Viser innlegg med etiketten Rådyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rådyr. Vis alle innlegg

mandag 24. mai 2021

Kveldstur til Nesje, 24.05.2021

Køyrde ein tur til Nesje i kveld. Her er det alltid noko å sjå langs vegen. På denne turen vart det bilder av ein flott rådyrbukk og eit par elger.  På Nesje finnes også leplanting med sitkagran. Desse står no i full "blomst" og er eit fargerikt syn. Skal ikkje seie så mykje om sitkagrana, men det er eit treslag som er på ei liste over "uønska" arter i Norge. 


Rådyr-bukk med flotte horn, Myran, Sør Nesje 24.05.2021. Det er tydeleg å sjå at den held på å skifte frå vinter til sommerdrakt.

Rådyr-bukk med flotte horn, Myran, Sør Nesje 24.05.2021.

Litt lenger opp på marka stod ein elgokse. Den passa på meg etter at eg gjekk ut av bilen, men fortsatte å beite etter ei kort stund. Myran, Sør Nesje, 24.05.2021.

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021.

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021. 

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021. Svært mange frø på denne greina til ei stor sitkagran.


På Myran hadde ei elgku dukka opp, Sør Nesje 24.05.2021.

Elgoksen stod på kne for å beite. Elgen må ofte gå ned på kne for å beite sidan den har såpass kort hals. Elgen beiter fortrinnsvis høgare opp i vegetasjonen i skogen ( i busker og tre ).

Elgoksen reiste seg og kika på meg etter ei stund. 


fredag 17. april 2020

Fugler og dyr på Nesjestranda - 17.04.2020

I år var det dårleg vær gjennom heile påska. I dag var det endeleg slutt på nedbøren og sola gløtta fram av og til. Tok meg ein køyretur til Nesje og deretter innover til Nordstranda. 
Det vart nokre bilder på ein slik tur. Det er mykje å sjå langs vegen om ein berre ser seg godt rundt. Gjekk ein liten tur på Fjærestien frå Tjønnholet til Nesjegjerdet og her fekk eg tatt bilder av årets første linerle. Linerla har komme til "rett" tid i år også, eit godt vårtegn.
Her er nokre av kveldens fauna-bilder frå Nesjestranda. Det er dyr og fugler som eg har tatt mange bilder av opp gjennom åra, men prøver å fange nye motiv på nye plasser på kvar tur. 

Ute i Vevarneset fekk eg tatt nokre bilder av eit rådyr-par som gjekk på marka i lag med eit grågås-par. Eit litt uvanleg vennepar. Dei trekte seg litt unna vegen då eg kom. 

Rådyrbukk, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrgeit, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.



Gjekk ein tur ned mot Tjønnholneset. Der dukka det opp ein linerle i fjæresteinane som ikkje var redd for å bli fotografert. 

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.


På Sør Nesje var det denne kvelden samling av grågås og 2 traner i dammen på marka til Lodve Nesje. Her har eg tidlegare fotografert havørn, så denne ferskvannsdammen nederst på marka er ganske populær. 

2 traner og ein flokk med grågjess, Sør Nesje, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde så innover til Nordstranda. På Nør Gribbestad vart eg møtt av ein hjort midt på vegen.  Hjorten var tydelegvis på tur over vegen, men vegra seg og gjekk tilbake på øversida av vegen til resten av flokken på øversida av vegen. Talte ca 20 hjorter på Nør Gribbestad denne kvelden.

Hjort i vegen. Her var det berre å stoppe bilen og fram med kameraet. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Etter ei lita stund gjekk hjorten over vegen og opp til flokken på øversida av vegen. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, 6 stk, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde litt vestover igjen og ville gjere eit forsøk på å fotografere hjorteflokken som har tilhold på Nør-Årset. Køyrde litt ned i sjøvegen og venta ca 10 minutt før den første hjorten kom ned på marka. Denne hjorten vart var meg og luska vidare nedover mot Nerbøen og vart borte frå meg. Etter ei stund kom det fleire hjortar ned på marka. Det vart totalt 8 stk. Dei vart også oppmerksom på meg, men fortsatte å beite. Dei trekte sakte nedover mot Nerbøen og kom vekk nedfor bakken. Køyrde opp igjen. På marka nedfor løemurane på Nør Årset gjekk det fortsatt ein flokk på ca 10 hjortar. Så totalt i allefall 19 stk her på grden.


