Har i lang tid tenkt å bruke bloggen min til å presentere gamle bilder frå den tida eg jobba for Schlumberger i utlandet. Mange kjentfolk, venner og slekt har lurt på korleis det var å jobbe i "oljå" i utlandet. Begynte å jobbe som feltingeniør for Schlumberger den 01.04.85 etter endt utdanning ved NTH i Trondheim. Utdannelsen var som oljeingeniør med fagområde Petroleum Technology på Berg A avdelinga ved NTH.
Dei første åra jobba eg som feltingeniør i Vest Tyskland, Nederland, Norge, Italia og Skottland.
I begynnelsen av 1992 vart eg overført til Egypt. Ankom Kairo den 13.02.92. Var dei første dagane på basen i Ras Shukheir, men frå 26.02.92 - 30.04.92 jobba eg på Schlumberger-basen NEG (North Egypt) i byen Marsa Matrouh som låg ved Middelhavskysten. Vi jobba i det området av Egypt som er kalla Western Desert og som strekker seg heilt til grensa mot Libya i vest. I Western Desert var det landjobber i ørkenen, men i tillegg hadde vi arbeid på nokre små plattformer utenfor Alexandria. Min jobb var i cased hole logging og brønnservice.
I 1992 hadde Schlumberger 4 baser og eitt distriktskontor i Egypt. Basene var :
NEG, Marsa Matrouh, Wireline.
AEG, Abu Rudeis, Wireline.
SEG, Ras Shukheir, Wireline.
GEG, Ras Gharib, Brønntesting.
EMD, Kairo, East Mediterranean District.
I 1992 hadde Schlumberger 4 baser og eitt distriktskontor i Egypt. Basene var :
NEG, Marsa Matrouh, Wireline.
AEG, Abu Rudeis, Wireline.
SEG, Ras Shukheir, Wireline.
GEG, Ras Gharib, Brønntesting.
EMD, Kairo, East Mediterranean District.
Har fått skanna ein del bilder frå denne tida og dette første innlegget viser eit utvalg av bilder eg tok den første tida i Egypt, mens eg var stasjonert i Marsa Matrouh.
Bildekvaliteten er nok ikkje heilt på dagens nivå sidan dette er skanna papirkopier. Det vart heller ikkje tatt så mange bilder sidan dette var før den digitale tidsalder. Det var heller ikkje alle plasser det var lov å ta med seg kamera. Dette var lenge før begrepet "selfie" var oppfunne, og dei få bildene der eg er med er enten tatt av mine operatører eller tatt med sjølvutløysar.
Har tilbakedatert publisering til 1992 for at innlegget skal komme på rett årstall i bloggarkivet.
Schlumberger Explosive Bunker i Salam, Western Desert, Egypt 05.04.92. |
Kameler i Western Desert, Egypt 05.04.92. Av og til kunne vi sjå flokker med kameler i ørkenen, slik som her. Her var det i alle fall litt grønt og muleg for dei å finne mat.
|
Ved oljefeltet Meleiha i Western Desert 06.04.92. Her brann det olje og gass kontinuerlig - ingen som hadde høyrt om NOx og CO2-utslipp endå.
|
Kameler i Western Desert, Egypt 07.04.92. Dette er dromedarer, men i Egypt vart desse også kalla kameler sjølv om dei berre har ein pukkel.
|
Ørkenblomst, Western Desert, Egypt 07.04.92. Dette var vel dei einaste blomstrane eg såg ute i ørkenen. Desse voks rett opp frå sanden.
|
På biltur i Western Desert, Egypt April 1992. På veg til jobb i brønnen Obaiyed 1-1. Loggetrucken var allerede på plass og eg køyrde etter i ein pick-up.
|
Wellsite i Western Desert, Egypt April 1992 Brønn : Obaiyed 1-1, riggen var "EDC-9". Oljeselskapet var Bapetco. |
Desert truck #9931 på wellsite i Western Desert, Egypt April 1992. Brønn : Obaiyed 1-1, riggen var "EDC-9". Oljeselskapet var Bapetco. |
Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92. |
Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92. |
Den største moskeen i Marsa Matrouh 26.04.92. |
Marsa Matrouh 26.04.92. Stranda sett frå Hotel Beau Site der eg bodde den første tida. |
Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92. |
Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92. |
Esel-taxi i Marsa Matrouh 26.04.92. Inne i byen var det ikkje lov å drive taxi med bil, her var det kun esel-taxi slik som denne. |
Esel-taxi i Marsa Matrouh 26.04.92. |
På trappa utenfor min SLB villa i Marsa Matrouh 26.04.92, |
Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. |
Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. Dette var min plass i godstolen i loggetrucken, bak CSU (Cyber Service Unit) loggesystem. |
Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. Med mine to egyptiske operatører Morsi Khamis og Gamal Heikal.
|
Taxi-holdeplass / parkering for eseltaxi i Marsa Matrouh 30.04.92. |
Esel-taxi, Marsa Matrouh 30.04.92. |