tirsdag 2. juni 1992

Skitur til Mannen og Breitind

"Mannen" i Romsdal har vorte kjent over heile landet dei siste åra. No er vel det området av fjellet som står i fare for å rase kalla for "Veslemannen", for sjølve Mannen står trygt oppe på kanten. Tenkte det var på tide å lage eit lite innlegg med bilder frå min tur til Mannen i 1992. 

Mannen, 1294 moh ligg innerst i Alnesdalen på kanten ned mot Romsdalen. Det er ein skitur på ca 6.7 km frå vegen over Trollstigen og opp til "Mannen". Eg tok pause ved Mannen før eg gjekk vidare rett opp mot toppen av Breitind, 1797 moh. Måtte sette igjen skiene eit stykke oppe i fjellsida og kleiv / klatra  resten av turen opp til toppen av Breitind. Måtte arbeide meg gjennom ein snøskavl for å komme opp på toppen. Gjekk samme vegen ned igjen, fann skiene og gjekk på ski tilbake til vegen eit stykke opp for Trollstigen. Flott tur. På denne tida i 1992 var ikkje "Mannen" kjent som noko rasfarleg område.

Dette var før den digitale tidsalder og bildene er skanna frå papirkopier. Det vart ikkje tatt så mange bilder den gongen som på dagens turer. 

Skitur til Mannen, 02.06.92. Har plassert skiene og ryggsekken ved foten av "Mannen" som står på kanten av stupet ned mot Romsdalen. 
Utsikt opp mot Breitind frå Mannen, 02.06.92.



På toppen av Breitind, 1797 moh. Vi ser mot Trollryggen i Trolltindane.

Selfie på toppen av Breitind, 1797 moh. Bilde tatt med selvutløser i motsol.

Utsikt frå Breitind ned i Romsdalen. Fjellveggen i høgre kant av bildet er Romsdalshorn.



Blogglistenhits