onsdag 3. november 2021

Solemdal Vassag - Skogrydding høsten 2021

Dette innlegget dokumenterer skogrydding rundt Solemdal Vassag høsten 2021. Her er også litt av historien til Solemdal Vassag beskrevet.

For meg starta dette prosjektet med at eg la ut bildet vist nedenfor på Fb den 08.08.2021. Hadde tenkt å besøke Solemdal Vassag for å ta nokre bilder, men veggen av krattskog som møtte meg gjorde at eg måtte gi opp den tanken. Det var berre så vidt saga var synleg frå vegen og fotografering var uråd. I mitt innlegg ba eg folket på Solemdalen om å tromme sammen til dugnad for å rydde opp. I tillegg skreiv eg at dei kunne ta kontakt så ville eg stille opp med motorsag for å hjelpe til.  Og slik vart det. Magnar Solheimdal, far til noverande eier av Solemdal Vassag, tok kontakt og vi møttest 14.09.2021 for første dugnad.

Solemdal Vassag, 08.08.2021. Her har skogen tatt over.

Litt om historien til Solemdal Vassag. Informasjon lånt frå Solemdalsboka av Arnold Solemdal. Det var Gunnar Solemdal (tidlegare vassagarbeider) som hadde skreve ned historien om vassagene i Fransetgrova.

Solemdal Vassag vart bygd ved Fransetgrova i 1905 på eiendommen Sagbrauten, gnr 4 bnr 6. I henhold til Grunnboka vart eiendommen oppretta 24.06.1905. Det stod då allerede 2 vasssager lenger opp i elva. Solemdal Vassag vart bygd med sirkelsagblad. Det er 2 sagbenker og 2 sagblad på samme aksel. Saga vart dreven av eit stort overfallsvasshjul med kraftutveksling og reimer til å rotere akselen med sagblada. 
Det vart laga ein dam i elva med ei vassrenne som kunne åpnes for å lede vann ned til vasshjulet. Fransetgrova eller elva er ingen stor elv, men meir ei flomelv som har stor vassføring i snøsmeltinga om våren og i lengre regnværsperioder. Elva har sitt utspring i Talsetliene og renn gjennom Tollåsgardane og Fransetmarka før ho renn ut i Fannefjorden vest for Talset. For å sikre god vassføring vart ei stor myr på Talsetliene  demma opp i ei Tepping. Før og etter skur på saga måtte ein person (gjerne yngstemann) springe opp til Teppinga og åpne opp for elva. Vatnet tok omlag ein time å komme frå Teppinga og ned til saga.
Tømmeret vart køyrt ned til saga med hest og slede. Seinare med traktor. Trelasta, bord og planker, som vart skore på saga vart frakta vidare ned til sjøen ved Solemdalsnausta. Der var det ei brygge og 
trelasten vart henta med båt.
Solemdal Vassag var i bruk med vasshjul fram til 1960. Deretter var det drift med traktor fram til ca 1980. I Romjula 1995 vart saga hardt skadd av store snømengder. Det vart etter ein del år starta ei "Venneforening for Solemdal Vassag" med formål å gjenreise saga. Byggestart vart i Juli 1998. Gjenreising av saga tok lang tid med mykje dugnadsarbeid i tillegg til ansatt snekker. Det var ein stor dag då vassaga endeleg kunne ha offisiell åpning med demonstrasjon av saging den 31. August 2013. Men saga fungerte ikkje optimalt og det vart ikkje gjort noko meir med den etter dette.

No er arbeidet i gang på nytt for å kunne vise fram vassaga til nye generasjoner. 
Magnar Solheimdal har sendt søknad om kulturmidler til Kulturavdelinga i Møre og Romsdal Fylke. Søknaden gjeld for kulturminnevern av Tekniske og industrielle kulturminne.
Før det var det befaring ved museumshåndverker Øyvind Vestad frå Romsdalsmuseet som laga ei tilstandsvurdering.
Der lista han opp fleire ting som må gjerast for å bringe saga tilbake til operasjonell stand.
 - Rydding av skog rundt saga og vassrenna.
 - Nytt spontak/bølgeblikktak på grunn av råteskader.
 - Betongfundament til bærende stav.
 - Oppgradering av sagdam og vassrenne. 

Både Kulturavdelinga i Fylket og Romsdalsmuseet er ivrige på at Solemdal Vassag blir satt i stand igjen. Dette er den einaste vassaga av denne type i fylket. Solemdal Vassag fekk i 2015 status som verneverdig kulturminne.

Det må opprettes ny venneforening for Solemdal Vassag. Denne må registreres i Brønnøysundregisteret slik at eventuelle kulturmidler kan utbetales til konto. Magnar vil kalle inn til stiftelsesmøte om ikkje alt for lenge.

Så tilbake til bilder frå dugnadene. Dokumentasjon er viktig ved søknad om midler etc.

Dugnad, 14.09.2021 :

Vi starta arbeidet med å rydde skogen som hadde vokst opp rundt saga. 

3-mann sterk dugnadsgjeng har fått rydda vegen inn til saga. Arne Solstad hadde med traktor og tilhenger for å køyre vekk alt riset.  Solemdal Vassag, 14.09.2021. 

