torsdag 27. mai 2021

Villa Retiro i fritt forfall, Molde, 27.05.2021

Tok ein tur opp til Villa Retiro i Molde den 25.05.2021. Må innrømme at eg har aldri før besøkt villaen med den flotte hagen eller Retiroskogen. Har vel lest i RB og høyrt om forfallet på villaen, men vart likevel litt overraska over omfanget av forfall. 

I 2014 la RB ut ein artikkel med tittel "Retiro må berges fra forfall".  Det ser ikkje ut til at det har blitt gjort noko som helst etter den artikkelen heller. Eier av villaen er firmaet Planor i Molde, dei kjøpte eiendommen i 2005. I grunnboka for eiendommen gnr 28/2 (Fannestrandvegen 111 og 111B) står eier oppført som Planor Bolig AS og er tinglyst 01.03.2006. Frå samme dato er det oppført eit pantedokument på 60 000 000 kr til DNB Bank. Viss eiendommen er pantsatt for dette beløpet er det vel ikkje så enkelt å selge den heller. Det kan vel vere grunnen til at eiendommen ikkje er forsøkt solgt. Planor hadde planer om utbygging av boliger på området, men dei fekk kraftig motstand og har vel gitt opp planene. Eller dei venter på bedre vær med tanke på anna innstilling frå Molde Kommune. Molde Kommune står som eier av Retiroskogen. 
Uansett, forfallet er stort. Villaen og området rundt er i dag som i 2014 prega av søppel og forfall. Fylkeskonservatoren den gongen uttalte at dei meiner Villa Retiro og Retiroparken er verneverdig. Men dei kan ikkje pålegge grunneier å sette i stand bygningene eller parkområdet. 
Lurer på om ikkje ein del private folk har fått anna beskjed i lignende saker. Men her er det snakk om at grunneier er eit firma og dermed er det vel vanskelegare å gripe inn. 

Det er uansett betimelig at eit velrennomert firma som Planor vil la sine assets forfalle på denne måten. Her må Planor rydde opp eller så får dei prøve å selge eiendommen til nokon som har midler til å gjere noko (sjølv om eg innser at dette kan vere eit prosjekt som er vanskeleg å selge). 
Foreslår at Planor organiserer ein dugnad med egne ansatte og eventuelt andre frivillige til å rydde opp i søppelet rundt bygningene. Det er særleg terrassen foran hovedbygningen som er dekka av glassbiter frå knuste vindu som er min bekymring. Villaen er åpen for all ferdsel og både dyr og små barn kan skade seg på glassbitene. Hovedbygninga er avstengt, men bygning 2 som var bolig for tjenestefolket er åpen.
Eiendommen står pr 2016 på lista over kulturminner i Molde.

Molde kommune har no sendt ut varsel om endring av reguleringsområdet for Retiro. Tenkte det var greitt å publisere dette innlegget no for å vise bildene som viser litt av forfallet og søppelet. Molde kommune eller Fylkeskonservatoren kan kanskje ikkje pålegge grunneier å reparere bygningene, men dei burde i alle fall pålegge opprydding av alt søppelet rundet bygningene. Om ikkje andre tiltak fungerer så kan dei muligens bruke forurensningsloven til å pålegge opprydding i alt glasset på bakken. Frist for å komme med innspill til reguleringsplana er 11.11.2021. så dei som ønsker å uttale seg må gjere det fort.

Bildene nedenfor er tatt 25.05 og 27.05.2021. Har sjekka området fleire gonger sidan, men ingenting er gjort. Bildene taler for seg.

Fasaden til Villa Retiro, Fannestrandvegen 111, Molde 25.05.2021. Sammenlign med bildet nederst i innlegget som viser fasaden på bygninga i glansdagene. Det må bemerkes at bygninga har blitt renovert og ombygd fleire gonger opp gjennom tida.

Villa Retiro, bygning 2 med addresse Fannestrandvegen 111B. Dette bygget var vel boliger til tjenestefolket. Her står det åpent. Vinduene er knust.

Baksiden av hovedbygninga på Villa Retiro. Her trengs det sårt oppussing og eit strøk maling. Som vi ser av skiltet på veggen så er det montert overvåkingskamera.

Villa Retiro, slik ser villaen ut frå vest. På baksiden er det også eit uthus / garasje.

