tirsdag 12. mai 2015

Tinestafetten 2015

Tirsdag 12.05.15 vart Tinestafetten arrangert på Molde Idrettspark (gamle Molde Stadion). Dette er verdens største stafettarrangement med ca 104 000 deltakere frå 6 - 9 klasse over heile landet.  I Molde var det 85 påmeldte lag og kvart lag hadde 8 deltakere + reserver, altså 680 løpere. 6 klasse på Vågsetra Barne og Ungdomsskole stilte med 2 lag og Martin skulle springe 7. etappe for lag 1.
Kvar etappe var på 200 m og laga bestod av 4 jenter og 4 gutter. Alle løparane fekk utdelt Tinestafettens T-skjorte som i år var gul. Det vart derfor mange gule løpere på banen.

Her er nokre bilder frå Stafetten :

Martin varmer opp før start. Silje har også fått T-skjorte. 

Martin og laget venter på start. Knut Nesje får råd av sin bestefar Svein Arne som sjølv var ein god løper i yngre år. 

Klart til start for 6 klasse, Heat 1. Iver starta for Vågsetra's Lag 1.

Klar,  ferdig, gå !

Silje sprang rundt på indre bane. 

Hugo Tingvoll har stilt opp 3 av arrangørane til fotografering.  Per Johan Gussiås (til høgre) frå Skåla IL var starter. 

Klart til veksling for 7.etappe. Martin veksla med Miriam.

Veksling 7. etappe. 

Vekslinga gjekk veldig bra.

Martin i farta på sin etappe. Laget var uheldig og endte opp med DNF på grunn av at det vart kluss etter eit fall på ei av dei tidlegare etappene og det var ingen til å springe siste etappe,  Uansett : Det viktigaste er å delta !

Silje hadde det gøy i lengdehoppgropa.

R. Reitan Transport tur til Molde Pukkverk

Vart med broderen ein tur til Molde Pukkverk i Årødalen. Vi henta 8.1 tonn med hagesingel ( 8-16 mm).  Lastebilen er ein Scania P113HL, 360 Hk. 1992-modell.

NE 55835, Scania P113HL, 360 Hk, 1992-modell.  R. Reitan Graving & Transport. Borg 12.05.15.

På veg inn i steinbruddet til Molde Pukkverk i Årødalen, 12.05.15.

Steinknusaren til Molde Pukkverk produserer kontinuerlig i forskjellige varianter og størrelser av stein, kult, pukk, singel og sand.  Årødalen 12.05.15.

Ferdig opplasta med hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.  Oppe i fjellveggen ser vi folk som forbereder neste salve.

Ferdig opplasta med hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.

NE 55835 henter hagesingel hos Molde Pukkverk, 12.05.15.

Vi leverer 8.1 tonn med hagesingel i Havnevika, Nesjestranda 12.05.15.

søndag 3. mai 2015

Stikk UT tur til Ørnehaugen, Aukra

Dette var stikk UT tur nr 3 denne dagen.  Vi avslutta med tur til Ørnehaugen med utsikt mot Ormen Lange anlegget i Nyhamna, Dei 2 forrige turane var ganske korte og dette vart den lengste turen, 1.9 km ein veg, 3.8 km tur / retur. Langs stien var det satt opp skilt med "Sikringsfelt" og "All bruk av åpen ild og skytevåpen forbudt". Dette var på grunn av at området ligg innafor sikringssområdet rundt gassanlegget.
Litt øst for stien kunne vi sjå ein gammel gard. Det var også satt opp eit opplysningsskilt om denne garden. Dette var Futvika som var ein husmannsplass under garden Eikrem. Den siste som budde fast på garden var Futvik-Anna som døde i 1967, Plassen har sidan vore brukt som feriebustad. Det er ikkje veg til plassen, kun ein sti. Bygningane på plassen, våningshus, løe og naust skal ha blitt bygd på 1840-tallet. Eg gjekk ein tur ned til husmannsplassen og fulgte så stien tilbake dit den igjen møtte turstien. Det var ein fin avstikkar på returen frå Ørnehaugen.    Her er bildene :

Denne turen starter like ved anlegget i Nyhamna, eller nærmere bestemt ved Pumpestasjonen på Eikrem. 03.05.15. 

Første del av turen gjekk på fin sti langs dyrka mark på Eikrem.

Vi kom så til ei info-tavle som viste kart over Tursti til Ørnehaugen.

Her er vi komme fram til utsiktspunktet på Ørnehaugen. Her var det også satt opp info-tavler om blant anna Ormen Lange anlegget i Nyhamna.

På Ørnehaugen, 51 m.o.h. Ormen Lange anlegget i Nyhamna ligg rett bak meg. Det var litt vindfullt på Ørnehaugen som låg heilt åpent til ut mot havet.

På Ørnehaugen. Anne Torill skriv oss inn i turboka.

På Ørnehaugen. Fjellet bak oss er Skalten og vi ser også Skardsettinden.  03.05.15.