3 hjortar har komme ned på marka på Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her vart dei var fotografen.  Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Dei sprang ikkje unna, men fortsatte å beite. Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort på beite, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her har 7 stk av flokken komme ned på marka, Nør-Årset, Nesjestranda, 17.04.2020.

Hjorteflokken var klar over meg, så dei gjekk unna og ned bakken til Nerbøen, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.
Tusen takk for titten !

søndag 16. juli 2017

Naturbilder frå Nesjestranda 16.07.17

Tok meg ein tur ut mellom regnbygene i dag. Sola kom fram og skein fint med ein flott regnbue som resultat. Prøvde å legge ut fleire bilder i album på Fb, men det såg ut til at bildefilane var for store. Gjer ein velkjent vri og legg ut bildene som blogginnlegg som eg kan dele på Fb utan noko filstørrelse-problem.  Alle bildene er frå heimtraktene mine på Nesjestranda.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Flott regnbue over Nesjestranda. 16.07.17.

Rådyrbukk på Berg, 16.07.17.

Vannlilje, Vikvatnet 16.07.17.

Multekart, Skålsetra, 16.07.17.

Multe, denne er vel klar til å plukkes ?

Ein ekstra stor (lang) Flekkmarihånd. Dette er ein av våre fine ville orkideer.

Flekkmarihånd dominerte i antall mange plasser.

Naturens eget hjerte ! 



Blogglistenhits

søndag 3. mai 2015

Stikk UT tur til Berghaugane, Aukra

Søndag 03.05.15 gjekk turen til Gossen, Aukra kommune. Stikk UT sesongen starta 01.05 og vi ville besøke nokre Stikk Ut poster som vi ikkje hadde vore på før. Det var mange å ta av på Gossen, 5 stk. Vi fekk med oss 3 stk denne dagen.
Dette er bilder frå første turen som gjekk til Berghaugane på Aukra. Start var på P-plassen ved Aukra kirke. Her var det sti til Aukraskogen. Vi passerte først dyrka mark og her låg det 4 rådyr og slappa av midt på marka. Dei var nok vant til folk og ferdsel for dei flytta seg ikkje sjølv om det gjekk mange folk på stien. Rådyra låg der fortsatt når vi kom tilbake frå turen.  Turen gjekk på fin sti i den idylliske Aukraskogen. Her var det blanding av furu, sitkagran og lerketre.
Dette var ein lett tur som også passa for familier med barnevogn.

Turen starta med passering av 4 rådyr som låg ganske så roleg på marka. Gossen er kjent for ein stor bestand av rådyr.  03.05.15.

Rådyr, Aukra 03.05.15.

Info-tavle for tur til Berghaugane, Aukra. 
Silje har funne sin bokstav : "S". 

Silje og Martin fann seg ei barhytte under greinene til eit lerketre.

Lerketre med nye skudd, Aukra 03.05.15.

Fin tursti mot Berghaugane, Aukra 03.05.15. Fjella i bakgrunnen er på naboøya Otrøya.

Her er vi ved Stikk UT posten på Berghaugane, Aukra. 

Info-tavle ved Berghaugen, Aukra. 

Pause og innskriving i turboka på Berghaugane, Aukra 03.05.15.

Martin og Silje kleiv opp på ein stor stein.

Berghaugane låg i nærheten av denne masta.

På vegen tilbake tok vi ein kort omveg for å besøke gapahuken i Aukraskogen.

Sitkagrana har svært harde og kvasse barnåler. Sitkagrana vart planta for mange år sidan og var brukt særleg som leplanting. I dag er sitkagrana eit tre som står på lista over treslag som ikkje høyrer heime i norsk natur og skal utryddes.

I Aukraskogen.

Rådyra var fortsatt på samme plass på marka i det vi kom tilbake til utgangspunktet. 

Rådyra var fortsatt i kvilemodus. Heime er det ikkje vanleg å sjå rådyra slik midt på dagen.