Villa Retiro ferdigbygd i 1875.

Knuste vinduer i hovedbygningen.

Inngangsdør til hovedbygninga på baksiden. Her er det låst med hengelås. Vinduene er dekt med sponplater.

Fasaden på hovedbygninga med terrassen. Vinduene er dekt med sponplater.

Fasaden på hovedbygninga med terrassen. Vinduene er dekt med sponplater. Glasset frå alle vinduene ligg på terrassen.

Utsikt frå terrassen mot ein gjenvokst hage. Kanskje like bra at det ikkje går an å sjå det forfalne huset frå vegen.

Del av terrassen på vestsida med masse glassbiter.

Terrassen på fasaden er dekt med glassbiter. Her må grunneier Planor ta med seg kost og støvbrett og rydde opp !

Terrassen på fasaden er dekt med glassbiter. Her må grunneier Planor ta med seg kost og støvbrett og rydde opp !  Det ser ikkje bra ut.

Trappa mellom dei 2 bygningene med søppel og glassbiter.

Stort sett er det glasskår alle plasser under vinduene. 

Del av veggen på baksiden av hovedbygninga.

Del av baksiden på hovedbygninga.

Inngangsdør på vestsiden av hovedbygninga.

Tar til slutt med eit bilde som viser den flotte sveitservillaen i sine glansdager og før ombygging endra på fasaden.

Villa Retiro, bygd som sveitservilla i 1875. Her har Bjørnstjerne Bjørnson vore gjest og her fekk mange av dei involverte under Gulltransporten i april 1940 husly. Bilde lånt frå Wikipedia.

Varsel om utvidet reguleringsområde.



Flaggspett i Retiroskogen, Molde

I fjor sommer tok eg nokre turer til Retiroskogen og Villa Retiro for å sjå på forfallet. Det var trist å oppleve det store forfallet til Villa Retiro. På samme måte var det trist å sjå kordan det flotte hageanlegget med svanedam hadde forfalt. Det er fortsatt mulig å sjå for seg kor vakkert det ein gong var ved svanedammen. 
Men Retiroskogen har også eit anna moment ved seg. Og det er som oppholdsplass for eit rikt dyre- og fugleliv. Har sjølv sett rådyra som held til i skogen og ein del av dei mange fugleartene som bor i skogen. Skogen fungerer som ei grønn lunge for eit mangfold av arter.
Var heldig og fekk foreviga eit flaggspettpar som var svært opptatt med å mate til ungene sine. 
Velger å vise disse bildene som eit bevis på mangfoldet i Retiroskogen og som eit bevis på kor viktig det er at skogen blir bevart om enn i ein bedre stand enn no. For fugle- og dyrelivet i skogen er den perfekt som skjulested. Skogen er svært høg og tettvokst slik at den gir gode levekår for mange fuglearter.
Flaggspett er berre ein av artene som lever i Retiroskogen, her skal også den meir sjeldne hvitryggspetten ha tilhold.

Flaggspetten på veg inn til reiret med mat til ungene.

Ved reirhullet som den har hakka ut i ei bjørk.

På veg ut igjen etter mating av ungene.

Ny tur med meir mat til ungene. Det gjekk i eitt for begge forledrenen er med på matinga.

Klar til å smette inn i reirhullet.

Er nok ikkje plaga med klaustrofobi denne fuglen.

Flaggspetten på veg ut av reirhullet etter mating av ungene.


mandag 24. mai 2021

Kveldstur til Nesje, 24.05.2021

Køyrde ein tur til Nesje i kveld. Her er det alltid noko å sjå langs vegen. På denne turen vart det bilder av ein flott rådyrbukk og eit par elger.  På Nesje finnes også leplanting med sitkagran. Desse står no i full "blomst" og er eit fargerikt syn. Skal ikkje seie så mykje om sitkagrana, men det er eit treslag som er på ei liste over "uønska" arter i Norge. 


Rådyr-bukk med flotte horn, Myran, Sør Nesje 24.05.2021. Det er tydeleg å sjå at den held på å skifte frå vinter til sommerdrakt.

Rådyr-bukk med flotte horn, Myran, Sør Nesje 24.05.2021.

Litt lenger opp på marka stod ein elgokse. Den passa på meg etter at eg gjekk ut av bilen, men fortsatte å beite etter ei kort stund. Myran, Sør Nesje, 24.05.2021.

