torsdag 13. januar 2022

Stor vassføring i elvene på Nordstranden, Nesjestranda, 13.01.2022

Ekstremværet "Gyda" kom med mykje regn og påfølgende snøsmelting. Dette gjorde at elvene voks kraftig det siste døgnet. Køyrde ein tur innover til Horsgård for å sjå kordan elvene såg ut. Her er nokre bilder frå 3 av elvene : Ytter Horsgård elvene, Seglå og Årsetelva.  Den eine av 2 Ytter Horsgårdelver hadde stor vassføring der litt av vatnet rant over fylkesvegen. Ellers kan eg ikkje komme på å ha sett elvene større enn i dag. Seglå var såpass stor at den hadde delt seg i to ved fylkesvegen. Hovedløpet var ikkje stort nok til å svelge unnna alt vatnet, så ein del av vatnet delte seg og gjekk gjennom ein vannpost like ved. Den som er interessert kan sjå på bildene nedenfor.

YTTER HORSGÅRD ELVENE :

Dette er 2 elver der, den østligaste kjem frå Skålbotnen og den vestligaste kjem frå Horsgårddalen. Dei deler seg og det er minst 4 løp gjennom Langfjordvegen (fylkesveg 6020).

Ytter Horsgårdelva (øst), det går 2 rør gjennom vegen, men det er for lite, så ein del av vatnet renn over Langfjordvegen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst), det går 2 rør gjennom vegen, men det er for lite, så ein del av vatnet renn over Langfjordvegen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst), på nersida av Langfjordvegen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst), det går 2 rør gjennom vegen, men det er for lite, så ein del av vatnet renn over Langfjordvegen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (vest) ved Langfjordvegen. Denne elva kjem frå Horsgårddalen og vi ser litt av demninga til vannintaket for kraftverket som ligg nede ved sjøen. 13.01.2022.

Ytter Horsgårdelva (vest) ved Langfjordvegen. 13.01.2022.

Ytter Horsgårdelva (vest) renn under Langfjordvegen. 13.01.2022.

Ytter Horsgårdelva (vest), på nersida av Langfjordvegen. Vi ser 2 elveløp som renn sammen .

Ytter Horsgårdelva (vest), hovedløpet går i rør gjennom Langfjordvegen. (Fv 6020), 13.01.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst) ved brua på gamlevegen (Horsgårdvegen)  nede ved sjøen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst) ved brua på gamlevegen nede ved sjøen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (øst) ved brua på gamlevegen nede ved sjøen, 13.02.2022.

Ytter Horsgårdelva (vest) ved brua på gamlevegen nede ved sjøen.

Foss i Ytter Horsgårdelva (vest) rett ovanfor gamlevegen ved sjøen, 13.01.2022.


SEGLÅ :

Seglå har delt seg og ein del av vatnet renn gjennom ein vannpost. Nør Gribbestad, 13.01.2022.

Seglå har delt seg og ein del av vatnet renn gjennom ein vannpost. Her var det ikkje plass til alt vatnet i røret gjennom Langfjordvegen.

Seglå har delt seg og ein del av vatnet renn gjennom ein vannpost.

Seglå, Nør Gribbestad, 13.01.2022.


ÅRSETELVA :

Årsetelva, Ytter Årset, 13.01.2022.

Årsetelva, Ytter Årset, 13.01.2022.

Årsetelva, Ytter Årset, 13.01.2022.

Årsetelva, Ytter Årset, 13.01.2022.

Årsetelva, Ytter Årset, 13.01.2022.


Oversvømmelse ved Bergsvik Grendahus, Nesjestranda, 13.01.2022

Tok meg ein tur ut i bygda for å sjå om ekstremværet "Gyda" hadde gjort noko skade i løpet av natta.
I 10-tida var det dagslys nok. Ved Bergsvik Grendahus var det oversvømmelse. Grovadalsgrova hadde atter ein gong tatt turen over den gamle skoleplassen. Grova går inn i ein kanal under den østre delen av skoleplassen og vidare under vegen og ut i sjøen. Ved innløpet til kanalen er det satt opp eit gitter for å hindre at kvister og andre gjenstander blir dratt inn i røret. Men no hadde gitteret blitt såpass tett at vatnet gjekk over kanten og ut på skoleplassen. Dette gitteret var sjekka seinast i går og såg greitt ut. Med slike nedbørsmengder i tillegg til snøsmelting som det har vore siste døgnet har grova tatt med seg så mykje greiner, lauv, gress o.l at gitteret tetta seg igjen. Hadde med spade og jernrive i bilen og fekk løst opp floken slik at vatnet rann inn i kanalen igjen. 
Ein del av vatnet hadde rent forbi grendahuset og grove seg ei grøft i grusvegen. Røret som går til vannposten gjennom vegen var tett av sand og grus og vatnet rant over vegen. Fekk gravd vekk ein del grus slik at vatnet fekk tilbake sin normale gang. Får håpe "Gyda" har gjort nok "skade" i denne omgang. Her er nokre bilder som dokumenter oversvømmelsen.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Ved gjerdet skal vatnet frå grova normalt gå inn i eit rør, men no var det tett. Dybde på øversida av gjerdet var over 1.5 m.

Her ser vi litt av gitteret som står foran røret og skal hindre at kvister etc skal bli med inn i røret. Med så stor vassføring vart det for mykje kvist, lauv og gress foran gitteret som førte til oversvømmelse.

Litt skade også ved vegen der vannposten gjennom vegen var tett. 13.01.2022.

Mykje sand og grus hadde fyllt opp grøfta slik at vatnet rant over vegen. Dette stoppa opp etter at eg fekk åpna opp hovedløpet til grova.

Her kjem Grovadalsgrova ut frå rør gjennom vegen. Stor vassføring no.


mandag 10. januar 2022

M/F "Rødvenfjord", første dag i rute 36, Sølsnes - Åfarnes, 10.01.2022



M/F "Rødvenfjord" vart i dag satt inn i rute på strekninga Sølsnes - Åfarnes. Ferga kom til Molde 30.09.2021, så den har vore i Molde i over 3 månader før den vart satt inn i rute 36, Sølsnes - Åfarnes.
"Rødvenfjord" og "Eresfjord" vart bygd til denne ruta etter siste anbudsrunde. Begge fergene er hybrid-ferger med elektrisk drift med hurtiglada batterier og dieselelektrisk reservedrift. No er det ikkje utbygd ladestasjoner verken på Sølsnes eller på Åfarnes, så fergene må benytte dieselelektrisk framdrift i lang tid framover.
I 11-tida la "Rødvenfjord" til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant, varer og betjening til kiosken. Ferga gjekk så ut på fjorden igjen for å få alt på plass til den første offisielle turen. 
"Rødvenfjord" gjekk inn i ruta til B-ferga "Lifjord" med avgang frå Sølsnes kl 13:05. Kunne høyre skipsfløytene tute på langt hold i det fergene bytta og M/F "Lifjord" gjekk ut fjorden til Molde etter lang tid som B-ferge i sambandet. I skrivende stund har M/F "Rødvenfjord" lagt seg til kai ved tømmerterminalen på Malo og mannskapet kan ta seg ein velfortjent kvil. 

Her er nokre av mine bilder frå Sølsnes denne dagen.


M/F "Rødvenfjord" legg til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant og kioskvarer, 10.01.2022, kl 11:11.

"Rødvenfjord" gjekk frå kai umiddelbart for å gi plass til "Eresfjord" som går i sambandet i par med "Lifjord".

"Rødvenfjord" på vent utanfor Sølsnes, 10.01.2021.

"Rødvenfjord" gjekk etter ei stund i retning mot Åfarnes på sørsida av Langfjorden. Vi ser ferga "Lifjord" ved fergekaia på Åfarnes i bakgrunnen. 10.01.2022.


Kom tilbake til Sølsnes om ettermiddagen etter at "Rødvenfjord" hadde komme seg inn i B-ruta. Første turen gjekk kl 13:05 frå Sølsnes.


"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022, kl 14:55.

"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022.

"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022. Nye biler har køyrt ombord.


M/F "Rødvenfjord" starta på sin 4 tur frå Sølsnes over Langfjorden, 10.01.2022, kl 15:05.

M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022.

M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022.


søndag 9. januar 2022

Skitur til Bergsviksetra, 09.01.2022

Skitur nr 2 i 2022 gjekk frå Berg, rundt Vikvatnet og opp til Bergsviksetra. Det vart totalt 5.4 km i kjempefint, men kaldt vinterver. Uheldigvis ligg turen i skygge så vi såg kun sola oppe i høgare lende i Horja og Skåla.
Turen var lang nok for både for gammel og ung med lite fartstid på ski. Fekk tatt nokre bilder med frosne fingrer. 


Silje på veg opp Seterbakken, 09.01.2022.

Silje på veg opp Seterbakken, 09.01.2022. Snøtung lauvskog har laga portal over vegen mange plasser langs Skålsetervegen. Enkelte plasser har trea brekt av på grunn av snøtyngden.

På Bergsviksetra, 09.01.2022.

Seterbakken er like lang og bratt både opp og ned. 09.01.2022.

Kort pause på rasteplassen ved Vikvatnet. Dette er Ski-StikkUT også i år. 09.01.2022.

Ved fiskebrygga på Vikvatnet, 09.01.2022.

Ved fiskebrygga på Vikvatnet, 09.01.2022.

Vinteridyll ved Vikvatnet, 09.01.2022.

Tung snø har laga mange motiv i skogen.

Vinterlandskap, 09.01.2022.

Vinterlandskap mellom Vikvatnet og Berg, 09.01.2022.


Vi nærmer oss Berg på tur ned igjen. 09.01.2022.