søndag 26. april 2020

Roa på Nord Nesje med slektshistorie

Roa, gnr 113/11 på Nord Nesje, ser ut til å ha stått ubrukt i mange år. Strømmen til huset er fråkobla. Har lurt litt på kven som eier dette huset og tenkte eg fekk undersøke litt. 

For å finne informasjon om kven som bygde og bodde i dette huset var det "Bygdabok for Nesjestranda" av Arnold Solemdal som var den naturlege kilden.

Tomta til Roa, gnr 113/11 er frådelt Nord Nesje, gnr 113/3 (Tronsgarden). Huset vart bygd i 1948 av ekteparet Brit K. Næsje Morstøl (1883-1954) og Sigvald Morstøl (1887-1966). Brit K. Morstøl døde allerede i 1954 og enkemann Sigvald Morstøl fortsatte som eier fram til sin død i 1966. Uvisst om han bodde der heilt til sin død.  I 1967 vart det avholdt auksjon etter ekteparet. Torkjell Nesje arva huset. Han selde det vidare til Konrad Strande (1903-1986) i Molde. I 1969 fekk Konrad Strande kjøpe til meir jord slik at tomta vart litt større  (gnr 113/15). Tomta vart no på 0.9 da eller 0.9 mål. Konrad Strande var eier av Roa frå 1967 - 1978. I 1978 tok sønnen Kjell Strande over og brukte det som feriestad. Sidan bygdeboka vart skreven i 1995 er det ikkje meir informasjon å finne om eiendommen, men eg antar at Roa kanskje har blitt overtatt av neste generasjon Strande. Dette er det vel nokon som kjenner til og kan opplyse om.


Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Kartutsnitt frå Molde Kommune, Roa er Gnr 113/11 og 113/15 på Nord Nesje, Tomta er delt frå garden Nord Nesje 113/3. 

Det vart i samme forbindelse interessant å grave litt i slektshistoria til Nord Nesje gnr 113/3. Det har seg nemlig slik at min egen slekt på Reitan, gnr 127/1, kom frå denne garden. Har nedanfor gått gjennom slekt og tatt med alle generasjonane frå han som er rekna som stamfar på garden. Bruker bokstavane i slektledda slik som dei er brukt i Bygdaboka. Bruker også gardsnummer etter Molde Kommune, alle gardane som kom frå gamle Veøy Kommune skifta gardsnummmer i 1964 etter sammenslåing med Molde.

NORD NESJE, gnr 113/3 :

Stamfar til slekta på Nord Nesje gnr 113/3 var Knut Olsen Sekkeseter (1769-1841) frå Sekken. Han kjøpte garden 113/3 og 113/4 til odel og eie i 1801. Samme året gifta han seg med Guri Olsdatter Sør Nesje (1775-1841). Ho var gardkone frå Olagarden. Knut Olsen Sekkeseter tok etternavnet Nesje etter at han kom til Nord Nesje.
Knut og Guri fekk 9 barn G1 - G9. Tar med kun 3 av dei her. 
G2, Ole Knutsen Nesje (1803-1854) vart gardbruker etter faren. (1839-1854).
G5, Knut Knutsen Nesje (1807-1894) fekk bygsel på Reitan gnr (127/1) i 1851. Han er derfor stamfar til slekta frå Reitan og følgeleg også min stamfar på morssida.
Gnr 113/4 har samme slektsforløp som 113/3 og Reitan. G4, Peder Knutsen Nesje, (1805-1883) vart gardbrukar på Nord Nesje, gnr 113/4 (garden til L2, Lodve Nesje).

G2, Ole Knutsen Nesje gifta seg i 1838 med Gjertrud Andersdatter Bergsvik. Dei fekk 5 barn, H3 - H7. Her er det også eit par barn før ekteskap H1 og H2. 

G7, Mikkel Knutsen Nesje dreiv garden frå 1855-1865 etter brorens død.

H3, Knut Olsen Nesje, (1838-1924) vart gardbruker etter farbroren (1865-1916). Knut O. Nesje gifta seg i 1868 med Brit Trondsdatter Ytre Mittet. Dei fekk 12 barn, I2 - I13. Pluss eit barn før ekteskap, I1.

I4, Tron K. Næsje, (1872-1947), gardbruker etter faren (1916-1941). Tron vart gift i 1909 med Karoline Knutsdatter Røvik (1887-1913). Dei fekk 1 barn, J1.
Tron gift for 2. gang i 1915 med Synnøve Hansdatter Sør Nesje, (1882-1957). Dei fekk 2 barn J2 - J3.

J1, Knut T. Nesje, (1909-1997), gardbruker etter faren, (1941-1975).  Knut T. gift i 1943 med Elise Lucie Sjøstrand (1915-2001). Dei fekk 2 barn, K1, Torkjell Nesje, f. 1944 og K2, Bodil Næsje, f 1947. Gardsdrifta vart avvikla i 1975.

Torkjell og Bodil fekk skjøte på garden i 1974. Noverande eier er Bodil's datter L1, Elin Næsje Sætre.

Som vi ser er det 7 generasjoner mellom stamfar og dagens eier.

ROA, gnr 113/11 og 113/15 :

Så var det å finne fram til kor hen Brit K. Næsje kjem inn i slektstreet. Ho er altså datter til H3, Knut Olsen Nesje og følgeleg søster til Tron K. Næsje. Denne generasjonen ser ut til å ha brukt navnet Næsje med æ. Det er derfor naturleg at ho og ektemannen fekk frådelt tomt på heimgarden i 1948.


Til slutt vil eg også følge mitt eget slektstre på Reitan tilbake til Nord Nesje.

REITAN, gnr 127/1 :

Stamfar : G5, Knut K. Nesje, (1807-1894), Fekk bygsel på Reitan og slekta etter han skifta etternavn til Reitan. Knut K. Nesje gifta seg i 1840 med Ane Eriksdatter Sølsnes (1816-1891). Dei fekk 9 barn, H1 - H9.

Neste gardbruker vart sjølveier på Reitan. Det var gardjenta H1, Gurå Knutsdatter Reitan (1842-1926). som tok over garden. Ho gifta seg i 1866 med Knud Iversen Nør Årset, (1841-1911). Knud kjøpte så Reitan til odel og eie i 1873. Gurå og Knud fekk 6 barn, I1 - I6.

Neste gardbruker vart I3, Ole K. Reitan, (1872-1932). Han gifta seg i 1904 med Marit Olafsdatter Indre Horsgård, (1882-1940).  Ole og Marit fekk 3 barn, J2 - J4. I tillegg hadde Ole ein sønn før ekteskap.

Neste gardbruker vart J3, Knut O. Reitan, (1908-2002). Han gifta seg i 1935 med Jenny Sivertsdatter Malones, (1909 - 1999). Dette er altså mine besteforeldre. Dei fekk 3 barn, K1 - K3, der K2 var min mamma Sigrid Reitan (1937-2002). Eg er altså L2.




