Oskar Sylte Mineralvannfabrikk, Molde

I forbindelse med rydding kom eg over ein del gamle flasker som eg ikkje har sett på minst 30 år.
Det viste seg å vere ein del interessante funn med lokal tilknytning.

Fant blant anna ei gammel flaske frå Oskar Sylte, Molde. Denne hadde gammeldags krustopp og etikett for "Selters". Det var ukjent for meg at Oskar Sylte Mineralfabrikk også hadde produsert Selters.  Ekstra moro var det i sommer å høyre at Oskar Sylte igjen starter med produksjon av vann med eller utan kolsyre.
Fant også ei gammel Ananasbrusflaske frå 1960-70-tallet før det vart skifta til dagen etiketter.

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk starta opp med produksjon av mineralvann i Molde i 1929. Det var mange konkurrenter, då det allerede var 16 mineralvannfabrikker i Møre og Romsdal Fylke.  Ein av konkurrentane var Rauma Saftpresseri i Molde.  Dette var lenge før Coca Cola kom til landet med sine drikkevarer.

I dag er Oskar Sylte mest kjent som produsent av Ananasbrus, Pærebrus og Sitronbrus.
Flasker frå Rauma Saftpresseri viser at det var konkurranse allerede i starten om Ananasbrus og Sitronbrus.
Har også tatt med bilde av min "gullrekke", spesialutgaver av ananasbrus i forbindelse med MFK og bilde av eit par flasker av brus som ikkje lages lenger ;  Oskar Bringebærbrus og Solo med Rabarbra og Bringebær.

Nederst i innlegget har eg tatt med eit par annonser frå Oskar Sylte som allerede i 1928 hadde kommisjonslager av Frøy Margarin. Regner med at den virksomheten  tok slutt i 1929 då han starta opp Mineralvannfabrikk.

Oskar Sylte "Selters".

Oskar Sylte "Selters"-flaske sammenligna med flasker frå konkurrenten Rauma Saftpresseri.

Ananasbrus-flaske frå Oskar Sylte. Denne er frå 1960-70-tallet.


"Gullrekka" frå Oskar Sylte.

Tidlegare Oskar Sylte produkter : Oskar Bringebærbrus (2010) og Solo med Rabrabra og Bringebær.



Oskar Sylte med Kommisjonslager for Frøy Margarin. Annonse i Romsdals Budstikke 4-Des-1928.

Oskar Sylte med Kommisjonslager for Frøy Margarin. Annonse i Romsdals Budstikke 20-Nov-1928.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar