torsdag 13. januar 2022

Oversvømmelse ved Bergsvik Grendahus, Nesjestranda, 13.01.2022

Tok meg ein tur ut i bygda for å sjå om ekstremværet "Gyda" hadde gjort noko skade i løpet av natta.
I 10-tida var det dagslys nok. Ved Bergsvik Grendahus var det oversvømmelse. Grovadalsgrova hadde atter ein gong tatt turen over den gamle skoleplassen. Grova går inn i ein kanal under den østre delen av skoleplassen og vidare under vegen og ut i sjøen. Ved innløpet til kanalen er det satt opp eit gitter for å hindre at kvister og andre gjenstander blir dratt inn i røret. Men no hadde gitteret blitt såpass tett at vatnet gjekk over kanten og ut på skoleplassen. Dette gitteret var sjekka seinast i går og såg greitt ut. Med slike nedbørsmengder i tillegg til snøsmelting som det har vore siste døgnet har grova tatt med seg så mykje greiner, lauv, gress o.l at gitteret tetta seg igjen. Hadde med spade og jernrive i bilen og fekk løst opp floken slik at vatnet rann inn i kanalen igjen. 
Ein del av vatnet hadde rent forbi grendahuset og grove seg ei grøft i grusvegen. Røret som går til vannposten gjennom vegen var tett av sand og grus og vatnet rant over vegen. Fekk gravd vekk ein del grus slik at vatnet fekk tilbake sin normale gang. Får håpe "Gyda" har gjort nok "skade" i denne omgang. Her er nokre bilder som dokumenter oversvømmelsen.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Oversvømmelse på skoleplassen ved Bergsvik Grendahus, 13.01.2022.

Ved gjerdet skal vatnet frå grova normalt gå inn i eit rør, men no var det tett. Dybde på øversida av gjerdet var over 1.5 m.

Her ser vi litt av gitteret som står foran røret og skal hindre at kvister etc skal bli med inn i røret. Med så stor vassføring vart det for mykje kvist, lauv og gress foran gitteret som førte til oversvømmelse.

Litt skade også ved vegen der vannposten gjennom vegen var tett. 13.01.2022.

Mykje sand og grus hadde fyllt opp grøfta slik at vatnet rant over vegen. Dette stoppa opp etter at eg fekk åpna opp hovedløpet til grova.

Her kjem Grovadalsgrova ut frå rør gjennom vegen. Stor vassføring no.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar