tirsdag 16. mai 2017

Bilder frå Nordstranden, Nesjestranda

Køyrde ein tur rundt Langfjorden 16.05.2017.  Hadde med min 600 mm telelinse og stoppa på Holm for å ta nokre bilder av gardane på nordsida av fjorden. Eg kjem frå garden Reitan som ligg mellom Årset og Gribbestad, ca 6 km frå Sølsnes fergekai. Gardane på nordsida av Langfjorden var i tidlegare tider ei lita grend med egen skole og egen dampskipskai på Årset. Årset var også brevhus for Posten. Navnet Nordstranden blir ikkje brukt i dag sidan alle husstandane er ein del av bygda Nesjestranda i Molde Kommune. Gamle brev viser at folket der inne brukte navnet Nordstranden som fellesnavn, blant anna hadde dei  Nordstrandens Telefonsamlag med adresse Årset i Veø i 1926.
Her er nokre av bildene som er tatt frå Holm på sørsida av fjorden. Avstanden til Reitan var ca 3.1 km og til Ytter Horsgård 4.7 km. Bildene vart OK med tanke på at dei er tatt utan stativ. For meg er det alltid kjekt å sjå heimplassen frå sørsida av fjorden.

Klikk på bildene for å sjå større bilde. 

Reitan, Gnr 127-1, Vart egen gard ca år 1600. Slekta mi kom til garden i 1851.

Hytta på Reitan, gnr 127-2 bygd i 1973 og småbruket Teigan, gnr 128-3.

Ytre Horsgård, med 2 gardsbruk, gnr 129-1 og 129-2. Ved sjøen ser vi Horsgård Sag og Tønnefabrikk og småbruket Nerbø, gnr 129-3.

Nør Årset, gnr 126-2.  Løa er no borte.

Ytter Årset, gnr 126-1.

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar