tirsdag 10. mai 2011

Tur til Dombås og Dovrefjell

29.04.11 :
Fredag 29.04.11 tok vi turen til Dombås og Dovrefjell Hotell. Molde Marsjklubb skulle feire 30-årsdag med turmarsj og jubileumsmiddag denne helga. Det vart ei flott helg med kjempefint vårvær. Det var uvanleg varmt for årstida.

30.04.11 :  
På formiddagen køyrde eg ein tur opp til Fokstua. Tok ein liten tur i den oppmerka plankestien på Fokstumyra. Observerte både jordugle, sivspurv, bekkasin og lemen. Det var lite snø igjen på Dovrefjell, men våren hadde ikkje starta endå, ingen grønne spirer å sjå. Det var også lite fugleliv endå. Her er nokre bilder frå turen :

Observasjonstårnet på Fokstumyra.

Denne jordugla flaug forbi mens eg stod oppe i observasjonstårnet.

I mesteparten av den merka stien på Fokstumyra er det lagt planker.

Kart over Fokstumyra.

Fokstua Stasjon

Illsint lemen ved Fokstua Stasjon. Det er lemen-år i fjellet.


Dro tilbake til Dovrefjell Hotell på Dombås for å gå turmarsj i lag med dei andre medlemmene i Molde Marsjklubb.Det var lite oppmøte, men vi var vel 17-18 stk som gjekk marsjen (PV) på Dombås.
Før start på turmarsjen. Martin, Ida og Klara på trappa foran hotellet.

Turmarsj, PV på Dombås, vi passerer under Raumabanen.


Klara, Ida og Martin ved ein foss vi passerte under turmarsjen.

Fortsatt kraftig tjukk is i elva på Dombås. 

Dovrefjell Hotell,  Dombås
Om kvelden var det velkomstdrink i peisestua på hotellet. Deretter var det flott middagsbuffet. Etter oss kom det 2 busslaster med koreanere som også skulle ha middagsbuffet. Det vart derfor mange gjester på hotellet denne helga. Dovrefjell Hotell vart bygd som sjukehus av tyskarane under 2. verdenskrig. Det har blitt bygd på og forandra mange gonger og har blant anna eget svømmebasseng. Ungane var i bassenget på fredagskvelden og igjen på lørdag.

Ida og Anne Torill i peisestua på hotellet.
 
01.05.11 :

Vi køyrde heimover over Dovrefjell og Oppdal. På turen over fjellet var vi igjen heldige og fekk sjå lemen. Det var stor stas for ungane. Lemen er morsomme dyr, dei blir illsinte så snart ein blir for nærgåande.
 
Lemen på Dovrefjell.

Var også på leiting etter mogop. Denne vakre fjellblomsten finnes i høgfjellet i Sør-Norge. Den blomstrer tidleg på våren slik som her på Dovrefjell. Vi fann disse ved Hageseter litt før Hjerkinn.
Ida og Martin på Dovrefjell.
Utsikt mot Snøhetta frå Hjerkinn.