lørdag 11. juli 2020

Pop Up Maleriutstilling på Veøyheim - 11.07.2020

I helga var det Pop Up Maleriutstilling på ungdomshuset Veøyheim på Nesjestranda. Det var Grethe Talset Eidem som stilte ut malerier frå egen produksjon dei siste 1 1/2 åra. Grethe begynte å male som terapi etter alvorleg sjukdom. Og jammen har ho blitt flink ! Dette var ei salgsutstilling og mange av verkene fekk ny eier. Var ein tur og såg på utstillinga på lørdag 11.07.2020.  Her var det mange som hadde tatt turen for å sjå på bildene. Ved ankomst vart vi servert velkomstdrink, sider med jordbær til. På forespørsel fekk eg tillatelse av malerinnen til å ta nokre bilder, som hun også kan benytte. Ellers er det vel allerede lagt ut mange fine bilder på Fb. Her er i allefall nokre av mine bilder frå utstillinga.  Del gjerne innlegget. 


Plakat på Skålasenteret, 07.07.2020.


Plakat for Pop Up Maleriutstilling foran ungdomshuset "Veøyheim" på Nesjestranda 11.07.2020.

Pop Up Maleriutstilling på "Veøyheim", 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020. Her er det brukt bladgull.


Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Utstillingslokalet på Veøyheim, 11.07.2020.

Utstillingslokalet på Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.


Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020. Her er det brukt bladgull for å få fram den rette fargen.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020. Her er det brukt bladgull for å få fram den rette fargen.

Maleri av Grethe Talset Eidem, Veøyheim, 11.07.2020.

Utstillingslokalet på Veøyheim, 11.07.2020.


Grethe Talset Eidem ved sitt største maleri på utstillinga.


Grethe Talset Eidem ved sitt største maleri på utstillinga.

Grethe snakker med ein anna lokal kunstner, musikeren og sangeren Finn Erlandsen. 

tirsdag 7. juli 2020

Frilandsgriser på Flovik Gård, Nesjestranda

Flovik Gård har i sommer 5 stk flotte griser på oppforing. Disse går ute i det fri og lever det gode liv i Flovika.  Var ein tur og kikka på grisane i dag. Dei hadde vokse seg store sidan første gong eg såg dei tidlegare i år. Grisane hadde roa seg ned for kvelden og låg i ro i sine egne groper i jorda. Dei 5 grisane har fått egne navn. Det er 3 hanner som heiter Aslan, Tumnus og Edmund og 2 hunner som heiter Susan og Lucy.
Dette er griser av rasen "Noroc" som er framavla av Gilde Norsk Kjøtt og Norsvin.  Kjøtt frå denne rasen markedsføres under merkenavnet "Edelgris". 
Men, det går mot slutten for dette grisekullet. Grisane blir slakta i Juli/August og etter det kjem det nye grisungar som skal vekse seg store og feite til Jul.  Den som vil kan ta kontakt med Flovik Gård og bestille svinekjøtt av "Edelgris". 
I tillegg har Flovik Gård ein Markedshage der ein utover høsten kan kjøpe forskjellige typer grønsaker, salater, poteter o.l.

Frilandsgriser på Flovik Gård, 07.07.2020.

Frilandsgriser på Flovik Gård, 07.07.2020.

Frilandsgris på Flovik Gård, 07.07.2020. 

Frilandsgris på Flovik Gård, 07.07.2020. Grisane elsker å grave i jorda.

lørdag 4. juli 2020

Stikk UT tur til Åmotan i Sunndal Kommune 04.07.2020

Lørdag 04.07.2020 tok vi turen til Øvre Sunndal for å gå turen til elvejuvet Åmotan. Vi hadde sett mange andre som hadde lagt ut bilder og skrytt av den turen. I tillegg stod det ei stor reportasje frå Jenstad i Romsdals Budstikke 27.06.2020.
Åmotan betyr elvemøtet og er namnet på juvet der elvene Linndøla, Reppa, Grøvu og Svøu/Grødøla møtes. I Åmotan er det 3 store fossefall som alle ligg høgt på lista over verdens høgaste fossefall. Dei 3 fossane heiter Svøufallet, Reppfallet og Linndalsfallet. Det er kun dei 2 første fossane ein ser frå Jenstad og nede i juvet er det kun Svøufallet som er synleg, Dette er eit dramatisk landskap som er gravd ut av elvene i mellomistidene og  i etterkant av den siste istiden. Her ser vi godt U-daler som er gravd ut av innlandsisen og V-daler som er gravd ut av elvene.

På Jenstad er det ein stor parkeringsplass. Det er parkeringsavgift på kr 30 for dagsbesøk. Det er moderne betalingsautomat der ein kan betale med bankkort. Stien ned til Åmotan starter her.  Stien går bratt nedover, først langs dyrka mark så vidare nedover i tett skog. Ved første stidele tok vi til høgre mot Svøufallet. Dette er den store fossen som vi kjem nærmast inntil i Åmotan. Frå utsiktspunktet mot Svøufallet nederst i Åmotan fulgte vi stien eit stykke oppover elva og fann Stikk UT posten. Frå Stikk UT posten kan ein gå stien rett oppover bratte sida og kjem tilbake til det før nevnte stidelet. Så kan ein gå samme vegen opp til P-plassen igjen eller ta til høgre og gå opp til utsiktspunkt for Reppfallet. Vi valgte å gå opp igjen via utsiktspunktet for Reppfallet og fekk dermed ein mykje finare rundtur.
Nede i Åmotan var det flott utsikt til fossen Svøufallet. Fossen Svøufallet er på 156 m med totalt fall 313 m. Nederst i fossen var det ein flott regnbue. Vi gjekk så litt lenger oppover elva og fann Stikk UT posten like ved brua over elva. Etter å ha registrert Stikk UT koden gjekk vi over elva på "Jenkabrua". På andre sida av elva ( den som kjem frå elvene Reppa og Linndøla ) gjekk vi til venstre og fann ein fin rasteplass. Her er det gapahuk, benker og bålpanne. Den mykje lengre Stikk UT turen om Åmotan Lundlia går også over brua, men då må ein ta til høgre etter brua. Den turen får bli ein annan gong.
Etter matpause på rasteplassen gjekk vi over elva og tok stien bratt oppover igjen. Her var det ordna til trapp i den brattaste delen. Ellers var stien godt sikra med kjetting på begge sider, så ingen fare sjølv om det var bratt terreng. Vi tok så til høgre ved stidelet og gjekk opp til dyrkamarka på nedre Jenstad og vidare opp til utsiktspunktet til Reppfallet. Denne fossen i elva Reppa er 94 m høg og er godt synleg frå Jenstad. Den kanskje flottaste fossen i Åmotan er Linndalsfallet, men den kan ein ikkje sjå frå Jenstad. For å sjå Linndalsfallet må ein gå mellom 1.5 og 2 km langs vegen opp på fjellet.

Turen vår til Åmotan vart ca 2.1 km og vi brukte ca 2 timer inkludert mange fotostopp og matpause.

Men tilbake på Jenstad var det besøk hos Åmotan Jenstadhaugen Kafé. Den ligg like ved P-plassen og starten på stien ned til Åmotan. I kaféen fekk vi kjøpt oss kaffe, brus, is og gode kanelsnurrer. Her var det gratis påfyll av kaffe. Kaféen er verkeleg eit godt tilbud til alle som går turen til Åmotan. Den anbefales på det varmaste. Kaféen er åpen kun i helgane. Du finn meir informasjon om kaféen på FB-siden :  https://www.facebook.com/%C3%85motan-Jenstadhaugen-Kaf%C3%A9-962052650556668

Frå Jenstad køyrde vi ned til elva og tok vegen opp til Svisdalen / Grødalen. Tok eit fotostopp i første svingen like ved der Svøufallet starter. Her var det flott utsikt ned til sletta Vetleenget i Åmotan der vi nettopp hadde vore og over til Jenstad.

Her er det totalt 53 bilder frå turen. Det er også 2 kartutsnitt nederst i innlegget, der det eine er Stikk UT kartet.

Spent jente klar for turen ned til Åmotan, 04.07.2020.

Vegvisar ved P-plassen på Jenstad der stien ned til Åmotan starter.

På stien nedover mot Åmotan. Stien går først i kanten av dyrka mark. Rett fram ser vi  mot Grøvudalen. 

I det vi passerte dyrkamarka på veg ned til Åmotan fekk vi eit siste glimt av fossen Reppfallet. Nokre sauer gjemmer seg i det lange graset.

Utsikt over dalen til Fjellgardane i Svisdal. Til venstre for der vegen svingar går fossen Svøufallet. Fossen er skjult frå denne retninga.

Stien ned mot Åmotan fortsatte i bratt skogsterreng.

Martin ved stidele til fossen Svøufallet.

 Vegvisar til fossen Svøufallet.

Fekk etter kvart klar utsikt mot Svøufallet.

Silje og Martin tek ein pust i bakken før vi går heilt ned i Åmotan.

