lørdag 8. august 2026

Viper på Nesjestranda 2026

Her er ei oversikt over årets vipehekkinger på Nesjestranda. 

Det kan sjå ut til at det har vore minst 3, muligens 4 hekkinger på områdene til Flovik gård i år. 
I tillegg var det mislykka hekking på Sør Nesje. Min konklusjon så langt er at minst 10, muligens 11 unger har nådd flygedyktig alder. 1 unge bekrefta tatt av kråke. Vipene har utvida området for hekking til 2 lokaliteter.

Områdene brukt til hekking er grasmark sidan det ikkje har vore pløyd åker siste år. Mesteparten av områdene er brukt til beiting og/eller slåttemark. Det har tildels vore vanskeleg å påvise hekkelokalitetene sidan reira er godt skjult i gras det er vanskeleg å få auge på rugande viper. 

Vipe, hann, Sør Nesje, 23.04.2026.

Flovik Gård : 
Det første reiret vart funne 23. april. Reir nr 2 vart oppdaga litt seinare 6.mai, reir nr 3 var ukjent inntil eit par med 4 små unger vart observert av Magne Beyer 11.mai på ein meir uvanleg del av området. Det dukka også opp eit kull med 4 unger vest for sjøvegen den 13.mai. Dette er sannsynlegvis frå reir nr 4.
4 par viper som hevda revir observert 29. april av Magne Beyer.
Etterkvart som ungane voks var dei godt gøymt i graset som også voks. Ei stor mark var gjerda inn og holdt av for vipene, men størstedelen av området vart beita av ein stor flokk ammedyr. Den marka som vart holdt unna beiting låg nærmast ned til Holmaleira som er det området vipene og andre vadefugler og gjess bruker til næringssøk.
Ein nabo til Holmaleira observerte at ein liten vipeunge vart tatt av ei kråke. Det er mykje kråke i området og muligens rev. Det er nokre større treklynger som med fordel burde ha vore saga ned for å hindre kråkene observasjonsplasser. 
28.juni : 2 hunner med totalt 9 stk 1k unger observert av Magne Beyer.
Etterkvart som ungane vart større hadde dei tilhold på Holmaleira med unntak av ved flo sjø då dei flytta opp på markene igjen.  Siste observasjon 04.08.2026 var 11 viper på Holmaleira på fjære sjø, for langt hold til å sjå om det var unger eller voksenfugler. Uansett er årsungane snart heilt utvokste.

Sør Nesje. 
Eit vipe-par vart observert på ein sjøteig som grensa til ei større bukt med langgrunn leirbotn lik Holmaleira. Eit passende biotop og ein vanleg plass for viper for mange år sidan då det var meir vanleg med viper i bygda. 
Observerte marka der vipene holdt til og undersøkte området 6.mai utan å finne hekkeplassen. Området var no inngjerda som beite for ammedyr.  Tanken var å finne reiret for så å gjerde inn eit lite område rundt for å hindre dyra å tråkke ned reiret.
16.05.2026 : Det var no ammedyr på marka. Observerte hannen like utanfor gjerdet. Ammedyrflokken gjekk mot området der eg meinte vipereiret låg. Vipehunnen letta så snart dyra nærma seg, og satte seg i forsvarsposisjon med vingane ute ca 5 m unna. Dyra fortsatte forbi reirplassen og eg kunne sjå hunnen gå tilbake. Hadde ikkje snakke med bonden og ville ikkje gå inn mens dyreflokken var der. 
17.05.2026 : Snakka med bonden som ikkje ville gjere noko med saka. Han meinte at dyra ikkje ville respektere eit gjerde rundt reiret utan strøm. Eg fekk likevel tillatelse til å ta med nokre gjerdepåler og gjerdetråd for å sjå om eg kunne klare jobben sjølv. No var det ingen viper å sjå, men gjekk inn i gjerdet og sjekka veldig nøye det området som kunne ha vipereiret. Kunne ikkje finne reiret ei heller rester sidan heile området var nedtråkka av dyreflokken. Kun ei vipe (hannen) observert i området i dagene etterpå. Konklusjon her er mislykka hekking. Om vipeparet prøvde på nytt er mulig sidan naboene til området har fortalt Magne Beyer om at dei hadde sett vipeunger i eit anna område på gården.   I tillegg har både Magne og eg observert Storspove-unger i området i ettertid (ikkje på den inngjerda marka).


Kartet nedanfor viser hekkelokalitetene av vipe i 2026. Nr 3,4 og 5 er usikre sidan reir ikkje var dokumentert. Nr 5 er konkludert som mislykka hekking. 

Kartutsnitt med vipehekkinger, #5 vart mislykka hekking.


Har lagt inn ein del bilder frå årets Vipe-hekkinger på Nesjestranda. Nesten alle bildene er tatt frå bil med Nikon P1000 kamera og opp til 3000 mm zoom. Bildene er lagt til i kronologisk rekkefølge.

23.04.2026 : Rugende vipe (reir #1) lokalisert.

Rugende vipe (reir #1) lokalisert 23.04.2026.

Den 05.05.2026 kom det nysnø på bakken. Vipehunnen (reir #1) låg fortsatt på reiret.

Den 05.05.2026 kom det nysnø på bakken. Vipehunnen (reir #1) låg fortsatt på reiret.


06.05.2026 : Vipe observert etter at den gjekk på vingene for å jage ei kråke. Den satte seg ned eit stykke unna og gjekk stillferdig tilbake til reirplassen.  Dette reiret (reir #2) låg på brakkmark / beitemark sør for hovedmarkene. Reiret var ikkje lett å finne, kun litt av hodet var synbart på avstand. Sjekka området til fots utan å finne reiret.


Rugende vipe, reir #2, 06.05.2026



13.05.2026 : Observerte vipe med 4 unger vest for sjøvegen på Flovik Gård. Dette er muligens kull frå reir #4, sidan vipe obeservert rugende i reir #2 etter dette. Vipehunnen fekk med seg alle 4 ungane over sjøvegen til brakkmarka der reir #2 var lokalisert.

3 unger i graset vest for sjøvegen, Flovi Gård, 13.05.2026.

Hunnen har fått med seg 3 av 4 unger over sjøvegen.

Her har sistemann av 4 unger komme seg over sjøvegen. 13.05.2024.

16.05.2026 : Tok ein tur for å sjekke status til vipereir #1. Her var det fortsatt egg. Rugende hunn først observert 23.04.2026.

Vipereir # 1, 16.05.2026.

16.05.2026. Ein serie bilder frå sjøteigen til Olagarden på Sør Nesje. Ein flokk på 15 Hereford ungdyr beita i gjerdet der vipa muligens hadde reir. Første bilde viser hannen som oppholder seg i marka utanfor gjerdet. Så ser vi hunnen etter at den fløy ut frå området i det dyreflokken nærma seg reirområdet. Hunnen har slått ut vingane for å prøve og forsvare området. Ho har flytta seg like utanfor gjerdet. Det siste bildet viser hunnen på veg tilbake til reirplassen etter at dyreflokken har passert.

Hannen held vakt på marka utanfor den inngjerda sjøteigen på Sør Nesje, 16.05.2026.

Hunnen har forlatt reiret like før dyreflokken kom og tatt forsvarsposisjon med utslåtte vinger.

Dyreflokken er på veg over området der reirplassen ligg. Hunnen står fortsatt i forsvarsposisjon.

Den siste av Hereford-flokken har passert og hunne slapper av og observerer.

Hunnen på veg tilbake til reirplassen. Det var for langt gras til å sjå nøyaktig kor reiret var. 

20.05.2026 : Sjekka området for å sjå om vipeparet med reir #1 hadde fått ut unger. Oppdaga ein unge i graset ca 20 m unna reiret, men antar det er ein unge frå dei andre kulla som allerede er beskreve (reir  # 3 eller 4).  Hunnen på reir #1 låg fortsatt og ruga trufast. 

Ein vipeunge observert på marka i nærheten av reir # 1, men sannsynlegvis ikkje unge frå det kullet.

Rugende vipe, reir #1, 20.05.2026.

Rugende vipe, reir #1, 20.05.2026.


21.05.2026 : Her er 3 bilder som viser ein liten vipeunge som er farlig nær å bli trampa på av ein Tirolsk Gråfe kalv. Heldigvis gjekk det bra. Det var 2 andre unger i samme område som også unnslapp. 

Ein liten vipeunge er nesten ikkje synleg i det høge graset. Sjå pila for å finne vipeungen.

Nokre kalver av Tirolsk Gråfe kom forbi og den eine gjekk nesten over den lille vipeungen. Sjå pila for å finne vipeungen.

Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Sjå pil for å finne vipeungen.

02.06.2026 : 2 vipeunger observert, ein oppe på marka og ein nede på Holmaleira.

Ein vipeunge i graset på marka nærmest Holmaleira. Denne marka var inngjerda og avstengt for beitedyra.

Ein vipeunge spaserer på Holmaleira, 02.06.2026.

Samme vipeunge som forrige bilde,  Holmaleira, 02.06.2026.

09.06.2026 : 1 unge på Holmaleira. Den fekk beskjed om å komme til mor for beskyttelse under ein lun vinge.

Ein vipeunge har søkt tilflukt under vingen til mora. Holmaleira, 09.06.2026.

16.06.2026 : Kun 2 unger observert på Holmaleira, men tydeleg å sjå aldersforskjell på disse 2.

Ein vipeunge på Holmaleira, 16.06.2026.

Ein litt større vipeunge på Holmaleira, 16.06.2026.

27.06. 2026 : 3 vipeunger observert på Holmaleira denne dagen.

Vipeunge #1, Holmaleira, 27.06.2026.


Vipeunge #2, Holmaleira, 27.06.2026.

Vipeunge #3, Holmaleira, 27.06.2026.

Vipeunge #2 og 3, sannsynlegvis søsken, Holmaleira, 27.06.2026.

Eit bilde frå 08.07.2026 som viser vipeflokken på vingene over Holmaleira. Her er det totalt 19 viper.

19 viper, unger og voksne fugler, på vingene over Holmaleira, 08.07.2026.



Ein vipeunge (1) ligg i graset på marka ned mot Holmaleira, 10.07.2026.

Vipeunge (2) på tur i marka like ved Holmaleira, 10.07.2026.

Her er bilder av 18 viper som raster på Holmaleira om kvelden 09.07.2026. Regner med at det er dei samme vipene som bildet av flygende viper viser. Ei vipe er muligens gjemt bak ein stein eller ute av syne for fotografen. Vil anslå antall årsunger til minst 10, resten voksne fugler.

Vipe 1, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 2, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 3, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 4, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 5, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 6,7 og 8, Holmaleira, 10.07.2026.

 

Vipe 9, 10 og 11, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 12 og 13, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 14 og 15, Holmaleira, 10.07.2026.

Vipe 16, 17 og 18, Holmaleira, 10.07.2026.







mandag 11. mai 2026

Åpning av Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026

Her er ein del bilder frå åpning av Fugletårnet i Eidsvågen, 11.05.2026. Offisiell åpning starta kl 12:30 med presentasjon av fugletårnet ved Olbjørn Kvernberg, som har planlagt og finansiert prosjektet gjennom sitt firma Calidris AS med støtte frå Kraftfondet og GassROR. Olbjørn gjekk av som leder for Birdlife Møre og Romsdal tidlegare i år etter 11 år som leder. Dette fugletårnet er ein gave til heimbygda hans. Olbjørn hadde ordna med is og kaldt Eira-vann til alle barna frå Eidsvåg barnehage og Eidsvåg barneskole som var invitert til åpninga. Det var rikeleg med is og Eira-vann til alle frammøtte. 

Representanter for støttespillere, grunneigarar og entreprenører og personer som har deltatt i bygging og dekorering av fugletårnet vart hedra for innsatsen og fekk eit eksemplar av Fuglekasser-boka til Øivind Leren som takk for innsatsen. 

Terje Karijord stod for eit kunstnerisk innslag med proklamering av sitt dikt "Eidsvågleira 2002". 

Generalsekretær i Birdlife Norge Kjetil Solbakken sa nokre velvalgte ord og gratulerte Olbjørn med det flotte fugletårnet. Han takka også Olbjørn for innsatsen som leder i Birdlife Møre og Romsdal. Olbjørn har på imponerende vis bygd opp organisasjonen i si tid som leder. Birdlife Møre og Romsdal har i dag over 600 medlemmer. Kjetil hadde allerede observert 20 ulike fuglearter frå tårnet tidlegare på dagen. 

Ny leder i Birdlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik overleverte blomster og ein flott gave i form av ein plakett med motiv av ein tjeld. Denne er meint å henges opp inne i fugletårnet. Kunster for plaketten er Magne Beyer. 
Til slutt var det åpning av Fugletårnet med snorklipping av ordførar i Molde kommune Trygve Grydeland. Ordføraren fekk med seg alle barna på nedtelling frå 10 før han klipte snora. Ordføraren var svært imponert over dette byggverket.

Interiør, Fugletårnet i Eidsvåg, 11.05.2026

Mange møtte fram til åpning av fugletårnet kl 12:30. Blant inviterte var barn frå Eidsvåg barnehage og fleire klasser frå Eidsvåg barneskole. 11.05.2026.

Mange møtte fram til åpning av fugletårnet kl 12:30. 11.05.2026.

Fuglefolk på plass før åpning av fugletårnet, Eidsvåg, 11.05.2026.

Ordfører i Molde, Trygve Grydeland og Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken.

Olbjørn Kvernberg presenterte fugletårnet.

Ein del av publikum. 11.05.2026.

Olbjørn Kvernberg som har finansiert og gitt Fugletårnet som ein gave til heimbygda.

Alle barna og andre frammøtte fekk is og kaldt Eira-vatn.

Olbjørn Kvernberg, Eidsvåg, 11.05.2026

Ordfører og kjente "fuglefolk" på plass under åpning av fugletårnet, 11.05.2026.

Olbjørn Kvernberg.

Representanter for støttespillere, grunneiere og entreprenører hedres.

Representanter for støttespillere, grunneiere og entreprenører får boka "Fuglekasser" av Øivind Leren som takk for innsatsen. 11.05.2026.


Klart for åpning av Fugletårnet.

Terje Karijord proklamerte dikt om Eidsvågleira.

Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken.

Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken og Olbjørn Kvernberg. 11.05.2026.

Ny leder i Bridlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik med gaver til Olbjørn Kvernberg.

Olbjørn fekk ein plakett i gave frå Birdlife Møre og Romsdal.

Olbjørn fekk ein plakett i gave frå Birdlife Møre og Romsdal. 11.05.2026.

Ordfører i Molde kommune, Trygve Grydeland taler til publikum før snorklipping, 11.05.2026.

Ordfører i Molde kommune, Trygve Grydeland taler til publikum før snorklipping, 11.05.2026.

Ordfører Trygve Grydeland klar til å klippe snora for offisiell åpning av fugletårnet, Eidsvåg, 11.05.2026.

Ordførereren med "high five" til alle barna etter åpninga.

Olbjørn Kvernberg og ordfører Trygve Grydeland.

Fugletårnet fyllt av glade barn etter åpninga, Eidsvåg, 11.05.2026.


Her er nokre fleire bilder av fugletårnet tatt før åpninga, 11.05.2026. Tårnet er bygd av kjerneved furu. Med unntak av bordkledninga er alt treverk ubehandla og vil grånes over tid. Det vil kreve minimalt med vedlikehold.  Så får vi håpe at Fugletårnet blir flittig brukt og blir godt behandla av gammel og ung.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.

Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.