Viser innlegg med etiketten Birdlife MR. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Birdlife MR. Vis alle innlegg

lørdag 22. mars 2025

Fellestur med Birdlife MR til Skardsøya i Aure kommune 22.03.2025

Årets første fellestur med Birdlife Møre og Romsdal gjekk til Skardsøya i Aure kommune lørdag 22.03.2025. Målet med turen var å sjå etter sjøfugler blant anna gulnebblom som overvintrer i området ved Skardsøya. Oppmøte var ved Vean busstopp ved brua over til Skardsøya kl 10:00. Turledere var Ingvar Gjerdevik og Arnstein Gjeldnes. Ingvar hadde fått nyss om at ein sjelden fugl var observert i Kjørsvikbugen. Vi bestemte oss for å legge turen til Kjørsvikbugen først. Eirik og Hans Våg hadde sett fuglen tidlegare på dagen og vi vart med dei til ein utsiktplass. Fuglen vi ville sjå etter var ein underart av ærfugl som heiter Borealis, (Somateria mollissima borealis). Dette er ein fugl som stort sett held seg på Svalbard og hadde få observasjoner i Møre og Romsdal. Den eine Borealis-hannen holdt sammen med ein stor flokk med vanlige ærfugler. Uheldigvis låg flokken ganske langt frå land, men vi fekk alle sjå underarten med teleskop. Underarten skilte seg ut frå resten av ærfugl-hannene med sitt gule nebb. I samme flokk kunne vi også sjå mange haveller og ein del storskarv. Dette funnet vart eit høgdepunkt på turen. 
Vi dro så tilbake til Skardsøya og køyrde ut til Skard. Der gjekk vi ut på neset Hanen for å sjå etter gulnebblom. Her fekk vi sjå totalt 6 stk gulnebblom, men dei låg no langt frå land, nesten ute i Trondheimsleia. Grunnen til det var nok litt trafikk av fritidsbåter i området nærmare land. Her fekk likevel alle sett gulnebblom med teleskop, men fuglane var utanfor fotohold. 
Turen gjekk så vidare med stopp i Mellandsvågen mellom Skardsøya og Lesundøya. Her var det mange arter, men dei fleste låg også her langt ute frå land. Vi fekk sett smålom, islom, sjøorre, svartand, ærfugl, horndykker og den meir sjeldne gråstrupedykkeren.  Deretter gjekk turen til siste stoppestad for turen som var Finnset på sørsida av Skardsøya. Her var det fin utsikt over Finnsetbugen og til Trondheimsleia og vi fekk sjå mange fleire islomar. Totalt vart det observert 19 stk islom i Mellandsvågsområdet. Vi fekk også sjå eit par otere i aksjon. 
Det var gode værforhold med sol og fint vær under turen. Men det begynte å blåse litt utover ettermiddagen, og med meir bølger på sjøen vart det vanskelegare å oppdage fugler på langt hold. 
Alle observerte arter er oppdatert i Artsobservasjoner.  Vi var totalt 8 stk fugleinteresserte personer på turen. Fekk tatt nokre fuglebilder på langt hold med Nikon P1000. Stor takk til turledere Ingvar og Arnstein for ein flott tur.

Ærfugl underart borealis, (Somateria mollissima borealis), Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Haveller, Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Ein stor flokk med ærfugl og ei havelle. Midt i bildet ser vi ærfugl underarten borealis med gult nebb. Kjørsvikbugen, 22.03.2025.


Frå Skard på Skardsøya. Vi ser etter gulnebblom.

Avreise frå Skard, Skardsøya.

2 stk sjøorre i Mellandsvågen, 22.03.2025.

Smålom i Mellandsvågen, 22.03.2025.


2 svartender i Mellandsvågen, 22.03.2025.


Her ser vi etter islom frå P-plassen på Finnset, Skardsøya, 22.03.2025.


mandag 17. juni 2024

Fellestur til Vetavatna, 08.06.2024

Lørdag 08.06.2024 arrangerte Birdlife-MR fellestur til Vetavatna i Molde kommune (tidlegare Nesset kommune). Turledere var Øyvind Gjeldnes og Jon Bjarne Jordal. Turen starta frå Haugasetra (ei av "Rødsetrin") og gjekk gjennom bjørk og ospeskog ned til Vetamyra. Vi fortsatte langs dei 2 Vetavatna, Litle Vetavatn og Store Vetavatn. Jon Bjarne hadde med utstyr til fangst av sommerfugler og vi fekk interessant informasjon om både sommerfugler og blomster. Sommerfuglene vart fanga med hov for identifikasjon og så sleppt laus igjen. Så gjekk vi opp på Heian og passerte ei par mindre tjern. Der fekk vi sett blant anna ei par med smålom. Vi gjekk vidare gjennom gammel fjellfuruskog på leiting etter duetrost. Denne vart også observert på langt hold. Vi fekk også sett eit tranepar på turen. Retur via Vetamyra til Haugasetra. Totalt vart det sett og hørt 26 forskjellige arter deriblant dvergfalk, sivspurv og tårnseiler. 12 deltakere var med på denne interessante turen på ca 8 km i terrenget. Vi kosa oss med medbragt niste og kaffe/drikke på turen. Nedenfor er nokre bilder frå turen.

Turleder Øyvind Gjeldnes orienterer om turen før avgang frå parkeringa ved Haugasetra. Totalt 12 deltakere hadde møtt opp for å vere med på turen.

Turen starta ved Haugasetra.

Vi skuer innover mot Litle Vetavatn.

Turleder Jon Bjarne Jordal orienterer om flora og fauna.

Pause ved Litle Vetavatn. Vetafjellet i bakgrunnen.

Stopp ved Store Vetavatn for å kikre etter fugler.

Her har Jon Bjarne fanga ein Marimjellerutevinge. Fugler, sommerfugler og blomster vart registrert og lagt inn på Artsobservasjoner.

Kort pause ved gammelt kulturlandskap med blant anna ei gammel høyløe.


Ei gammel høyløe som har sett bedre dager.

På tur opp til Heian hadde vi flott utsikt mot Store Vetavatn.

Matpause ved ein stor stein (Flytteblokk) på kanten av Heian.

I den første tjønna på Heian hadde eit par smålom tilhold. Vi passerte tjønna på god avstand.

Øyvind Gjeldnes orienterer om siste del av turen gjennom gammel fjellfuruskog.


Eit tranepar varsla vår ankomst. Tranene her hadde fått uvanleg sterk rødbrunfarge som sikkert var meint som god kamuflasje. Farga kjem nok frå vatn med mykje jarninnhold (rustfarge). 

Her kjem trane-far flygende.




Turgjengen på siste del av turen tilbake til Haugasetra.