fredag 28. oktober 2022

Treningskamp Molde FK J12 - Skåla J12 på Råkhaugen, 28.10.2022

Årets siste fotballkamp for Skåla IL J11 vart ein treningskamp mot Molde FK på kunstgressbanen på Råkhaugen i Nordbyen, Molde. Kampstart var kl 17 om kvelden. Det var skodde/tåke og tidvis dårleg sikt på banen. Men med flomlys på banen gjekk kampen som normalt. Det vart eit målrikt oppgjer der Molde trakk det lengste strået og vann 7 - 6.  Det var dårleg fotolys, så det vart ikkje så mange bilder frå kampen, men her er nokre tatt tidleg i 1 omgang frå min plass ved sidelinja. Neste sesong heiter laget Skåla J12.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. Lagene hilser før kampen.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022.  Silje og laget er klar til å ta avspark.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. Synne.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. 

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. 

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. 

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. Silje.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022. Synne i farta.

Molde FK J12 - Skåla IL J12, Råkhaugen Kunstgressbane, Molde 28.10.2022.  Jentene er klar til å starte i 2. omgang.


tirsdag 11. oktober 2022

Solemdal Vassag - Dokumentasjon på dugnadsarbeid, sommer og haust 2022

Det har gått lang tid sidan min forrige oppdatering av dugnadsarbeid ved Solemdal Vassag. Forrige innlegg var om skogryddinga hausten 2021. I det innlegget står det også ein del om historien til Solemdal Vassag. Sjå innlegget her : 

Ein god del har skjedd også i 2022. Solemdal Vassag har fått kulturstøtte i form av tilskot frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Tilskotet frå Kulturavdelinga i Fylkeskommunen er til kulturminnevern av tekniske og industrielle kulturminne.  
13 januar 2022 opplevde vi ein storflom i Fransetgrova. Aldri før har vel elva vore så stor. Det medførte også ein del ekstra problem for Solemdal Vassag, vassrenna fekk ytterlegare skader etter at vassmengden vaska ut ei av dei bærende støttene. Verst gjekk det ut over Grønnesvegen og brua over Fransetgrova. Vassmengden vart for stor og vaska ut brua slik at store steiner falt ned. Grønnesvegen  vart stengt for gjennomgangstrafikk heilt til 4. mai. Ein gammel fergelem vart då lagt over som ny bru.
Uansett har vi fått rydda skogen på austsida av Fransetgrova i løpet av våren.

Dette innlegget inneholder dokumentasjon på dugnadsarbeid gjort i sommer og haust.

I juli starta arbeidet med å få på plass ein av bærestavene på saga der steinfundamentet hadde glidd ut. Ein ekstra stav hadde blitt satt inn for å holde oppe bjelken midlertidig. Men som del av tilstandsvurderinga frå Romsdalsmuseet skal den gamle staven på plass igjen.

Arbeid med vassrenne og sagdam har vore vanskeleg i sommer og haust på grunn av stor vassføring i Fransetgrova. Det har stort sett vore nedbør og elva har vore stor.

Dette innlegget er laga for å dokumentere dugnadsarbeid som er gjort. Dette er viktig med tanke på søknader om tilskot og støtte.  Dere får ha meg unnskyldt om det blir mange bilder og mange detaljer.

Viser først eit nytt bilde som viser Solemdal Vassag etter at vi fekk eit banner Møre og Romsdal Fylkeskommune. På bannerert står det : "Vi bidrar med støtte til bevaring av dette kulturminnet ".

Solemdal Vassag med banner frå Møre og Romsdal Fylkeskommune som støtter prosjektet, 06.10.2022.


Bildene nedenfor er lagt ut slik at dei eldste bildene kjem først og dei nyaste sist i innlegget (kronologisk rekkefølge).

Dugnad 07.07.2022 : Arbeid med å rydde steinfundamentet til bærende stav.

Arbeid med å dra opp store steiner som hadde sklidd ut under den eine bærestaven på saga. Ein ny stav var satt opp midlertidig for å holde bjelken på plass. Veggen hadde også blitt pressa ut .

Den største steinen i steinfundamentet til staven er dratt opp. Men underst er det ein endå større stein som også ligg veldig skeivt. Den må rettes opp før vi kan støype nytt betongfundament.

Dugnad 29.07.2022 : Arbeid med å rette opp den store steinen som underlag for bærende stav.

Her har vi klart å rette opp den største steinen i steinfundamentet til den bærende staven. For å få godt feste til betongfundament må vi lage det stort nok til å dekke mesteparten av denne steinen. I tillegg har vi fått borra hol i steinen for å bruke jern til forsterkning av betongen. 29.07.2022.

Dugnad 04.08.2022 : Bygging av forskaling til nytt fundament.

04.08.2022 : Vi har starta arbeidet med bygging av forskaling til nytt stavfundament.

04.08.2022 : Forskalinga er ferdig. Staven heng i lufta over. Vi skal bruke stein mellom betong og stav.

Dugnad 05.08.2022 : Støyping av betongfundament til stav.

Støyping av betongfundament. Ove stilte med bensindrevet generator og sementblander og blanda betongen som trengtes.  05.08.2022.

Vi har begynt støypejobben.

Ferdig med støypejobben. Vi har fått eit plant betongfundament til underlag for den bærende staven på saga. Dette er likt med arbeidet som er gjort på fleire av dei andre stavene som er deler av reisverket til saga. Den lyse planken til venstre har holdt oppe bjelken så langt som midlertidig løsning.

Dugnad 17.08.2022 : Plassering av bærende stav på nytt betongfundament.

17.08.2022 : Då har vi fått hjelp av Knut Olav til å jekke opp saga slik at vi har fått plassert den opprinnelege staven på plass. Ein stein er plassert mellom staven og fundamentet.


Dugnad 18.08.2022 : Gravemaskinarbeid, opprydding i terrenget på øversida av vassaga.

Magnar er godt i gang med å rydde opp uteområdet bak vassaga. Her var det ulendt terreng med store røtter, steiner og gamle trestokker. 

Magnar i arbeid med gravemaskin, traktor og tilhenger.

Magnar i arbeid med gravemaskin, traktor og tilhenger.

Magnar i arbeid med gravemaskin, traktor og tilhenger.

Magnar har fått køyrt vekk det meste og planert området.


26.08.2022 : Dugnad på vassrenne.

Dette er enden av vassrenna. Ein hengsla lem vart løfta opp for å stoppe vasstilførselen til vassrenna. Vassrenna må her repareres og forlenges opp til demninga.

Øverste del av vassrenna går over Fransetgrova. Vassrenna har sige ned på grunn av langt spenn og må jekkes opp for å få rett fall til vatnet.

Vassrenna var her saga av for å hindre at vatn frå elva skulle gå i renna og starte opp vasshjulet.

Storflommen 13.01.2022 vaska vekk underlaget til den nærmaste støtta. Her er vassrenna løfta opp og i vater og støtta er montert som før.

Etter å ha gravd bort masse ned til blåleira, vart støtta satt opp igjen med steiner som fundament. Støtta måtte forlenges sidan plassen den kvilte på før var blitt vaska ut.


Dugnad 02.09.2022 : Gravemaskinarbeid i Sagdammen.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen. Sagdammen var neste heilt full av grus og sand som hadde komme med elva. Plana er å tømme dammen for løsmasser og reparere demninga.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen. Stein og løsmasser frå dammen blir brukt til å forsterke demninga.

Magnar i arbeid med gravemaskin i sagdammen. Det må fortsatt graves ut meir før vi kan starte arbeid med reparering av demninga.


Dugnad 27.09.2022 : Bålbrenning.

All skog som ikkje kunne brukes til ved vart lagt i ein stor haug for brenning. Haugen med greiner og kvister har blitt komprimert ganske mykje sidan vi starta med skogrydding i fjor haust. Men kvisthaugen var svært rå etter mykje nedbør i sommer og haust og vanskeleg å få skikkeleg fyr på.

Magnar kom med noko tørr honflis som fekk fart i bålbrenninga.

Vi har fått bra med fyr på bålet.

Her er bålet nesten brent opp.

Vassrenna etter dugnadsarbeid tidlegare i haust :

Vassrenna etter at vi har montert ny renne der renna var saga av og etter at vi har montert nye støtter der renna går over elva.

Vassrenna etter litt reparasjonsarbeid.

Solemdal Vassag med banner frå Møre og Romsdal Fylke, 06.10.2022 :

Banner frå fylket vart hengt opp 03.10.2022. Disse bildene er tatt 3 dager seinare.

Solemdal Vassag med banner frå fylket : "Vi bidrar med støtte til bevaring av dette kulturminnet ".

Solemdal Vassag med banner frå fylket : "Vi bidrar med støtte til bevaring av dette kulturminnet ".

Solemdal Vassag med banner frå fylket : "Vi bidrar med støtte til bevaring av dette kulturminnet ".

Solemdal Vassag med banner frå fylket : "Vi bidrar med støtte til bevaring av dette kulturminnet ".

Oversiktsbilde, Solemdal Vassag og Grønnesvegen med ny bru / fergelem over Fransetgrova, 06.10.2022.


Gravemaskinarbeid, utgraving av Sagdammen og elvesikring av Fransetgrova, 06.10.2022 :

Marvin har gjort meir gravemaskinarbeid i sagdammen og fått laga sterkare sikring mot Fransetgrova.

Marvin har lagt opp mange større steiner til elvesikring for å hindre vatn frå elva å renne ned mot saga.

Det er stor vassføring i elva og vi håper no at vatnet skal halde seg i elvefaret.

Det er stor vassføring i elva og vi håper no at vatnet skal halde seg i elvefaret.

Terrenget har blitt rydda og vil fremstå mykje bedre enn før. No er det også enklare tilkomst til vassrenna i forbindelse med reparering av den. Til våren blir det grønt og fint.

Elva renn fritt ut gjennom åpninga i demninga. 

Vassrenna har blitt jekka opp og fått nye støtter midt i bildet.


Nokre bilder frå 11.10.2022 :

11.10.2022 : Endå meir vatn i Fransetgrova denne dagen. Her ser vi enden av vassrenna. Vassrenna skal forlenges opp til demninga.

11.10.2022 : Stor vassføring i Fransetgrova. 

11.10.2022 : Stor vassføring i Fransetgrova. Vi ser også "nybrua" over Grønnesvegen.