mandag 3. januar 2022

"Bajas" med båt på slep til Havnevika, Nesjestranda 03.01.2022

Oppdaga reint tilfeldig at det kom ein fiskebåt med ein mindre sjark på slep inn mot Havnevika på Nesjestranda. Tok turen ned til småbåthavna i regnværet for å sjå kva som kom. Det var "Bajas", M-1-RA frå Vågstranda som kom med ein mindre sjark på slep. Den mindre sjarken hadde fått motorstopp borte i Sekkesundet og fekk hjelp av "Bajas" til å komme seg til fastlandet.  Det vart nokre bilder til årets første blogginnlegg.

"Bajas" ved ankomst Havnevik Småbåthavn på Nesjestranda, 03.01.2022.

"Bajas" med ein mindre sjark på slep. Sjarken hadde fått motorstopp i Sekkesundet. 03.01.2022.

Sjarken er fortøyd ved flytebrygga og "Bajas" er ferdig med oppdraget.

"Bajas" starter på turen tilbake til Vågstranda, 03.01.2021.

"Bajas" har fått opp farta. Dette er ein speedsjark bygd i 2018 v / Trefjar EHF, Hafnarfjördur,          Island. Båten har ein 500 Hk motor som gir god fart. Eier er Solgaard Fisk / Tobias Solgaard, Vågstranda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar