Her er ein del bilder frå åpning av Fugletårnet i Eidsvågen, 11.05.2026. Offisiell åpning starta kl 12:30 med presentasjon av fugletårnet ved Olbjørn Kvernberg, som har planlagt og finansiert prosjektet gjennom sitt firma Calidris AS med støtte frå Kraftfondet og GassROR. Olbjørn gjekk av som leder for Birdlife Møre og Romsdal tidlegare i år etter 11 år som leder. Dette fugletårnet er ein gave til heimbygda hans. Olbjørn hadde ordna med is og kaldt Eira-vann til alle barna frå Eidsvåg barnehage og Eidsvåg barneskole som var invitert til åpninga. Det var rikeleg med is og Eira-vann til alle frammøtte.
Representanter for støttespillere, grunneigarar og entreprenører og personer som har deltatt i bygging og dekorering av fugletårnet vart hedra for innsatsen og fekk eit eksemplar av Fuglekasser-boka til Øivind Leren som takk for innsatsen.
Terje Karijord stod for eit kunstnerisk innslag med proklamering av sitt dikt "Eidsvågleira 2002".
Generalsekretær i Birdlife Norge Kjetil Solbakken sa nokre velvalgte ord og gratulerte Olbjørn med det flotte fugletårnet. Han takka også Olbjørn for innsatsen som leder i Birdlife Møre og Romsdal. Olbjørn har på imponerende vis bygd opp organisasjonen i si tid som leder. Birdlife Møre og Romsdal har i dag over 600 medlemmer. Kjetil hadde allerede observert 20 ulike fuglearter frå tårnet tidlegare på dagen.
Ny leder i Birdlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik overleverte blomster og ein flott gave i form av ein plakett med motiv av ein tjeld. Denne er meint å henges opp inne i fugletårnet. Kunster for plaketten er Magne Beyer.
Til slutt var det åpning av Fugletårnet med snorklipping av ordførar i Molde kommune Trygve Grydeland. Ordføraren fekk med seg alle barna på nedtelling frå 10 før han klipte snora. Ordføraren var svært imponert over dette byggverket.
 |
| Interiør, Fugletårnet i Eidsvåg, 11.05.2026 |
 |
| Mange møtte fram til åpning av fugletårnet kl 12:30. Blant inviterte var barn frå Eidsvåg barnehage og fleire klasser frå Eidsvåg barneskole. 11.05.2026. |
 |
| Mange møtte fram til åpning av fugletårnet kl 12:30. 11.05.2026. |
 |
| Fuglefolk på plass før åpning av fugletårnet, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Ordfører i Molde, Trygve Grydeland og Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken. |
 |
| Olbjørn Kvernberg presenterte fugletårnet. |
 |
| Ein del av publikum. 11.05.2026. |
 |
| Olbjørn Kvernberg som har finansiert og gitt Fugletårnet som ein gave til heimbygda. |
 |
| Alle barna og andre frammøtte fekk is og kaldt Eira-vatn. |
 |
| Olbjørn Kvernberg, Eidsvåg, 11.05.2026 |
 |
| Ordfører og kjente "fuglefolk" på plass under åpning av fugletårnet, 11.05.2026. |
 |
| Olbjørn Kvernberg. |
 |
| Representanter for støttespillere, grunneiere og entreprenører hedres. |
 |
Representanter for støttespillere, grunneiere og entreprenører får boka "Fuglekasser" av Øivind Leren som takk for innsatsen. 11.05.2026.
|
 |
| Klart for åpning av Fugletårnet. |
 |
| Terje Karijord proklamerte dikt om Eidsvågleira. |
 |
| Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken. |
 |
| Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken og Olbjørn Kvernberg. 11.05.2026. |
 |
| Ny leder i Bridlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik med gaver til Olbjørn Kvernberg. |
 |
| Olbjørn fekk ein plakett i gave frå Birdlife Møre og Romsdal. |
 |
Olbjørn fekk ein plakett i gave frå Birdlife Møre og Romsdal. 11.05.2026.
|
 |
| Ordfører i Molde kommune, Trygve Grydeland taler til publikum før snorklipping, 11.05.2026. |
 |
Ordfører i Molde kommune, Trygve Grydeland taler til publikum før snorklipping, 11.05.2026.
|
 |
| Ordfører Trygve Grydeland klar til å klippe snora for offisiell åpning av fugletårnet, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Ordførereren med "high five" til alle barna etter åpninga. |
 |
| Olbjørn Kvernberg og ordfører Trygve Grydeland. |
 |
| Fugletårnet fyllt av glade barn etter åpninga, Eidsvåg, 11.05.2026. |
Her er nokre fleire bilder av fugletårnet tatt før åpninga, 11.05.2026. Tårnet er bygd av kjerneved furu. Med unntak av bordkledninga er alt treverk ubehandla og vil grånes over tid. Det vil kreve minimalt med vedlikehold. Så får vi håpe at Fugletårnet blir flittig brukt og blir godt behandla av gammel og ung.
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026.
|
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
 |
| Fugletårn, Eidsvåg, 11.05.2026. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar