nesjelandet, 18.03.2021. 600 mm zoom.

Havørn i ei furu på Notholmen, Nesjelandet, 18.03.2021. 600 mm zoom + litt ekstra digital zoom.

Havørn i ei furu på Notholmen, Nesjelandet, 18.03.2021. 600 mm zoom.

Havørna tok til vengane og flytta seg over til ei anna furu, Notholmen, Nesjelandet, 18.03.2021. 600 mm zoom.

Havørna tok til vengane og flytta seg over til ei anna furu, Notholmen, Nesjelandet, 18.03.2021. 600 mm zoom + litt ekstra digital zoom.

Havørna flytta seg til ei anna furu litt lenger vest på Notholmen, 18.03.2021.  600 mm zoom.

Havørna flytta seg til ei anna furu litt lenger vest på Notholmen, 18.03.2021.  600 mm zoom + litt ekstra digital zoom.