Flokken samla på eitt av utsiktspunkta mot fossen Svøufallet. Flott regnbue nederst i fossen.

Flokken samla på eitt av utsiktspunkta mot fossen Svøufallet. Flott regnbue nederst i fossen.

Svøufallet. Flott regnbue nederst i fossen.

Selfie ved Svøufallet. 04.07.2020.

Martin ved Svøufallet, Åmotan, 04.07.2020.

Silje i Åmotan. Her var det vegvisarar og informasjonsskilt.

Silje i Åmotan. Her var det vegvisarar og informasjonsskilt.

På stien vidare til Stikk UT posten var det bygd ei trapp ned ein berghammer. Spennende sti for gammel og ung.

Silje har funne Stikk UT posten i Åmotan, 04.07.2020. Det var satt opp eit toalett like ved postkassen.

Like ved Stikk UT posten var det bru over elva. Elva her kom frå dei to elvane Reppa og Linndøla. 

Bru over elva "Jenkabrua".  Åmotan 04.07.2020.

Silje på veg over "Jenkabrua". Litt spennende å gå sidan det var litt bevegelse i brua.

Vi tok oss matpause ved rasteplassen i Åmotan.

Silje sjekka temperaturen i elva. Det var kaldvatn !

Resten av bildene er tatt på turen opp igjen frå Åmotan. I tillegg så er det bilder frå Åmotan Jenstadhaugen Kafe og nokre bilder av Åmotan og Jenstad frå vegen opp til Svisdal.


Dei tre bukkene Bruse går over Jenkabrua i Åmotan.

4 stk på bratt sti opp frå Åmotan. 

3 stk tar ei lita kvilepause ( og fotopause ) i den bratte stien opp frå Åmotan.

Opp den brattaste delen var det bygd trapp. Her var det også kjetting til å holde seg i. 

På tur opp trappa. 

Anne Torill oppe i den bratte stien. Det var godt med kjetting som sikring. Ein spennende sti for gammel og ung. 

Då har vi komme opp på dyrka mark på nedre Jenstad. Flott utsikt mot Svøufallet og Fjellgardane i Svisdal.

Utsikt frå Jenstad mot Svøufallet og Fjellgardane i Svisdal. Her ser vi svingen i vegen rett ved der fossen starter.

Vi passerte dette koselige gamle bygget som var lager for hesjestaur. Terrenget er godt utnytta. Dyrka marka er sikra mot stupet med steingard.

Nedre Jenstad Gård.

Utsikt mot Reppfallet. Dette er tatt frå utsiktspunktet ved nedre Jenstad Gård. 

Reppfallet er ikkje så bratt som Svøufallet, men er fortsatt veldig imponerande med sitt fall på 94 m.

Utsikt mot Reppfallet og elva Reppa.

Flott gardstun på nedre Jenstad.

Gammelt våningshus på nedre Jenstad. 04.07.2020.

Gammelt våningshus på nedre Jenstad. 04.07.2020.

Tyrihjelm på Jenstad.

Tyrihjelm på Jenstad.

Her er Åmotan Jenstadhaugen Kafé på Jenstad.

På veg inn til Åmotan Jenstadhaugen Kafé.

Uteservering på trivelige Åmotan Jenstadhaugen Kafé i sommervarmen, 04.07.2020.

Åmotan Jenstadhaugen Kafé.

Kort veg frå Åmotan Jenstadhaugen Kafé til Parkeringsplassen på Jenstad.

Her er det nokre bilder tatt frå vegen opp til Svisdalen.  Vi tok eit fotostopp i første svingen der vegen ligg heilt inntil toppen av fossen Svøufallet. Her var det flott utsikt til Åmotan og over til Jenstad.

Her er elva Svøu på veg utfor Svøufallet. Her går det rett ned i Åmotan. Foto frå svingen i vegen opp til Svisdalen.

Svøufallet. Som så mange andre plasser i Norge har vegetasjonen grodd og utsikta til fossen har blitt dårlegare. 

Utsikt ned til Åmotan. Vi ser sletta med turstien der vi gjekk tidlegare i dag.

Utsikt frå vegen til Svisdalen over mot Jenstad. 04.07.2020.

Utsikt frå vegen til Svisdalen over mot Jenstad. Åmotan Jenstadhaugen Kafé er i bygninga heilt til venstre i bildet.

Ei flott samling med prestekrage. Frå svingen i vegen opp til Svisdalen.

Kart som viser Stikk UT turen til Åmotan. Vi gjekk ei litt anna rute opp igjen.
Kart over Åmotan og Jenstad. Her ser vi kor dei 3 store fossefalla er i terrenget.