fredag 16. oktober 2020

Flovik Gård starter med storfe, 16.10.2020

På fredag kveld kom det ein dyretransport med 10 stk storfe til Flovik Gård. Dette er storfe av rasen Tirolsk gråfe (Tysk : Tiroler Grauvieh).  Denne rasen er ein hardfør rase som kjem frå fjellbeiter i Tirol (Østerrike og Italia). Rasen kan brukes til både melk og kjøttproduksjon. Kristin Øye Reistad vil utvikle garden og satser no vidare med storfe til kjøttproduksjon. Denne storfe-flokken kom frå ein gard på Gjøvik. Som kjent avslutta Flovik Gård dyrehold med melkeproduksjon for ein del år sidan. Dei siste åra har løa vore utleid til ein bonde frå nabobygda som har hatt kalver og ungdyr der. 

I disse pandemi-tider med mangel på matvarer produsert i Norge er dette eit positivt steg i rett retning. Vil ønske Kristin og Ole Morten til lykke med dette store prosjektet. Veldig kjekt at det igjen blir storfe på Flovik Gård. Kristin har tidlegare starta med frilandsgriser, Boer-geiter og ein markedshage for grønnsaker, så no begynner det å bli mykje aktivitet igjen på garden. Fekk lov til å ta nokre bilder for å dokumentere denne begivenheten.

Sjekk Fb-sida til Flovik Gård på denne linken : https://www.facebook.com/groups/2677798419171677/ .

Dyretransporten frå Nortura har komme til Flovik Gård med 10 stk storfe. Storfe-flokken kom frå ein gård på Gjøvik. 16.10.2020.

No venter vi på at den første kua skal våge seg ut av lastebilen.

Den første tiroler-kua kjem ut av lastebilen. 16.10.2020.

Så snart den første kua hadde gått ut av lastebilen fulgte dei andre etter.

Her har alle dei 10 kyrne komme seg ut og funne seg til rette med mat på sin nye heimplass.

Ku av rasen tirolsk gråfe. Svært så fine dyr. 16.10,2020.

Etter ein lang tur frå Gjøvik til Nesjestranda var det godt for kyrne å finne mat (halm).

Her er alle kyrne. Det var litt forskjell på fargene, nokre mørke og andre lysegrå. Dette skyldes litt innblanding av andre raser.

Tirolsk gråfe har karakteristisk kvitt felt rundt øyne og mule.

Eit siste bilde før det vart før mørkt til fotografering.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar