fredag 26. desember 2014

Vinter på Romsdalsmuseet

2 juledag var vi i Molde og gjekk Julemarsjen. Vi gjekk då forbi Romsdalsmuseet og etter mykje snø siste natta var det eit heilt fantastisk vinterlandskap der. Mesteparten av området var heilt uberørt etter siste snøfallet. Vaspa meg ein tur inn på området og fekk tatt nokre flotte vinterbilder som vist nedenfor.


Martin og Ida i bygata på Romsdalsmuseet 26.12.14.

Bygata på Romsdalsmuseet, Molde 26.12.14.

Dette er Lassebua, butikken til LasseVik, Nesjestranda, Romsdalsmuseet 26.12.14.

Hammervoll-løa, Romsdalsmuseet 26.12.14.


Hammervoll-stua, Romsdalsmuseet 26.12.14.


Stabbur frå Ytre Eide, Eidsbygda, Romsdalsmuseet 26.12.14.

Stabbur frå Åsen på Nesjestranda,  Romsdalsmuseet 26.12.14.


Vistdalssmia, smie frå Meland, Vistdal,  Romsdalsmuseet 26.12.14.




søndag 9. november 2014

Trimtur Stensådalen - Kråna med retur om Flovikdalen

Har i dag gått endå ein tur som er merka i regi av Skåla Helselag. Denne gongen gjekk turen stort sett på lettgåtte skogsveger med litt sti mellom. Starta turen på RV64 og gjekk skogsvegen til Stenså-dalen. Passerte stidele til stien om Knuthytta der Stensåbakken låg (hoppbakken som no er revet). Fortsatte langs skogsvegen til Kråna. Der er det god blå merking vidare på sti opp gjennom tett granskog. Kryssa etter ei kort stund Stensåelva og fortsatte på stien opp til skogsvegen i Flovikdalen. Derifra gjekk eg ned igjen etter denne skogsvegen og endte opp ved Skyttarhuset "Glåmå".
Turen kan naturlegvis gåes i begge retninger. Dette er vel ein typisk trimtur, for her mangler den flotte utsikta vi har ellers på turane i dette området. Ellers håper eg Helselaget vil ordne med postkasse og navneskilt også i Kråna som er omtrent halvvegs på turen. Kråna kan vere eit turmål i seg sjølv som ikkje er for langt å gå ( mindre enn 30 min gange ). Heile turen tar i underkant av ein time i vanleg gangfart. Denne turen passer også fint til jogging for her er det stort sett fint terreng og gresskledd skogsveg i motsetning til Kamvegen som no er berre stein og røtter.

Start på skogsvegen til Stensådalen ved RV 64.   09.11.14.

Kort tid etter start passeres dette stidelet ved hoppbakken. Fortsett rett fram i retning Stensådalen.

Her stopper skogsvegen i tett granskog i Kråna. Følg blå merker på sti vidare oppover. 09.11.14.

På sti opp gjennom granskogen i Kråna. 09.11.14.

Stien passerer her Stensåelva.  09.11.14.

Stien frå Kråna kjem opp på skogsvegen i Flovikdalen. Her kan ein fortsette oppover Flovikdalen til Floviksetra og Horja, eller gå ned igjen etter skogsvegen slik som eg gjorde.  09.11.14.

På skogsvegen i Flovikdalen. 09.11.14.

Utsikt nedover skogsvegen i Flovikdalen. Vi ser Nord-Nesje rett fram. 09.11.14.

Her starter skogsvegen til Flovikdalen ved Skytterhuset "Glåmå" på Nesjestranda. Skytterhuset tilhører Nesjestranda & Skåla Skytterlag.  09.11.14.

Helselaget har også merka starten på denne skogsvegen nede ved Skytterhuset. 09.11.14.
 
Kartutsnitt som viser turen Stensådalen - Kråna - Flovikdalen. Total lengde i kart var 3.6 km.



torsdag 6. november 2014

Haust-tur på Nesjestranda

Torsdag 06.11.14 vart ein svært fin dag med sol frå blå himmel og fin temperatur. Har ikkje vore flink med turgåing dei siste månadene, men ville no ta ein tur og sjå på ein av dei nyoppmerka stiane i marka. Gjekk opp om Paradiset og tok stien forbi Knut-hytta ("Kvila") og vidare oppover. Her hadde det komme opp ein del ny oppmerking. Stien var merka i knallgrønn farge. Fortsatte oppover til ny postkasse på stiens høgaste punkt ved Fuglleiken (341.5 moh). Dette er ein rygg som går på sørsida av Heian og ender opp ned mot Horgamyra og Jørgenskvetten.  Merkinga er satt opp i regi av Skåla Helselag.
Eg gjekk vidare forbi Horgamyra og til Bergssetra. Returen gjekk på skogsvegen tilbake til Nør-Berg og vidare ned Bergsvikvegen og heim til Havnevik.  Total turlengde vart 9 km. Dette er ein tur som eg har gått ganske mange gonger i løpet av mange år, men artig at den har blitt bedre merka og dermed også meir brukt.    Her er nokre bilder tatt på turen.

Pleier å stikke bort for å sjå på den vakre reinlaven som veks på ein spesiell plass i Hamnaviknøsa, langs turstien forbi Knut-hytta. Det finnes fleire typer reinlav, dette er mest sannsynleg typen som heiter Kvitkrull.  Her er den spesiellt flott og frodig. 06.11.14.

Reinlav / Kvitkrull, Nesjestranda 06.11.14.

Utsikt over Hamnavikdalen mot deler av Nesjestranda. 06.11.14.

Stien har blitt merka med grønn farge. Her på ein gammel tørrgadd med bytmerke. 06.11.14.

Stidele, rød merking mot Floviksetra, grønn merking mot Jørgenskvetten. 06.11.14.

"Selfie" ved postkassa på stiens høgaste punkt, 341.5 moh. Denne plassen heiter på kartet "Fuglleiken" og det er stor sannsynleghet for at orrhanen spiller oppe på denne åsryggen.

Det var kjøleg i lufta sjølv om sola skein. Det var snø og rim i baksidene der sola ikkje hadde varma nok.

Kald idyll på myra. 06.11.14.

Med utsikt mot LitleSkåla. 06.11.14.

Nye skilt der stien møter stien opp til Floviksetra frå Berg like vest for Horgamyra.
 
Horgamyra sett frå sørvest. 06.11.14.


Liten dam i Horgagrova der bekken renn roleg nede på Horgamyra  Jørgenskvetten som er henvist til i stimerkinga var ein dam i Horgagrova heilt vest på Horgamyra som Jørgen Mork laga til i si tid. Den var brukt som fiskedam. Men dammen brast ein gong det var stor vassføring i Horgagrava, så det vart vel ikkje meir av den fiskedammen. Jørgen Mork hadde hytte litt lenger ned langs skogsvegen som går opp til Bergssetra, så han hadde ikkje så lang veg å gå opp til dammen. Kartet i boka "Stadnamn i Molde Kommune" viser feil plassering på Jørgenskvetten der den har fått plassering nesten heilt oppe i Horgaskaret. Ein kan fortsatt sjå restane etter dammen ved Horgagrova heilt sørvest på Horgamyra.

Horgamyra sett frå øst. Stien kjem ned i skaret til venstre i bildet.

Utsikt ned mot Bergsviksetra. Bildet er tatt på stien mot Bergssetra. 06.11.14.

Gammel seterstøl på Bergssetra. På Bergssetra var det seterdrift heilt fram til 1947.

Utsikt frå Litlehorga vest for Bergssetra. Vi ser mot Vikvatnet og Veøya ute på fjorden. 06.11.14.

Eit flott lerketre skiller seg ut frå resten av barskogen. Utsikt mot Vikvatnet og fjellet Tarløysa.

Flott fargekontrast.

Kaffepause ved hytta "Bua" rett opp for Vikvatnet. 06.11.14.

Hytta "Bua" ligg i skogen rett opp for Vikvatnet like ved skogsvegen til Bergssetra. Dette var hytta til Jørgen og Ane Mork. Dagens eier er Gjermund Bergsvik. 06.11.14.

Kartutsnitt som viser denne turen. Totalt utmålt lengde i kart var 9.0 km.
http://kart.gulesider.no/m/hJm4f

onsdag 1. oktober 2014

Fuglebilder 2014

Fuglebilder 2014 :

05-JUN-2014 :  FLAGGSPETT

Flaggspett-hull med unger, Osvatnet 05.06.14.  Fint utforma spettehull.

Flaggspettforeldrene var svært høgrøsta på grunn av at eg var attmed reirtreet.  05.06.14.

Flaggspettforeldrene var svært høgrøsta på grunn av at eg var attmed reirtreet. 05.06.14.



03-JUN-2014 :   STRANDSNIPE

Strandsnipa trykker på reiret som er godt skjult på bakken, Hegneshagen, Nesjestranda 03.06.14.

Strandsnipa trykker på reiret. Dette bildet er tatt på ca 2.5 meters hold. Hegneshagen, Nesjestranda 03.06.14.
29-MAI-2014 :    SANDLO

Sandlo, Holmaleira, Nesjestranda 29.05.14.


Sandlo, Holmaleira, Nesjestranda 29.05.14.
24-MAI-2014 :   GAUK

 
Gauk,  Hegneshagen, Nesjestranda 24.05.14.


Gauk, Hegneshagen, Nesjestranda 24.05.14.