fredag 16. august 2019

Traner på Lauvåsen, Røvik

Mange fuglearter har minka i antall og utbredelse dei seinare åra. Ein art som har utvida området sitt dei siste 10-20 åra er tranen. Frå å vere ein fugl du høyrde om som karakterfugl på Fokstumyra på Dovrefjell, har tranen vorte ein kjent fugl her lokalt. Sjølv vart eg fascinert av traner etter å ha sett Naturprogrammene frå Fokstumyra på NRK TV tidleg på 1970-tallet. Den gongen var det den flinke naturfotografen Mathis Kværne som filma blant anna traner på Fokstumyra. Har fortsatt 2 bøker som han ga ut om fuglelivet på Fokstumyra.
Alle som trafikerer RV64 på Skålahalvøya har vel sett traner på markene langs vegen. Markene på Lauvåsen i Røvik har vore svært populære hos lokale traner i mange år. Det er særleg morgen og kveld det er størst sjanse for å sjå tranene. Det er også lett å kjenne igjen det høge trompetropet til tranene. Desse varselropa kan ein også høyre frå traner i flukt.
I sommer har eit tranepar vore svært vanleg å sjå på Lauvåsen. Heilt til dags dato går traneparet og leiter etter mat på markene der. Dette kan vere eit par som har mislykka med årets kull, men det kan også vere eit yngre par som ikkje har hekka i år. Tranene hekker første gong i ein alder av 4 - 6 år. Hunnen legg 2 egg, så tranene får maksimalt 2 unger. Uansett er fuglane eit flott skue å sjå.
Har tatt meg tid til å stoppe opp nokre gonger for å fotografere fuglane viss dei har vore nær bilvegen. Bruker 600 mm zoomlinse og tar bildene frå bilen for ikkje å uroe fuglane. Siste dagen, (16/8)  såg eg at begge tranene hadde tatt middagskvil. Hannen stod på eit bein med hodet kvilande på kroppen og sov eller halvsov. Hoa hadde lagt seg ned og "flata ut" i graset slik at ho var knapt synleg frå vegen. Det er godt gjort for ein stor fugl som trana å bli så usynleg som på dei siste 2 bildene. Trana er ca 110 - 120 cm høg og kan ha eit vingespenn på nesten 2.5 meter. Her er nokre av bildene :


12-AUG-2019 :

Trane på Lauvåsen 12.08.2019

Tranepar på Lauvåsen, 16.08.2019. Hannen held vakt, mens hunnen leiter etter mat i graset.

Trane, Regner med at det er hannen som står vakt. Lauvåsen 12.08.19.

Trane, hunnen leiter etter mat i gresset, Lauvåsen 12.08.19.

16-AUG-2019 :


Traneparet har tatt middagskvil ikkje langt unna bilvegen på Lauvåsen, 16.08.2019. Hoa har lagt seg ned i graset og er nesten usynleg.
Traneparet fotografert frå ein litt anna kant. Hannen har våkna og er oppmerksom, men kviler fortsatt på eitt bein.  Lauvåsen 16.08.2019.



Blogglistenhits

onsdag 14. august 2019

M/S "With Junior" på Veøyfjorden

Onsdag 14.08.2019 kom det eit stort rødfarga lasteskip innover fjorden sør for øya Sekken i Romsdalsfjorden. AIS viste at det var skipet "With Junior" som kom. Såg skipet frå verandaen min i Havnevika i det den kom til syne gjennom Sekkesundet.. Den bakre krana var heva for løfting. Båten vart borte for meg bak Veøya, men såg den igjen i retning mot Åfarnes. Etter ei stund kom skipet ut igjen og med kurs mot nordvest rett mot Nesjestranda. Skipet gjekk sundet mellom Fyrholmen og Veøya og fortsatte så vestover på Veøyfjorden.
"With Junior" hadde vore på Åfarnes og levert bølgebrytarar til småbåthavna der. Skipet hadde lossa bølgebrytarane eit stykke frå land rett utanfor småbåthavna. Denne operasjonen hadde gått raskt og skipet gjekk no vidare i si rute nordover langs Norskekysten.

Historikk og tekniske data for M/S "With Junior" :

Bygd 2009 ved Moen Slipp AS, Kolvereid. Skrogverft : Riga Shipyard Ltd., Riga Latvia.
Levert i 2009 til Egil Ulvan Rederi AS, Trondheim.  2362 grt, 66.7 m. IMO 9418781.

Egil Ulvan Rederi åpna ny godsrute sommaren 2018 mellom Nord Troms - Hirtshals - Oslofjorden.
3 skip går i ruta, deriblant "With Junior". Denne godsruta er profilert under markedsnavnet "With Line". Skipene frakter all slags gods langs kysten. Mykje av lasta er fersk laks frå Midt Norge til Hirtshals for markedene i Europa. På Marine Traffic er skipet kalt palleskip (Pallet carrier).

Tok nokre bilder i det skipet passerte Veøya. Bildene er tatt med 600 mm zoomlinse.

"WITH JUNIOR" på tur gjennom sundet mellom Fyrholmen og Veøya, 14.08.2019. Eit tre kom nesten i vegen for meg, men rakk 1 bilde frå verandaen.

"WITH JUNIOR", passerer Veøya på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. Skipet går i rute for With Line (Egil Ulvan Rederi AS, Trondheim).

"WITH JUNIOR", passerer Veøya på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. Som dekkslast har skipet blant anna 2 fritidsbåter.

"WITH JUNIOR", passerer foran Hangholmen på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. 

"WITH JUNIOR", passerer Sekkesundet på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. 



mandag 5. august 2019

Team Shelby Scandinavia Tour Norway 2019

På mandag kveld kom det eit stort følge av flotte sportsbiler til Molde. Dei parkerte ved Aker Stadion og Scandic Seilet Hotel. Dette var biler frå "Team Shelby Scandinavia Tour Norway 2019". Det var totalt 19 biler av typen Ford Mustang Shelby GT500 i mange varianter. Denne kortesjen av "råe" sportsbiler var på tur i Norge og etter å ha køyrt om Trollstigen var det no overnatting på Scandic Seilet.  Turen gjekk så vidare mot Atlanterhavsvegen neste dag.
Shelby står for fabrikken Shelby American som bygde ein topptrimma versjon av Ford Mustang i åra 1965 - 1970. Samarbeidet med Ford starta igjen i 2006 etter eit langt opphold.  Dette er biler med motorer på 300 - 700 Hk. Det er fleire versjoner der dei råaste kalles Super Snake. Det er også ein versjon som heiter Cobra.

I 1966 vant ein Shelby GT40 det kjente racerbilløpet i Le Mans i Frankrike. Det vart faktisk 3 dobbelt seier.  I 2016 vart det produsert ein kopi av den originale Shelby GT40 som ein "50th Anniversary Limited Eidtion" i forbindelse med 50-års jubileet for seieren i Le Mans i 1966.
Denne bilen heiter Shelby GT40 Mk II og med på turen til Molde var det ein slik bil. Denne sjeldne bilen finnes det altså kun 20 av i heile verden.

Mange flotte biler og mykje grom lyd i Molde denne kvelden altså. Eg var heldig som oppdaga bilane i det dei kom og fekk sjå dei på nært hold. Det vart også nokre bilder på minnebrikka.

NÖ-S 4 :  Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake, Tyskland,  Molde 05.08.2019.

BT 89339, Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake, (2006). Registrert første gong i Norge 19.03.19. Max 257 km/t. 506 Hk.   Molde 05.08.2019.     

7 stk Mustang Shelby på rekke og rad i Molde, 05.08.2019. Den grønne bilen til venstre var den einaste "gamle" bilen i følget. Dette var R-3323 : Ford Mustang Shelby GT500 (1968). 340 Hk.  

3 stk Mustang Shelby i Molde. Frå venstre :  Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake (Nederland).  ZZ 20364, Ford Mustang Shelby GT500. 558 Hk, (2015),  SVT 500 : Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake. (Svensk registrert). 

95-XD-DL : Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake,  Registrert i Nederland. Molde 05.08.2019.

95-XD-DL : Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake,  Registrert i Nederland. Molde 05.08.2019.

BT92500  Ford Mustang Shelby GT500 Super Snake, (2006). Reg i Norge 25.01.2019. Max 320 km/t.  734 Hk.  Molde 05.08.2019.

Shelby GT40 MK II (2016). 1 av 20 biler bygd i forbindelse med 50 årsjubileet for seieren i Le Mans i 1966 med denne biltypen.

Shelby GT40 MK II (2016). 1 av 20 biler bygd i forbindelse med 50 årsjubileet for seieren i Le Mans i 1966 med denne biltypen.  Denne bilen var svært lav så trur ikkje den hadde passa for meg.