torsdag 27. mai 2021

Flaggspett i Retiroskogen, Molde

I fjor sommer tok eg nokre turer til Retiroskogen og Villa Retiro for å sjå på forfallet. Det var trist å oppleve det store forfallet til Villa Retiro. På samme måte var det trist å sjå kordan det flotte hageanlegget med svanedam hadde forfalt. Det er fortsatt mulig å sjå for seg kor vakkert det ein gong var ved svanedammen. 
Men Retiroskogen har også eit anna moment ved seg. Og det er som oppholdsplass for eit rikt dyre- og fugleliv. Har sjølv sett rådyra som held til i skogen og ein del av dei mange fugleartene som bor i skogen. Skogen fungerer som ei grønn lunge for eit mangfold av arter.
Var heldig og fekk foreviga eit flaggspettpar som var svært opptatt med å mate til ungene sine. 
Velger å vise disse bildene som eit bevis på mangfoldet i Retiroskogen og som eit bevis på kor viktig det er at skogen blir bevart om enn i ein bedre stand enn no. For fugle- og dyrelivet i skogen er den perfekt som skjulested. Skogen er svært høg og tettvokst slik at den gir gode levekår for mange fuglearter.
Flaggspett er berre ein av artene som lever i Retiroskogen, her skal også den meir sjeldne hvitryggspetten ha tilhold.

Flaggspetten på veg inn til reiret med mat til ungene.

Ved reirhullet som den har hakka ut i ei bjørk.

På veg ut igjen etter mating av ungene.

Ny tur med meir mat til ungene. Det gjekk i eitt for begge forledrenen er med på matinga.

Klar til å smette inn i reirhullet.

Er nok ikkje plaga med klaustrofobi denne fuglen.

Flaggspetten på veg ut av reirhullet etter mating av ungene.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar