mandag 27. juni 2016

Kjeåsen i Eidfjord Kommune, 27-Jun-2016

På vår ferietur nordover etter besøk i Dyreparken i Kristiansand hadde vi no mellomlanda i Kinsarvik i Ullensvang Kommune i Hardanger. Her budde vi i ei stor flott hytte på Kinsarvik Camping.


Denne dagen gjekk turen vidare nordover til Eidfjord Kommune og besøk på fjellgarden Kjeåsen.
Kjeåsen ligg 530 m oppe i fjellsida, på nordsida av Simadalsfjorden. Det er 2 garder der som ligg ved siden av kvarandre. Fjøset og husa er bygd sammen og dette var nok svært praktisk på vinteren då vinden kunne vere eit stort problem. For å sikre husa mot vinden er det spent stålbarduner over hustaka. Namnet Kjeåsen kjem av at dette frå gammalt av var geitbeite for garden Sæ nede i Simadalen. Det har vore busetning på garden sidan 1650-tallet og Kjeåsen vart først egen matrikkelgard i 1838.  I tidlegare tider var den bratte stien opp frå sjøen einaste tilkomstvegen. I 1930-åra vart det bygd ei motordreven taubane og med denne vart det enklare å frakte varer opp til garden. På det meste budde det 13 barn på Kjeåsen. Desse gjekk på skole nede i Simadal og skolevegen var ei utfordring. Om sommaren gjekk barna til og frå skolen kvar dag, men om vinteren budde dei hos slektninger i Simadal.
I 1972 starta bygginga av kraftverket i Simadal. Utbygginga var ferdig i 1981. I 1974 vart det bygd bilveg opp til Kjeåsen i forbindelse med kraftutbygginga.  Det blir sagt at dette er verdens dyraste gardsveg med 5 km bilveg derav 2.5 km i tunnel. Vegen er smal og tunnelen envegskøyrt, med trafikk opp kvar heile time og ned kvar halve time.
Ytste bruket vart fråflytta i 1962. Dette bruket er no til salgs. Det andre bruket vart fråflytta i 2010. Oslo-dama Bjørg Wiik har budd på Kjeåsen sidan 1967 og er der fremdeles om sommarane. Ho bur no i ei eiga hytte ved garden.  Kjeåsen var med i serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i 2002. Med bilvegen auka turiststrømmen til Kjeåsen og plassen er i dag blant dei fremste turistmåla i Eidfjord Kommune.


Her er ein del bilder frå turen til Kjeåsen. Været var ikkje det beste denne dagen og vi fekk blant anna ei regnbyge.   


Klikk på bilda for å få dei større.


Utsikt opp til Kjeåsen frå bilvegen langs Simadalsfjorden, 27.06.16. Bildet er tatt med 300 mm zoom-linse.

Utsikt opp til Kjeåsen frå vegen langs Simadalsfjorden. Kjeåsen ligg oppe på kanten midt i bildet.

Stopp i siste svingen før tunnelen til Kjeåsen for å vente til kl 13 før vi kunne køyre opp. Oppkøyring kvar heile time.

Utsikt mot Simadalsfjorden frå siste svingen før tunnelen til Kjeåsen. 27.06.16.

Her starter den 2.5 km lange tunnelen til Kjeåsen.  27.06.16.

Utsikt ned mot Simadalen frå tunnelen til Kjeåsen. 27.06.16.

Tunnelopninga på Kjeåsen. Her er det treport som kan stenges om vinteren.  Vi hengte oss på 2 biler som køyrde opp ca 12:50 og vi var oppe til kl 13. Det var liten trafikk, så ingen problem.

Infotavle ved tunnelen på Kjeåsen som viser køyretider opp og ned. 27.06.16.

På stien til Kjeåsen. Her var det flott utsikt og bratt ned.  27.06.16.

Stien til Kjeåsen er her sikra med gjerde mot stupet. 27.06.16.

Her er vi nesten framme ved husa på Kjeåsen. 27.06.16.

Stien fram til husa på Kjeåsen. Det var kun nokre få andre turister der då vi kom. 27.06.16.

Trappeklatreren vår oppe på trappa til det ytste bruket på Kjeåsen. 27.06.16. Dette bruket er til salgs. Legg merke til salgsplakaten bak Silje.

Trappa til det inste bruket var litt meir dekorert,  Kjeåsen 27.06.16.

Silje på trappa til det inste bruket, Kjeåsen 27.06.16.

Ved kjellerinngangen til det inste bruket på Kjeåsen, 27.06.16.

Fin blomsterpynt på Kjeåsen, 27.06.16.


Steindekorasjon. Dette er 2 kvernsteiner.  Kjeåsen 27.06.16.

Utsikt frå Kjeåsen mot Simadalsfjorden. Det kom ei regnbyge så det var litt grått vær.

Ida og Martin har satt seg ved uteplassen på Kjeåsen, 27.06.16.

Familieportrett på Kjeåsen 27.06.16.

Uteplassen foran det inste bruket på Kjeåsen. Det var ly for regnet under grana. 27.06.16.

Her er det ytste bruket på Kjeåsen, 27.06.16.

Kjeåsen, 27.06.16.

Gjekk ein tur  på stien nedover til utsiktspunkt nede ved stupet. 

Kjeåsen. Hytta til dagens eier ses til høgre i bildet. Det gjekk villsauer på marka.

Dei 2 bruka på Kjeåsen sett frå stien der den kjem opp til gardane.

Ein velkomstplakat møter folk som kjem opp den gamle stien til Kjeåsen.

Flott utsikt frå Kjeåsen mot Simadalsfjorden. Eidfjord ligg bak neset på venstre side av fjorden. 27.06.16.

Ida og Anne Torill på Kjeåsen 27.06.16.

Kjeåsen 27.06.16.

Villsau på beite på Kjeåsen, 27.06.16.

Her ser vi bardunane som held fast husa på Kjeåsen. Det kan nok vere svært kraftig vind her oppe om vinteren.



Restane av den motoriserte taubana som gjekk opp til Kjeåsen, 27.06.16.

Her er motorhuset til taubana, Det ser ikkje ut til at den har vore i bruk etter at bilvegen kom i 1974. Kjeåsen 27.06.16.

Kvernhuset til Kjeåsen låg like ved elva Åsåna som renn forbi. Liten vassføring der etter kraftutbygginga. 27.06.16. 

Kartutsnitt som viser vegen opp til Kjeåsen.

torsdag 23. juni 2016

Helleren i Jøssingfjorden, 23.06.16

Vi fortsatte turen nordover frå Flekkefjord. Dagens reisemål var Kongeparken Camping i Ålgård.
Vi køyrde FV 44 frå Flekkefjord. Denne vegen går langs kysten og er ein del av Nordsjøvegen. Nordsjøvegen er kystvegen frå Kristiansand til Haugesund. Meir info om Nordsjøvegen finnes på denne linken : http://www.nordsjovegen.no/ .
Vi passerte Åna-Sira før vi kom til Jøssingfjorden. Jøssingfjorden er kjent av fleire grunner. Den 16-Februar-1940 var det i Jøssingfjorden kamp mellom det tyske hjelpefartøyet "Altmark" og den britiske destroyeren "Cossack". "Altmark" førte 300 britiske krigsfanger og skipet ble bordet i Jøssingfjorden etter at det hadde søkt ly for britiske krigskip. Krigsfangene vart satt fri. Dette var før Norge var angrepet av Tyskland og hendelsen regnes som den utløsende årsk til den tyske okkupasjonen av Norge den 9-April-1940.
Jøssingfjorden er også utskipningsplass for ilmenitt frå selskapet Titania A/S. Produksjonen av ilmenitt skjer i eit dagbrudd lenger inn i landet. Dette er verdens største ilmenittforekomst med reserver på 400 millioner tonn. Titania A/S står for 10% av verdens ilmenittproduksjon. I Jøssingfjorden er det også kraftverk.
Og ikkje minst så er Jøssingfjorden kjent for Helleren. Dette er ein overhengande heller der det har vore fast bosetning sidan 1600-tallet. No står det fortsatt 2 hus som er frå 1800-tallet. Oppsitterne her var husmenn under garden Haneberg. Bygningane er utan taktekke fordi helleren beskytter bygningene for nedbør. Selve helleren er ca 60 m lang med eit overheng på 10 m, Helleren vart fråflytta på 1920-tallet.
Bygningene var eid av Titania A/S og gitt til Dalane Folkemuseum i 2002.  Det er P-plass, gangbru over elva og sti ned til husa under Helleren. Ved starten på stien er det ein kiosk og eit lite utsalg av lokale husflidprodukter.
Her er bilder frå vårt besøk på Helleren ("Hedlaren" på dialekt).  NB : Klikk på bildene for å få dei større.



Helleren, 23.06.16.

Silje på trappa til eit av husa under Helleren, 23.06.16.

Ved Helleren 23.06.16.

Ved Helleren.  Det renn ei elv like nedanfor husa og vi ser på dette bildet også nærheten til Jøssingfjorden.

Martin og Silje bak det eine huset under Helleren. 23.06.16.

Det ser ut til at folket har glemt igjen klesvasken. Her hang koppehandduk og langmakko til tørk.

Ida på trappa til det røde huset. Det var lav inngangsdør så folket som budde her var nok mindre enn Ida.

Martin skriv seg inn i besøksboka i det kvite huset. 23.06.16.

Helleren sett frå vest.  23.06.16.

Helleren, det røde huset.  23.06.16.


Helleren,  det kvite huset.  23.06.16.

Helleren sett frå plassen på sørsiden av elva. 23.06.16.

Helleren sett frå plassen på sørsiden av elva. 23.06.16.




Tar også med eit par bilder tatt før vi kom fram til Helleren.  Det eine viser den innerste delen av Jøssingfjorden sett frå FV 44 der vegen svinger seg ned til fjorden. Nede ved fjorden stod eit minnesmerke over kampen mot "Altmark". Meir om den interessante "Altmark"-saken kan leses på denne linken : https://no.wikipedia.org/wiki/Altmark-saken .


Utsikt ned til Jøssingfjorden, Helleren ligg innerst i fjorden på venstre side. Vi ser også fortsettelsen på FV 44 som kjem ut av tunnel oppe i fjellsida midt i bildet.  23.06.16.

Minneplate for kampen mellom den britiske destroyer "Cossack" og det tyske hjelpeskipet "Altmark" den 16-Feb-1940.


Til slutt er det 3 bilder som viser litt av den interessante vegen opp frå Jøssingfjorden. Gamlevegen er no i bruk som sykkelveg.


Her ser vi FV 44 som kjem ut frå tunnel i fjellsida ovanfor Helleren. 23.06.16.  Bildet er tatt frå P-plassen ved Helleren.

Her er eit bilde tatt litt lenger opp i dalen som viser traseen til den gamle vegen. Gamlevegen var delvis i tunnel med mange åpninger ut i fri luft.  I dag er denne vegen gjort om til ein flott sykkelveg.  23.06.16

Her ser vi kor gamlevegen går ut og følger fjellsida mot venstre, mens dagens veg går i tunnel rett fram. Vi ser også litt av kraftstasjonsanlegget og rørgate ned frå fjellet. Jøssingfjorden ses så vidt midt i bildet.  23.06.16.