torsdag 20. september 2012

Kristiansund

19-21-Sep-2012 var eg på standby i Kristiansund for utreise til flyteriggen "Transocean Spitsbergen". Det vart 3 netter på Quality Grand Hotel, mens eg venta på å bli kalt ut til riggen. Fekk dermed god tid til sightseeing i Kristiansund og tok ein del bilder med tanke på blogginnlegg. Så her følger ein del bilder frå mange av dei mest kjente landemerka og turistattraksjonane i Kristiansund. Har laga egetblogginnlegg for Sundbåten, men det har sneke seg med eit par bilder her også.
Bildene er tatt den 20-Sep-2012 såfremt ikkje anna dato er oppgitt i bildebeskrivelsen.
Denne dagen starta på brygga i Kristiansund og tur over til Innlandet (Tahiti) med Sundbåten "Rapp".

Klippfiskkjerringa på Sundbåtkaia i Kristiansund.
Sundbåten "Rapp" ved kai på Innlandet. 
Dødeladen Cafe, Innlandet.
Bak dette gjerdet arrangeres Tahiti-festivalen.
Dette huset står igjen på ein bergknaus på Innlandet. Fjellet er sprengt bort rundt heile huset.
Måsestativ på Innlandet. Dårleg med måser denne dagen.
Her er den einaste klippfiskbutikken i Norge.
Etter retur til Kirkelandet med Sundbåten var eg ein tur og besøkte Knut Garshol Klippfisk. Dette er vel den einaste klippfiskbutikken i Norge. Om sommaren kjem det busslaster med spanjoler hit for å besøke Baccalaoens heimby.

Fasaden til Knut Garshol Klippfisk i Kristiansund.
Baccalao-kasse hos Knut Garshol Klippfisk.


Dette er ekte klippfisk av ypperste kvalitet.
Turen gjekk vidare forbi Nordmørskafeen og Smia Fiskerestaurant til Mellomverftet i Vågen. Her er det mykje sjøfartshistorie og kystkultur og absolutt verdt eit besøk.
Nordmørskafeen er plassen for god, norsk tradisjonsmat i Kristiansund.
Smia Fiskerestaurant.
Frå Mellomverftet. Den gamle fiskebåten "Frimann" ligg på slippen.
Mellomverftet i Vågen i Kristiansund.
Den gamle redningsskøyta "Christiansund" er restaurert og ligg til kai ved Mellomverftet.
Mellomverftet med "Frimann".
Mellomverftet. Dette er restane av den gamle treferja "Rjånes", bygd i 1936. 21.09.12.
I Kristiansund må eg alltid ta ein tur opp til Vanndamman og sjå på fuglelivet. Her var det no mest måser, stokkender og duer, men det også alltid påfugl og knoppsvane. I år har dei også nokre moskusender.

Vanndamman.
Vanndamman er kjent for sitt fugleliv. Her er blant anna ein blå Påfugl.
Vanndamman. Denne "flotte" fuglen er ei Moskusand.
Knoppsvane er ein fast hekkefugl i Vanndamman.
Tissegutten i Vanndamman blir visst aldri ferdig.
På veg ned igjen frå Vanndamman passerer ein den flotte fossen nederst i Langveien.

Denne fossen vart laga i anledning Kristiansund sitt 200 års-jubileum i 1992.
Eg budde 3 netter på Quality Hotel Grand.
Comfort Hotel Fosna har flott beliggenhet med utsikt over havna. 21.09.12.
Til slutt tar eg med nokre bilder av kjente båter på havna i Kristiansund.

Fiskebåt på havna. Her får ein kjøpe alt av fisk, sjømat og Hjortekjøtt !!!
"Ramsøyfjord" M-144-M frå Smøla. Bildet tatt 21.09.12.
Redningsskøyta "Christiansund" på tur i Nordmørsbyen.
Kystekspressen er eit vanleg syn på havna i Kristiansund. Dette er "Ladejarl".
Hurtigruta "Nordnorge" forlet Kristiansund og gjer at Sundbåten "Rapp" må ta ein unnamanøver.