mandag 20. april 2020

Fiskebåten "Flågrunn" i Kristiansund


Denne flotte Bremsnes-båten låg til kai ved Mellomverftet i Kristiansund 20.04.2020. Regner med det er oppussing på gang. Har funne ein del informasjon om "Flågrunn" på Fb i gruppa "Gamle og nye norske fiskebåter", men ingen har fått med fullstendig historikk til båten. Derfor har eg gått gjennom det eg har av kilder og funne fram til denne historikken. Om nokon skulle føle seg forbigått som eier eller har meir detaljert informasjon vil eg sette stor pris på om eg får melding om det, Kan lett oppdatere historikken. Mine kilder har vore historisk merkeregister (MR) og Skipsregisteret. Datoer som er oppgitt er frå Skipsregisteret er kan vere litt forskjellig frå aktuelle datoer for eierskifte. Ved å bruke datoene frå Skipsregisteret skal ein ikkje vere så langt unna rett dato.
Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Bygd 1964 v / Bremsnes Båtbyggeri, Bremsnes, 21 brt, 13.69 m, LM3312.
1964-1968 : "FLÅGRUNN", T-96-S, Eier : Harald Jørgensen, Skjervøy, MR 66 og 68,
1968-1999 : "FLÅGRUNN", T-864-T, Eier : Oddmund og Daniel Hansen P/R, Tromsø, MR71-96, (04.09.68),
1999-2000 : "FLÅGRUNN", T-864-T, Eier : Daniel Hansen m.fl, Tromsø, MR99.
2000-2002 : "FLÅGRUNN", T-864-T, Eier : P/R Flågrunn, A & L. Hansen, Tromsø, MR2000-2001.
2002-2003 : "FLÅGRUNN", Tromsø, T-864-T, Eier : Partrederiet Flågrunn ANS, 9024 Tomasjord,
                  (Reder : Leif Arne Hansen, 9140 Rebbenes), (22.03.02),
2003-2012 : "FLÅGRUNN", T-864-T, Eier : Leif Arne Hansen, 9140 Rebbenes, (17.03.03).
2012 :        "FLÅGRUNN", T-38-TK, Eier : Gryllefjord Fiskeriselskap AS, c/o Nergård Senja AS, 9380 Gryllefjord, (29.03.12),
2012-2014 : "FLÅGRUNN", T-264-T, Eier : Flågrunn AS, c/o Løksfjord AS, 9140 Rebbenes, (04.05.12),
2014-2015 : "FLÅGRUNN", T-166-LK, Eier : Tus-Mir AS, c/o Rune Sand, 9389 Husøy i Senja, (12.12.14),
2015 :         Sletta frå Merkeregisteret, (08.09.15),
2015 - :      "FLÅGRUNN", Stamsund Trebåtforening, c/o Ole Johan Pettersen, Bodø, (08.09.15).

"FLÅGRUNN" ved Mellomverftet, Kristiansund, 20.04.2020. 

"FLÅGRUNN" ved Mellomverftet, Kristiansund, 20.04.2020. Lesbart fiskerimerke er T-264-T, men båten har hatt mange fleire fiskerimerker gjennom karrieren.

fredag 17. april 2020

Fugler og dyr på Nesjestranda - 17.04.2020

I år var det dårleg vær gjennom heile påska. I dag var det endeleg slutt på nedbøren og sola gløtta fram av og til. Tok meg ein køyretur til Nesje og deretter innover til Nordstranda. 
Det vart nokre bilder på ein slik tur. Det er mykje å sjå langs vegen om ein berre ser seg godt rundt. Gjekk ein liten tur på Fjærestien frå Tjønnholet til Nesjegjerdet og her fekk eg tatt bilder av årets første linerle. Linerla har komme til "rett" tid i år også, eit godt vårtegn.
Her er nokre av kveldens fauna-bilder frå Nesjestranda. Det er dyr og fugler som eg har tatt mange bilder av opp gjennom åra, men prøver å fange nye motiv på nye plasser på kvar tur. 

Ute i Vevarneset fekk eg tatt nokre bilder av eit rådyr-par som gjekk på marka i lag med eit grågås-par. Eit litt uvanleg vennepar. Dei trekte seg litt unna vegen då eg kom. 

Rådyrbukk, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrgeit, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.



Gjekk ein tur ned mot Tjønnholneset. Der dukka det opp ein linerle i fjæresteinane som ikkje var redd for å bli fotografert. 

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.


På Sør Nesje var det denne kvelden samling av grågås og 2 traner i dammen på marka til Lodve Nesje. Her har eg tidlegare fotografert havørn, så denne ferskvannsdammen nederst på marka er ganske populær. 

2 traner og ein flokk med grågjess, Sør Nesje, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde så innover til Nordstranda. På Nør Gribbestad vart eg møtt av ein hjort midt på vegen.  Hjorten var tydelegvis på tur over vegen, men vegra seg og gjekk tilbake på øversida av vegen til resten av flokken på øversida av vegen. Talte ca 20 hjorter på Nør Gribbestad denne kvelden.