Ormen Lange anlegget i Nyhamna. Prosessanlegg for gass.

Kransymmetri på Ormen Lange anlegget.

Utsikt mot den eine av kaiene i Nyhamna. Rett bak kan vi sjå Søre og Nordre Bjørnsund. 03.05.15.

Info-tavle på Ørnehaugen om Ormen Lange.

Utsikt frå Ørnehaugen sørover Julsundet mot Julneset og Vestnes-fjella. Vi ser også ferga i sambandet Aukra - Hollingsholm.

Martin på Ørnehaugen. 03.05.15.

Utsikt opp mot Ørnehaugen, 51 m.o.h. 

Info-tavle om Husmannsplassen Futvika. 

Husmannsplassen Futvika.

Løa i Futvika. 

Våningshuset i Futvika. Bygningane vart bygd på 1840-tallet.  03.05.15.

Futvika,

Futvika. Før eg gjekk vidare vart det plutselig eit glimt av sol som lyssatte husmannsplassen.
Langs turstien var det mange slike Forbudsskilt.  Vi var innafor sikringsområdet rundt gassanlegget i Nyhamna. 03.05.15.

Stikk UT tur til Jærmannburet, Aukra

Søndag 03.05.15 var det tur til Gossen, Aukra Kommune for å gå på Stikk UT turer. Dette er tur nr 2 denne dagen og den gjekk til det høgaste "fjellet" på den ellers så flate øya Gossen. Jærmannburet er berre 99 m.o.h., og det er ein relativt kort tur opp dit. Det var flott utsikt i alle retninger.

Her starter stien opp til Jærmannburet. Første del av turen går på grusveg.

Silje krabber opp det siste bratte berget opp til toppen av Jærmannburet. 03.05.15.

Då er vi oppe på den flate toppen av Jærmannburet. Utsikta er mot fjorden inn til Elnesvågen (til venstre) og mot Jendemsfjellet (til høgre),

Her er vi på toppen av Jærmannburet, 99 m.o.h. Vi ser ned mot skipsverftet Vard Aukra.

Pause på Jærmannburet. Masta på toppen fungerer som juletre i jula med juletrebelysning på alle wirene som holder masta oppe.

Anne Torill skriv oss inn i turboka på Jærmannburet. 03.05.15.

Med utsikt mot Nyhamna og gassanlegget som behandler gassen frå Ormen Lange.

Skilt til Jærmannburet eller Jermannburet som det også skrives.

Då er vi nede ved P-plassen der grusvegen oppover mot Jærmannburet starter. 

Stikk UT tur til Berghaugane, Aukra

Søndag 03.05.15 gjekk turen til Gossen, Aukra kommune. Stikk UT sesongen starta 01.05 og vi ville besøke nokre Stikk Ut poster som vi ikkje hadde vore på før. Det var mange å ta av på Gossen, 5 stk. Vi fekk med oss 3 stk denne dagen.
Dette er bilder frå første turen som gjekk til Berghaugane på Aukra. Start var på P-plassen ved Aukra kirke. Her var det sti til Aukraskogen. Vi passerte først dyrka mark og her låg det 4 rådyr og slappa av midt på marka. Dei var nok vant til folk og ferdsel for dei flytta seg ikkje sjølv om det gjekk mange folk på stien. Rådyra låg der fortsatt når vi kom tilbake frå turen.  Turen gjekk på fin sti i den idylliske Aukraskogen. Her var det blanding av furu, sitkagran og lerketre.
Dette var ein lett tur som også passa for familier med barnevogn.

Turen starta med passering av 4 rådyr som låg ganske så roleg på marka. Gossen er kjent for ein stor bestand av rådyr.  03.05.15.

Rådyr, Aukra 03.05.15.

Info-tavle for tur til Berghaugane, Aukra. 
Silje har funne sin bokstav : "S". 

Silje og Martin fann seg ei barhytte under greinene til eit lerketre.

Lerketre med nye skudd, Aukra 03.05.15.

Fin tursti mot Berghaugane, Aukra 03.05.15. Fjella i bakgrunnen er på naboøya Otrøya.

Her er vi ved Stikk UT posten på Berghaugane, Aukra. 

Info-tavle ved Berghaugen, Aukra. 

Pause og innskriving i turboka på Berghaugane, Aukra 03.05.15.

Martin og Silje kleiv opp på ein stor stein.

Berghaugane låg i nærheten av denne masta.

På vegen tilbake tok vi ein kort omveg for å besøke gapahuken i Aukraskogen.

Sitkagrana har svært harde og kvasse barnåler. Sitkagrana vart planta for mange år sidan og var brukt særleg som leplanting. I dag er sitkagrana eit tre som står på lista over treslag som ikkje høyrer heime i norsk natur og skal utryddes.

I Aukraskogen.

Rådyra var fortsatt på samme plass på marka i det vi kom tilbake til utgangspunktet. 

Rådyra var fortsatt i kvilemodus. Heime er det ikkje vanleg å sjå rådyra slik midt på dagen.