onsdag 12. september 2012

Stikk UT tur til Snøfjellet 12-Sep-2012

Denne fine haustdagen vart det tid til ein fjelltur. Turen gjekk til Snøfjellet i Nesset Kommune. Fekk skyss av Anne Torill til Indre Horsgård. Gjekk så oppover skogsvegen mot Kollen og Buviksetra. Bak Kollen tok eg av vegen og gjekk oppover lia i  traseen til strøm-mastene. Her hadde det blitt snauhogd i sommer, så det var lett framkommeleg. Gjekk opp på snaufjellet i Bordalen og vidare opp på Buviknakken. Gjekk vidare langs ryggen oppover mot toppen av Snøfjellet. Det bles litt oppe på ryggen, men ellers var det sol og fint vær. På turen oppover var det flott utsikt vestover mot Skålaksla, moh og sørover mot Langfjorden. Såg rett over til bygda Mittet. Høgare opp vart det også fin utsikt østover Langfjorden mot Eidsvågen. Oppe på toppen var det vid utsikt i alle retninger. Ranvikingane hadde sett opp ei flott turpostkasse på varden. Toppen av Snøfjellet er på 853 moh og var Stikk UT mål i Nesset Kommune. Hadde bestemt meg for å gå ned att om Ranvika sidan det var merka sti derifrå til toppen av fjellet. Her var det merka med lange staver med blå merking og varder. Stien gjekk østover og ned langs ein rygg. Passerte nord og it stykke ovanfor for vatnet og vidare i blaut myr nedover mot Ranvikskaret. Kom ned til Ranviksetra og tok meg ei matpause ved hytta Bittebu. Derifrå var det ikkje langt over til skogsvegen ned til Ranvik. Passerte Gapahuken på turen nedover. Gapahuken var Stikk UT post tidlegare. Vel nede ved vegen i Ranvika vart det ikkje så lenge å vente på skyssen som kom og henta meg. Var glad for at eg hadde gått turen til Snøfjellet frå Indre Horsgård og ikkje frå Ranvik. Stien opp på fjellet frå Ranvik var svært bratt og lang. Stien gjekk også i stort sett blaut myr heilt opp på snaufjellet. Etter mi meining var det ein mykje finare tur å gå opp frå Indre Horsgård.
Utsikt mot Buviknakken frå skogsbilvegen bak Kollen.
Gjekk oppover langs traseen til kraftlinja frå Kollen til Bordalen.
Utsikt vestover Langfjorden frå Buviknakken, 673 m.o.h.
Utsikt til Skålaksla. 1076 moh frå Buviknakken.
Utsikt frå Buviknakken mot Bordalen. Ser så vidt i Fannefjorden og bygda Kleive. Hytta på bildet tilhører Indre Horsgård.
Utsikt frå Buviknakken ned mot Horsgårdkollen og vestover Langfjorden.
Utsikt frå Buviknakken mot Langfjorden og bygda Mittet. I det fjerne ser vi også Store Vengetind, Romsdalshornet og Trolltindane.
Utsikt østover Langfjorden mot Eidsvågen. Vi ser også dei grønne markane i Ranvika.
Utsikt mot toppen av Snøfjellet. Kan skimte varden på toppen som er litt til venstre for midten av bildet.
Flotte haustfarger på denne tua.
Fargerik blanding av reinslav, rypelyng og krekling.
Denne lille varden ligg langs stien opp mot Snøfjellet. Fin utsikt mot Langfjorden.
Er no snart framme ved varden på Snøfjellet.
Idyllisk dam på Snøfjellet, utsikt østover mot Langfjorden.
Vinden lager små bølger på dette vatnet som ligg nesten på toppen av Snøfjellet. I bakgrunnen ser vi Skålaksla.
Varden på Snøfjellet, 853 m.o.h.
Flott turpostkasse på Snøfjellet.
Pause på Snøfjellet.

Varden på Snøfjellet. Utsikt vestover mot Stor Skåla (bak varden) og Langfjorden.

Varden på Snøfjellet. Utsikt østover mot Storhaugen og Langfjorden.
Sjølvportrett på Snøfjellet.
Stien ned mot Ranvik var godt merka med blåfarga staver og steinvarder.
På stien ned frå Snøfjellet. Utsikt østover mot Ranvikskaret. Kan sjå Osvatnet og Fostelågen til venstre på bildet.
Utsikt ned mot Ranvika.
Utsikt ned mot Ranvikskaret og Storhaugen, 681 m.o.h.
Kort pause på turen ned.

På turen ned til Ranvik passerer vi ovanfor dette vatnet som heiter Litlevatnet.

Utsikt tilbake mot Snøfjellet.
Matpause ved Bittebu i Ranvikskaret.
Ved skogsvegen i Ranvikskaret står desse skilta og viser vegen mot Snøfjellet.
Utsikt opp mot Snøfjellet sett frå Ranvikskaret.
Ved gapahuken i Ranvik.
Gapahuken i Ranvik.
Har komme ned til vegen i Ranvik. Her er det info-tavle med kart som viser stien til Snøfjellet.