Har fått rydda vekk skogen på øversida av saga. No er det kvisting og opprydding igjen

Det har lysna bak saga, men skogen står fortsatt tett inntil veggen på høgre side i bildet.

Magnar i arbeid med motorsaga, Solemdal Vassag, 14.09.2021.

Magnar inspiserer sagdammen i Fransetgrova.  14.09.2021.


17.09.2021 :

Tok nokre bilder av saga innvendig og av vasshjul og vassrenne.


Inne på saga ser vi sagbenkene med 2 sirkelsagblad, Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Sagbenkene sett frå motsatt side, Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Vasshjulet som driv saga er 5 m i diameter. Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Vassrenna some leder vatnet inn til vasshjulet. Skogen har vokst seg høg heilt inntil saga.

Solemdal Vassag, 17.09.2021. Vasshjulet med skråtak med trespon.

Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Dugnad 17.09.2021 :

Dagens plan : Meir skogrydding på øversida av saga og rydding av vegen inn til sagdammen, samt opprydding av vedstranger og kvister.


Fortsatte med meir skoging og opprydding, 17.09.2021.

Pause i arbeidet, Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Då er det rydda opp på øversida av saga (sørvest). Her var lunningsplassen for tømmer. Tømmeret kom ned bakken i Sagbrauten med hest og slede og i nyare tid (til 1960) med traktor.

Vegen inn til saga er rydda. Det gjenstår å fjerne ein rishaug og hente vedstrangane. 

Vegen opp til sagdammen er rydda.

Sagdammen i Fransetgrova. 17.09.2021.

Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Vegen bort til sagdammen. Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Solemdal Vassag, 17.09.2021.

Frå inspeksjon av vassrenna. Den var som forventa full av mange årganger med lauv.

Inspeksjon av vassrenna. Skogen har nesten "velta" seg over renna. 

Inspeksjon av vassrenna. Dette er den første delen av renna. Golvet i renna er laga av kreosotimpregnert plank med not og penn. Treverket i renna såg bra ut, men den må gjerast rein slik at vi kan sjekke bedre.


Dugnad 29.10.2021 :

Då har vi fått beskjed frå Romsdalsmuseet om at all skogen rundt saga og vassrenna må ryddes vekk. Dette for å forhindre råte på grunn av lauvet som samler seg på flistaket og i vassrenna,

Plan for dagen : Skogrydding. Det var regnvær heile dagen.

Det har gått 42 dager sidan forrige dugnad. Det er haust og mykje av lauvet har falt ned. Slik såg det ut i det vi starta opp igjen med skogrydding. Solemdal Vassag, 29.10.2021.

Solemdal Vassag, 29.10.2021.

Det er mykje skog i området mellom saga og Fransetelva. All skogen skal sages ned. Vassrenna ses i bakgrunnen.

Det er også mykje stor skog mellom saga og Fransetelva på den sida som vassrenna og vasshjulet er.

Pause i arbeidet. Stokkane vi ser var brukt til å rulle tømmeret inn på sagbenken.

Pause i arbeidet. Denne dagen regna det heile tida.

 Mesteparten av skogen har no blitt felt.

Det står igjen nokre store tre der det må brukes sikringstau under fellinga. Ellers er det mykje å rydde opp i.

Dugnad 30.10.2021, Skogsrydding :

Solemdal Vassag, 30.10.2021.

Haugen med vedstranger veks fortsatt.

Her blir alt gjort manuelt.

Saging av tre med tau som sikring.

Dugnad, 01.11.2021, Skogsrydding : 

Både vedhaugen og kvisthaugen veks for kvar dugnadsøkt.

Dagens mål er blant anna å rydde skogen ved vasshjulet.

Slik såg det ut ved vasshjulet før dagens dugnad.

Skogen frå saga og oppover på vestsida av Fransetgrova er no saga ned.

Rydding ved vassrenna opp mot sagdammen.

Nesten ferdig med å rydde skogen mellom saga og Fransetgrova. 7 tre igjen.

Dugnad, 02.11.2021, Skogsrydding :

Sager ned dei siste trea ved Solemdal Vassag, 02.11.2021.

Sager ned dei siste trea ved Solemdal Vassag, 02.11.2021.

Då var all skogen borte og det er mulig å sjå heile Solemdal Vassag frå vegen. 02.11.2021.

Då var all skogen borte og det er mulig å sjå heile Solemdal Vassag frå vegen. 02.11.2021.

Vasshjulet med utsikt mot Grønnesvegen. 02.11.2021.

Solemdal Vassag, 02.11.2021.

Eit imponerande vasshjul med diameter på 5 meter.

Utsikt frå bak sagdammen og ned mot saga.

Solemdal Vassag, 02.11.2021.

Sagdammen, 02.11.2021.

Det skal vere mulig for alle å finne fram til saga. Dette skiltet står ved sklikanten i krysset mellom Røviklivegen og Grønnesvegen.

Og dugnaden vil fortsette med skogrydding i skråninga øst for vassrenna og øst for Fransetgrova.