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021.

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021. 

"Blomstrende" sitkagran, Sør Nesje 24.05.2021. Svært mange frø på denne greina til ei stor sitkagran.


På Myran hadde ei elgku dukka opp, Sør Nesje 24.05.2021.

Elgoksen stod på kne for å beite. Elgen må ofte gå ned på kne for å beite sidan den har såpass kort hals. Elgen beiter fortrinnsvis høgare opp i vegetasjonen i skogen ( i busker og tre ).

Elgoksen reiste seg og kika på meg etter ei stund. 


torsdag 20. mai 2021

Hjertemarsjen i Folkestien på Nesjestranda, 20.05.2021

Denne dagen arrangerte Skåla Helselag hjertemarsj på Nesjestranda. Det var start ved Spar Skåla på Skålasenteret frå kl 17 til 19. Turen gjekk på Folkestien til gapahuken på Nesje. I gapahuken vart det servert kjempegod suppe av flinke damer frå helselaget. Tenker at mange fleire burde ha gått denne fine turen og støtta opp om hjertesaken. Gapahuken i Folkestien er også Stikk UT tur i år og svært godt besøkt så langt. Regndråpane kom på turen heim igjen.

Vi går Hjertemarsjen i Folkestien på Nesjestranda, 20.05.2021.

Hjertemarsjen, Silje synest det er kjekt med Quiz.

Hjertemarsjen. Silje sjekker eit av 10 spørsmål i quizen.

Frå Hjertemarsjen i Folkestien, 20.05.2021.

Quiz-stopp under Hjertemarsjen, 20.05.2021

Hjertemarsjen. Ved gapahuken på Nesje. Her var det servering av suppe til alle.

Flinke damer i Skåla Helselag.

Hjertemarsjen. Her blir det servert suppe.

Hjertemarsjen, frå gapahuken på Nesje, 20.05.2021.

Hjertemarsjen, gapahuken på Nesje, 20.05.2021.


Hjertemarsjen, frå gapahuken på Nesje, 20.05.2021.

Hjertemarsjen, frå gapahuken på Nesje, 20.05.2021. Skåla Helselag serverte suppe.


Hjertemarsjen, frå gapahuken på Nesje, 20.05.2021.




mandag 17. mai 2021

Traktor-kortesje over Åsan 17. Mai 2021

Nokre bilder frå traktorkortesjen som gjekk frå Hovdenakvågen til Skåla Omsorgssenter og Sjukeheim på Åsan og tilbake. Kortesjen køyrde også ein runde rundt Raneset.  15 traktorer var med på turen. Dette vart ei flott markering av 17. mai 2021, andre året på rad utan normal 17. Mai feiring på grunn av Covid-19.
Kortesjen bestod tilfeldigvis av kun Massey Ferguson traktorer frå 1951-1991. Neste år kan vi vel vente oss fleire traktorer og også andre traktor-merker.
Fekk tatt nokre bilder i farta både på Åsan og i Hovdenakvågen. Uheldigvis vart ikkje alle bildene like skarpe, men kvar og ein kjenner seg sikkert igjen. Fekk vel heller ikkje tatt bilde av alle traktorane i kortesjen.


Traktor-kortesjen på Åsan etter å ha køyrt via Sjukeheimen. 17.05.2021.

Traktor-kortesjen på Åsan etter å ha køyrt via Sjukeheimen. 17.05.2021.


Massey Ferguson 35X.

Massey Ferguson 35X.

Gråtass.

Massey Ferguson 135.

Massey Ferguson 25.

Massey Ferguson 35.

Massey Ferguson 135.

Massey Ferguson 135.

Massey Ferguson 148.

Massey Ferguson 3065.

Massey Ferguson 3065.

Massey Ferguson 35.

Traktor-kortesjen på tur over Åsan.

Massey Ferguson 165 med vedmaskin og ekstra hjul for belter.

Traktor-kortesjen kjem attende til Hovdenakvågen. 17.05.2021.

Traktor-kortesjen kjem attende til Hovdenakvågen. 17.05.2021.

Traktor-kortesjen kjem attende til Hovdenakvågen. 17.05.2021.

Traktor-kortesjen kjem attende til Hovdenakvågen. 17.05.2021.