Hjort i vegen. Her var det berre å stoppe bilen og fram med kameraet. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Etter ei lita stund gjekk hjorten over vegen og opp til flokken på øversida av vegen. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, 6 stk, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde litt vestover igjen og ville gjere eit forsøk på å fotografere hjorteflokken som har tilhold på Nør-Årset. Køyrde litt ned i sjøvegen og venta ca 10 minutt før den første hjorten kom ned på marka. Denne hjorten vart var meg og luska vidare nedover mot Nerbøen og vart borte frå meg. Etter ei stund kom det fleire hjortar ned på marka. Det vart totalt 8 stk. Dei vart også oppmerksom på meg, men fortsatte å beite. Dei trekte sakte nedover mot Nerbøen og kom vekk nedfor bakken. Køyrde opp igjen. På marka nedfor løemurane på Nør Årset gjekk det fortsatt ein flokk på ca 10 hjortar. Så totalt i allefall 19 stk her på grden.


3 hjortar har komme ned på marka på Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her vart dei var fotografen.  Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Dei sprang ikkje unna, men fortsatte å beite. Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort på beite, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her har 7 stk av flokken komme ned på marka, Nør-Årset, Nesjestranda, 17.04.2020.

Hjorteflokken var klar over meg, så dei gjekk unna og ned bakken til Nerbøen, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.
Tusen takk for titten !

Vårbilde av Veøya

I år var det dårleg vær gjennom heile påska. I dag var det endeleg slutt på nedbøren og sola kikka fram. Køyrde meg ein tur til Nesje. Fekk tatt dette bildet av bebyggelsen på Veøya frå Nesjegjerdet. Sola skein og lyste opp Veøya, så det vart eit bra motiv med skarpe farger på grunn av det skarpe sollyset. Bildet er tatt på langt hold (3.433 km ) med telelinse. 

Prestegarden og kyrkja på Veøya. Bildet er tatt på Nesjegjerdet, Nesjestranda, 17.04.2020.

torsdag 2. april 2020

Havørn på Nesje

Køyrde meg ein tur til Nesje mellom snøbygene og vindkasta i dag. Tenkte å sjå etter om grågåsa fortsatt holdt til på Nesje. Ein stor flokk med grågås var spredd utover markene i Flovika, så grågåsa held ut for snøbygene og har ikkje trekt ut mot kysten endå. Litt lenger ut fekk eg sjå ein stor fugl heilt nede ved sjøen. Trudde det var grågås, men såg snart at dette var ein heilt annan fugl, nemleg havørn. Stoppa på vegen og fekk tatt nokre bilder på langt hold med telelinse. Bildene vart vel så bra som ein kan forvente på det holdet og med det været. Fotoforholda var ikkje heilt bra. Bildene er tatt på ca 290 m avstand. Det var 3 havørner på bakken samtidig. Havørna skal ha starta med egglegging på denne tida, så kanskje desse var seint ute. Etter ei stund køyrde eg vidare og snudde ved vegs ende på Sør Nesje. På tur tilbake var det no kun ein havørn på bakken, dei 2 andre hadde tatt av. Såg dei på himmelen. Snudde og køyrde vestover igjen. Fekk tatt eit par bilder av havørn i lufta. Dette var omtrent ved Naustneset. Tok også eit bilde av 2 havørner i akrobatisk kamp om maten. Den eine mista noko ned i skogen. Dette bildet vart tatt frå snuplassen ved Vevarneset.
Var heldig som fekk denne opplevelsen på ein slik dag med snøbyger og sterk vind. Ser ofte havørn, både i lufta og på bakken, men har aldri sett dei "leike" seg i ein vanndam slik som dei gjorde på Sør Nesje denne dagen.


2 havørner i ein vanndam på marka på Sør Nesje, gnr 113/4. Den til venstre har ein trepinne i nebbet, kanskje den kikker på byggemateriale til reiret. 

Havørnane var ikkje redd for å bli våt på føttene. 

Mens eg holdt på å ta bilder av dei 2 ørnane i vanndammen, vart eg oppmerksom på at det hadde komme ein til. 

3 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Her er den eine ørna på veg til å flytte seg over dammen.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Den tredje havørna tok seg ein runde oppover marka for å jage eit par kråker.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020. Litt underleg at ørnane likte å vaspe og stå i vanndammen.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020. Her ser det ut som ørna har sett noko interessant, den bøyer hodet og ser seg ned og tilbake.

2 havørner i akrobatisk kamp om maten ? Den eine mista noko ned i skogen under "basketaket". Dette bildet er tatt frå snuplassen i Vevarneset på Sør Nesje. 02.04.2020.