M/F "EIRA" og den blå bølga som forsvann

Her er nokre bilder av M/F "Eira". Denne ferga vart bygd av Gdanska Stocznia Remontowa SA, Gdansk, Polen og levert til Fjord1 MRF i November 2002 for ruta Sølsnes - Åfarnes. 
På denne tida var det også skifte til nye farger på ferger og hurtigbåter for Fjord1 MRF.
"Eira" kom til Molde i slutten av November 2002 og hadde då fått påmalt ei blå bølge i baugen. 
Denne endringa på utseende til fergene i MRF falt ikkje i god jord i MRF-miljøet i Møre og Romsdal. Det var mange avisinnlegg mot denne fargesettinga av MRF sine ferger og kravet var å kutte ut den blå bølga på fergene. Alle fergene måtte vere svarte med kvitt overbygg må vite, slik som dei alltid hadde vore. Fjord1 gjekk tilbake på dette og fergene slapp å bli malt med blå bølge. Så vidt eg veit var det kun "Eira" av fergene som fekk blå bølge. Som vi veit fekk alle hurtigbåtane denne blå bølga på skroget og ingen klaga særleg på det. 
Uansett så vart den blå bølga på "Eira" overmalt ved kaia på Havneterminalen i Molde i god tid før skipsdåp og presentasjon av Fjord1 logo den 6.12.02.  Bildet mitt av "Eira" ved kai i Molde med blå bølge er derfor litt historisk. Har ikkje sett andre bilder av "Eira" med blå bølge, men det er vel ganske sikkert at nokon andre også tok bilder den gongen. Fargen var kun påmalt nokre dager i månadsskiftet november - desember 2002.  Mitt bilde er frå 30.11.02. Har også bilder frå skipsdåpen til "Eira" i Molde den 06.12.02.
Som vi veit vart ikkje "Eira" så mange år i ruta Sølsnes - Åfarnes. I desember 2008 vart ho bytta ut med "Julsund" på grunn av at sistnevnte hadde større åpent dekk og dermed kunne ta fleire vogntog enn "Eira". "Eira" gjekk til Magerholm - Aursnes og var der fram til Juni 2012.  Frå Juni 2012 har ho gått i ruta Aukra - Hollingsholm.
No er vel Havila største eier i Fjord1. Kanskje får vi snart ferger med grønt skrog og ein stor kvit H ? 

"Eira" med blå bølge ved Havneterminalen i Molde 30.11.02. 

"Eira" ved Havneterminalen i Molde 30.11.02. 

"Eira" ved Havneterminalen i Molde 30.11.02. Kan skimte blå farge også på yttersida. 

"Eira" ved Storkaia på dåpsdagen 06.12.02.

"Eira" ved Storkaia på dåpsdagen 06.12.02.

"Eira" ved Storkaia på dåpsdagen 06.12.02. Som vi ser er den blå bølga overmalt. 

Den nye Fjord1 logoen vart offisielt presentert i forbindelse med skipsdåpen til "Eira".

Klart for skipsdåp M/F "Eira", Molde 06.12.02.

Gudmora taler før Champagne-flaska vart "kasta" inn i skipssida. Molde 06.12.02.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar