tirsdag 16. mai 2017

Bilder frå Nordstranden, Nesjestranda

Køyrde ein tur rundt Langfjorden 16.05.2017.  Hadde med min 600 mm telelinse og stoppa på Holm for å ta nokre bilder av gardane på nordsida av fjorden. Eg kjem frå garden Reitan som ligg mellom Årset og Gribbestad, ca 6 km frå Sølsnes fergekai. Gardane på nordsida av Langfjorden var i tidlegare tider ei lita grend med egen skole og egen dampskipskai på Årset. Årset var også brevhus for Posten. Navnet Nordstranden blir ikkje brukt i dag sidan alle husstandane er ein del av bygda Nesjestranda i Molde Kommune. Gamle brev viser at folket der inne brukte navnet Nordstranden som fellesnavn, blant anna hadde dei  Nordstrandens Telefonsamlag med adresse Årset i Veø i 1926.
Her er nokre av bildene som er tatt frå Holm på sørsida av fjorden. Avstanden til Reitan var ca 3.1 km og til Ytter Horsgård 4.7 km. Bildene vart OK med tanke på at dei er tatt utan stativ. For meg er det alltid kjekt å sjå heimplassen frå sørsida av fjorden.

Klikk på bildene for å sjå større bilde. 

Reitan, Gnr 127-1, Vart egen gard ca år 1600. Slekta mi kom til garden i 1851.

Hytta på Reitan, gnr 127-2 bygd i 1973 og småbruket Teigan, gnr 128-3.

Ytre Horsgård, med 2 gardsbruk, gnr 129-1 og 129-2. Ved sjøen ser vi Horsgård Sag og Tønnefabrikk og småbruket Nerbø, gnr 129-3.

Nør Årset, gnr 126-2.  Løa er no borte.

Ytter Årset, gnr 126-1.

Blogglistenhits

Cruiseskipet "Deutschland" i Eresfjorden

I 2016 var det 3 cruiseskipsanløp i Eresfjorden. Det var første gongen bygda hadde fått besøk av cruiseskip. I 2017 er det planlagt kun 1 anløp, mens det blir 5 anløp i 2018. Årets anløp kom allerede 16. mai. Det var cruiseskipet "Deutschland" som kom til Eresfjorden tidleg om morgonen med offisiell anløpstid kl 7 - 12. Skipet kom frå Kristiansund og gjekk vidare til Åndalsnes. Ein del av passasjerane vart køyrt i buss til Åndalsnes. 
Tok meg ein tur til Eresfjorden denne dagen for å sjå på anløpet. Eresfjordingane har blitt flinke til å vise fram bygda si. Mange tyske cruisepassasjerer var ute og gjekk på vegen frå Nauste og opp til butikken. Mange av passasjerane var også med på bussturer i området med blant anna tur til Eikesdalen. 
Etter eit besøk ved kaia på Nauste i Eresfjorden køyrde eg heimover om Vistdalsheia og Åfarnes.
"Deutschland" skulle gå kl 12 frå Eresfjorden med ankomst Åndalsnes kl 16.  "Deutschland" var det tredje cruiseskipet som har besøkt Eresfjorden etter at "Amadea" og "Albatros" var på besøk i 2016.
Felles for alle desse 3 cruiseskipene er at dei er operert av det samme rederiet i Tyskland, nemlig Phoenix Reisen. Håper at andre cruiseoperatører også finn ut at denne "nye" cruisedestinasjonen er verdt å satse på. 

Litt info om skipet : 
M/S "Deutschland, bygd i 1998 ved Howaldtswerke-Deutsche Werft AG, Kiel, Tyskland for Peter Deilmann Rederei, Neustadt in Holstein.  175.3 m lang, 22496 grt, 20 knop fart, maks 550 passasjerer.
Solgt i 2015 til Absolute Nevada LLC, Las, Vegas, USA (management V Ships Leisure, Monaco). Omdøpt til "World Odyssey" og utleid til Plantours. I 2016 utleid i 5 år til Phoenix Reisen, Bonn for cruisefart i sommerhalvåret. Omdøpt til "Deutschland". Skipet er registrert i Nassau på Bahamas.

Her er bildene frå "Deutschland" sitt besøk i Eresfjorden og Langfjorden.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.


"Deutschland" oppankra innerst i Eresfjorden. Mektige Goksøyra, 1337 m.o.h. ruver til venstre i bildet.  16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17. Dette bildet er tatt frå Nauste.

Passasjerane vart satt i land på ei flytebrygge på Nauste i Eresfjord av skipets egne tendere. 16.05.17.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden, 16.05.17.  Ein tender (livbåt) er på veg mot land på Nauste.

Nytt bilde frå ilandstigninga på Nauste i Eresfjord, 16.05.17. Det var fjære sjø.

Oversiktsbilde tatt frå Nauste i Eresfjord. 16.05.17. Fossen midt i bildet er i Stranddalselva og fossen rett bak baugen på "Deutschland" er i elva Driva. 

Landgangsbrygga på Nauste, 16.05.17.


I denne brygga hadde Eira Husflid utsalg av blant anna handarbeid, 16.05.17.


Frå Nauste i Eresfjord med turister og lokalfolk. "Deutschland" i bakgrunnen. 16.05.17.

Idyll frå Nauste i Eresfjord, 16.05.17.



Idyll frå Nauste i Eresfjord, 16.05.17.

"Deutschland" er eit flott cruiseskip. Eresfjord 16.05.17.

Her er eksempel på noko av det som møtte turistane som gjekk tur frå Nauste og opp til butikken i Eresfjord. Det var ikkje alle som var med på bussturer. Nauste i Eresfjord var tidlegare sentrum i bygda Eresfjord. Bygda Eresfjord har i dag ca 350 innbyggjarar.

Ein av mange sykler som er satt ut rundt omkring i sykkelbygda Eresfjord.  Dette er heimbygda til den tidlegare proffsyklisten Kurt Asle Arvesen.  Nauste 16.05.17.

Denne garasjen ved vegen på Nauste inneholdt eit interessant objekt som mange av turistane ville sjå og fotografere.  Nauste 16.05.17.

I garasjen stod det ein gammel lastebil.  Det var ein Overland Whippet, 1928-modell. Nauste 16.05.17. 

Bileier var glad for å kunne vise fram den gamle lastebilen. Får håpe vi får sjå den på vegen ein dag.  Nauste 16.05.17.

Dette huset på Nauste i Eresfjord var også eit flott skue. Her er også eit par sykler med.  16.05.17.

Køyrde heimover om Vistdalsheia. Var litt usikker på om eg fekk sjå igjen cruiseskipet frå vegen oppe i Vistdalsheia. Som antatt var det umuleg å sjå båten frå vegen på grunn av mykje skog. Eg måtte gå ca 100 m ned i skogen til eit utsiktspunkt for å få tatt desse bildene av "Deutschland" på reden i Eresfjorden.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden 16.05.17. Bildet er tatt frå eit utsiktspunkt i skogen eit stykke oppe i vegen opp til Vistdalshaia.

"Deutschland" oppankra i Eresfjorden 16.05.17. Bildet er tatt frå eit utsiktspunkt i skogen eit stykke oppe i vegen opp til Vistdalsheia.

Her er nokre bilder av "Deutschland" på veg ut Langfjorden. Det var oppholdsver og sol om formiddagen, men det skya over og kom litt regn om ettermiddagen. Dei var nok mest heldige med været i Eresfjorden. Med mykje snø i fjella, mange fossefall og storslagen natur var nok besøket i Eresfjord eit høgdepunkt under dette cruiset. Etter Åndalsnes gjekk skipet vidare til Geiranger.



"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan. 16.05.17. Det regna litt no, så bildene vart litt prega av gråveret.

"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå Reitan. 16.05.17. 

"Deutschland" på veg ut Langfjorden. Bildet er tatt frå vegen ved Hengnes. 16.05.17. 

"Deutschland" på veg ut Langfjorden og passerer her Åfarnes. 16.05.17. Bildet er tatt frå Maloneset.

 "Deutschland" på veg ut Langfjorden på veg til Åndalsnes. Utsikten er upåklagelig inn Rødvenfjorden med fjella Kongen og Finnan i bakgrunnen og Gridsetskolten nærmest midt i bildet. Bildet er tatt frå Sølsnes fergekai.

Blogglistenhits