fredag 16. oktober 2020

Flovik Gård starter med storfe, 16.10.2020

På fredag kveld kom det ein dyretransport med 10 stk storfe til Flovik Gård. Dette er storfe av rasen Tirolsk gråfe (Tysk : Tiroler Grauvieh).  Denne rasen er ein hardfør rase som kjem frå fjellbeiter i Tirol (Østerrike og Italia). Rasen kan brukes til både melk og kjøttproduksjon. Kristin Øye Reistad vil utvikle garden og satser no vidare med storfe til kjøttproduksjon. Denne storfe-flokken kom frå ein gard på Gjøvik. Som kjent avslutta Flovik Gård dyrehold med melkeproduksjon for ein del år sidan. Dei siste åra har løa vore utleid til ein bonde frå nabobygda som har hatt kalver og ungdyr der. 

I disse pandemi-tider med mangel på matvarer produsert i Norge er dette eit positivt steg i rett retning. Vil ønske Kristin og Ole Morten til lykke med dette store prosjektet. Veldig kjekt at det igjen blir storfe på Flovik Gård. Kristin har tidlegare starta med frilandsgriser, Boer-geiter og ein markedshage for grønnsaker, så no begynner det å bli mykje aktivitet igjen på garden. Fekk lov til å ta nokre bilder for å dokumentere denne begivenheten.

Sjekk Fb-sida til Flovik Gård på denne linken : https://www.facebook.com/groups/2677798419171677/ .

Dyretransporten frå Nortura har komme til Flovik Gård med 10 stk storfe. Storfe-flokken kom frå ein gård på Gjøvik. 16.10.2020.

No venter vi på at den første kua skal våge seg ut av lastebilen.

Den første tiroler-kua kjem ut av lastebilen. 16.10.2020.

Så snart den første kua hadde gått ut av lastebilen fulgte dei andre etter.

Her har alle dei 10 kyrne komme seg ut og funne seg til rette med mat på sin nye heimplass.

Ku av rasen tirolsk gråfe. Svært så fine dyr. 16.10,2020.

Etter ein lang tur frå Gjøvik til Nesjestranda var det godt for kyrne å finne mat (halm).

Her er alle kyrne. Det var litt forskjell på fargene, nokre mørke og andre lysegrå. Dette skyldes litt innblanding av andre raser.

Tirolsk gråfe har karakteristisk kvitt felt rundt øyne og mule.

Eit siste bilde før det vart før mørkt til fotografering.




fredag 9. oktober 2020

Sverre Kragset lanserer boka "Krig og hverdag" på Veøyheim, 09.10.2020

Fredag 09.10.2020 kl 15 var det boklansering på ungdomshuset "Veøyheim" på Nesjestranda. Det var forfatter Sverre Kragset som presenterte sin bok "Krig og hverdag". Dette er ei bok som omhandler jødebarna Tibor og Vera Taglicht som bodde hos familien Kragset i Vik Prestegård på Nesjestranda under 2. verdenskrig.  Sverre Kragset er yngste sønn til Sogneprest Aksel Kragset [1903-1981] som var prest i Veøy frå 1929 til 1951.

Sverre Kragset hadde lagt opp til ei hyggeleg boklansering på "Veøyheim". Her var det tent opp i ovnen for å ha det varmt i salen og det var satt fram kaffe, te og lefser. Smittevernreglane var fulgt og det var påmelding til lanseringa.  

Boka omhandler altså dei to jødebarna Tibor og Vera Taglicht som kom til Nesjestranda i 1941. Dei bodde hos prestefamilien i Vik Prestegård og vart der ein del av familien Kragset.  Borna vart til slutt tatt av tyskerne og sendt til Auschwitz der dei vart drepne natt til 3. mars 1943 i gasskamrene, 13 og 10 år gamle.

Sitat frå forfatteren på omslaget på boka : "Jeg har et ønske om å formidle den dramatikken som Tibor og Vera opplevde, fra en trygg tilværelse på prestegården, til økende usikkerhet i bygda og i landet, til tyskernes og de norske nazistenes brutale framferd og til slutt dødsmaskineriet i Auschwitz".

Vitner og fortellere som har bidratt til boka var mange, og nokre var tilstades på "Veøyheim", blant anna broren Alf Richard Kragset, Einar Sølsnes og Magnar Malo frå Nesjestranda, samt journalist og skribent Svein Magne Harnes. Desse 4 vart intervjua og fekk overlevert kvar si  bok som takk for bidragene. 

Tibor og Vera vart sammen med 2 av dei andre jødane frå Nesjestranda ofre for tyskernes brutale Holocaust. På Veøy Kyrkjegard på Sølsnes vart det reist ein minnebauta over dei. Det er også lagt ned 4 snublesteinar ved inngangen til Vågsetra Barne og Ungdomsskole. Sjå meir om dette i mitt innlegg om dokumentarfilmen "På flukt" her på denne linken : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/09/pa-flukt-visning-av-dokumentarfilm-pa.html . 

Vi var ca 36 stk sambygdingar og andre frå Skålahalvøya som hadde valgt å vere med på denne boklanseringa. Det vart ei minnerik stund for oss alle. Boka var til salgs og mange benytta sjansen til å få den signert av forfatteren. Til dei som ikkje fekk skaffa seg boka så kan den bestilles hos Z-forlag.  Denne boka er ei glimrande julegave til sambygdingar og andre historieinteresserte personar. Mange kjente lokale personar er omtala i boka, både naboer i Vikdalen og andre personar frå Nesjestranda. 

I Romsdals Budstikke stod det ein artikkel om denne bokutgivelsen den 10.10.2020 : Les artikkelen på  denne linken : (Usikker på om dette er +-artikler som krever abbonnement på RB).

https://www.rbnett.no/kultur/2020/10/09/Barna-flyktet-fra-Romsdal-men-d%C3%B8de-i-gasskammeret.-N%C3%A5-kommer-boka.-22795310.ece         eller på denne linken :

https://romsdalsbudstikke.e-pages.pub/titles/romsdalsbudstikke/2197/publications/5986/pages/44

Mange benytta sjansen til å ta bilder på "Veøyheim" under denne begivenheten. Her er nokre av mine bilder : 

Plakat om boklansering på Veøyheim, 09.10.2020.

Forfatter Sverre Kragset på ungdomshuset "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Forfatter Sverre Kragset presenterer boka "Krig og hverdag" på "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Forfatter Sverre Kragset presenterer boka "Krig og hverdag" på "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Forfatter Sverre Kragset presenterer boka "Krig og hverdag" på "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Forfatter Sverre Kragset presenterer boka "Krig og hverdag" på "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Alf Richard Kragset var leikekamerat med Tibor under krigen og ein viktig bidragsyter til boka. Veøyheim, 09.10.2020.

Sverre Kragset snakker med sin bror Alf Richard Kragset, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Sverre Kragset snakker med Einar Sølsnes, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.


Einar Sølsnes, bidragsyter til boka, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020

Sverre Kragset snakker med Einar Sølsnes, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Sverre Kragset snakker med Magnar Malo, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Sverre Kragset snakker med Magnar Malo, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.


Magnar Malo, bidragsyter til boka, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Sverre Kragset snakker med journalist og skribent Svein Magne Harnes, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Sverre Kragset signerer bøker etter lanseringa. Hans kone Mari holdt orden på det praktiske med boksalget, "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.

Magnar Malo og Sverre Kragset etter boksignering. "Veøyheim", Nesjestranda 09.10.2020.