mandag 29. august 2011

Villblomster 2011

Her er ein del blomsterbilder eg har tatt i 2011. Dette er alle bilder av blomster i naturen og ikkje hageblomster og planter. Har oppretta egen bloggside for hageblomster frå min eiendom Borg.
Bildene blir lagt til i bloggen i kronologisk rekkefølge, nyaste bildene er øverst i bloggen.

26-Aug-2011 :
Reinfann,  Åndalsnes 26.08.11.

13-Aug-2011 :  

Filtkongslys, Finset, Eikesdal 13.08.11

Filtkongslys, Finset, Eikesdal 13.08.11.
24-Jul-2011 :

Klokkelyng,  Halåsåsen, Eide Kommune 24.07.11.
23-Jul-2011 :
Sløke, Hegneshagen, Nesjestranda 23.07.11.
19-Jul-2011 :
Blåklokker, Røros 19.07.11
18-Jul-2011 :
Myrull, Ved Storwartz gruve, Røros 18.07.11.

Myrull, Ved Storwartz gruve, Røros 18.07.11.
12-Jul-2011 :
Rød Myrklegg,  Kavlisetra, Isfjorden, Rauma Kommune 12.07.11.
06-Jul-2011 :
Bleikmyrklegg, Tarløysa, Rauma Kommune 06.07.11.

Bleikmyrklegg, Tarløysa, Rauma Kommune 06.07.11.

Tettegress, Tarløysa, Rauma Kommune 06.07.11.
13-Jun-2011 :
Tuesildre, Trollstigen, Rauma Kommune 13.06.11.
Greplyng, Trollstigen, Rauma Kommune 13.06.11.
05-Jun-2011 :

Strandnellik, Atlanterhavsvegen 05.06.11


Strandnellik, Atlanterhavsvegen 05.06.11.
04-Jun-2011 :
Myske, Reitan, Nesjestranda 04.06.11.
Maiblomst, Reitan, Nesjestranda 04.06.11.


01-Jun-2011 :
Skogstorkenebb,  Borg, Nesjestranda 01.06.11.
26-Mai-2011 :
Fiol,  Borg, Nesjestranda 26-Mai-2011.
Rød Jonsokblom / Rød Praktstjerne,  Borg, Nesjestranda 26-Mai-2011.
14-Mai-2011 :
Skjørbuksurt,  Røsta, Vågsetervågen 14.05.11.
01-Mai-2011 :
Mogop, Ved E6, Hageseter, Dovrefjell  01.05.11.
Mogop, Ved E6, Hageseter, Dovrefjell  01.05.11.
Mogop, Ved E6, Hageseter, Dovrefjell  01.05.11.

torsdag 25. august 2011

Stikk UT tur til Svartnakken og Fangholsetra


21-Aug-2011 :

Søndag 21 august tok vi turen til dei 2 Stikk UT postane Svartnakken og Fangholsetra i Aukra kommune. Desse postane ligg på Hollingen som er på fastlandsdelen av Aukra kommune. Vi parkerte bilen ved gamle Julsund skole på Hollingen og gjekk ei par hundre meter tilbake til Fanghol. Der går det ein svært bratt skogsveg opp på fjellet. Skogsvegen går heilt opp til Fangholsetra. Oppe på første flata er det merka ein fin rundtur om Gammelsetra - Svartnakken - Storklauva - Fangholsetra og retur ned skogsvegen.
På utsiktspunktet ved Gammelsetra var det flott utsikt utover mot Otrøya og Aukra og vidare ut mot storhavet. Absolutt ein flott rundtur der vi fekk med oss 2 Stikk UT poster. Skogsvegen ned frå Fangholsetra var svært gjørmete på grunn av utbedringsarbeid med gravemaskin som ikkje var ferdig endå. Vi var heldige med været på turen, kun nokre få regndråper i det vi kom til Fangholsetra. Det vart kraftig regn i det vi kom ned i bygda igjen, så vi vart litt våte før vi kom fram til bilen. Her er nokre bilder frå turen.

Start på turen mot Fangholsetra.
 
3 slitne vandrarar på veg opp den bratte skogsvegen til Fangholsetra.

Martin er oppe ved vegskillet for turen til Svartnakken.

Frå utsiktspunktet ved Gammelsetra er det flott utsikt sørover Julsundet. Vi ser den bratte klatrefjellet Ravnfloget til venstre, litt av byggefeltet på Eidskrem og Otrøya til høgre. Neset som stikk ut i fjorden ender opp på Julholmen.
Utsikt mot Hollingen og Aukra.
Jentene på tur vidare oppover mot Svartnakken. Utsikta her er mot Otrøya.
Martin står på det høgaste punktet på Svartnakken. Der er det Stikk UT post.
Svartnakken
Martin skuer opp mot Storklauva som vi må passere på veg til Fangholsetra.
Jentene på tur opp til Storklauva. Utsikt mot Åndal og Aureosen.
Martin har funne ein fin sitteplass på tur opp til Storklauva.
Ida, Anne Torill og Martin ved varden på Storklauva 312 m.o.h.
Varden på Storklauva. Utsikt mot Jendemsfjellet til venstre og mot Åndal, Aureosen og Elnesvågen rett fram. Fjellet til høgre for varden er Valletua. 
Bratt og gøyal nedstigning på stien frå Storklauva ned mot Fangholsetra.

Vi har komme fram til Fangholsetra. Her er det Stikk UT post.

Matpause ved Fangholsetra.
Fangholsetra.
Vi er tilbake ved stidelet og har kun igjen den bratte bakken ned til Fanghol.

onsdag 24. august 2011

Cruiseskip i Molde 2011

19-Aug-2011 :
"Ocean Countess" i Molde i dag. Tredje besøk i Molde i år. Skipet fortsatte til Åndalsnes kl 12:30.
Her er skipets tekniske data og historikk :
Bygd som "Cunard Countess" for Cunard Line ved Burmeister & Wain i Danmark i 1975, 17856 grt, 193.5 m, 884 passasjerer, 18 knop.
1975 - 96 : "Cunard Countess",  Cunard Line, Southampton.
1982 - 83 : Charter for tjeneste ifm Falklands-krigen. Gjekk i rute mellom Falklandsøyene og Ascension fram til April 1983.
1996 - 98 : "Awani Dream II",  Awani Cruise Line, Indonesia.
1998 - 01 : "Olympic Countess",  Royal Olympic Cruises, Hellas.
2001 - 04 : "Olympia Countess", Royal Olympia Cruises, Hellas.
                   Nytt navn på skip og rederi etter tvist med Den Olympiske Komite.
2004 :         Solgt på auksjon 29.01.04 etter konkurs i Royal Olympia Cruises.
2004 - 05 : "Ocean Countess", Majestic International Cruises.
2005 - 06 : "Lili Marleen",  Holiday Kreuzfahrten, Tyskland  (Charter).
2006 - 07 : "Ocean Countess", Majestic International Cruises.
2007 :         "Ruby",  Louis Cruise Lines, Kypros  (Charter).
2007 - 10 : "Ocean Countess", Majestic International Cruises.
2010 - :      "Ocean Countess", Cruise & Maritime Voyages (CMV), UK  (Charter).

"Ocean Countess" ved Storkaia i Molde.
"Ocean Countess" ved Storkaia i Molde.
12-Aug-2011 :
"Azamara Journey" på besøk i Molde i dag. Dette var skipets tredje besøk i Molde, det var på besøk også i 2008 og 2010.
Her er skipets tekniske data og historikk :
Bygd som "R SIX" for Renaissance Cruises ved Chantier Atlantique i Frankrike i 2000. Skipet var nummer 6 i ein serie på 8 likedanne cruiseskip. 30277 grt, 181 m, 702 passasjerer, 18 knop.
2000 - 01 : "R SIX",  Renaissance Cruises.
2001 - 03 : "R SIX", Cruiseinvest, (Kjøpt på auksjon etter konkurs i Renaissance Cruises).
2003 - 04 : Charter til Pullmantur Cruises i sommersesongene i 2003 & 2004 under artistnavnet "Blue Star".
2005 - 06 : "Blue Dream",  Pullmantur Cruises (Charter).
2006 - 07 : "Blue Dream",  Pullmantur Cruises.
2007 :        "Celebrity Journey", Celebrity Expedition (Intern transfer i RCCL som eier både Pullmantur og Celebrity Cruises.
2007 - 09 :  "Azamara Journey",  Azamara Cruises ( Celebrity Expedition skifta namn ).
2009 - :       "Azamara Journey", Azamara Club Cruises ( Nytt namn).

"Azamara Journey" i Molde.

"Azamara Journey" i Molde.


22-Jul-2011 :
"Aida Blu" var på sitt andre besøk i Molde under Jazzfestivalen. Denne kvelden vart eg med på reke-tur med veteranskipet "Midthordland". Turen gjekk frå Molde og ut Julsundet og til Nyhamna på Gossen. På denne turen fekk eg tatt bilder av "AidaBlu" frå sjøsiden i det vi passerte med "Midthordland". "Midthordland" gjekk frå kai kl 20.

"AidaBlu" ved Storkaia i Molde.

"AidaBlu" ved Storkaia i Molde.
Seinare på kvelden møtte vi "AidaBlu" i Julsundet på veg nordover. Det vart eit bra bilde av eit flott cruiseskip under fart med full belysning. Bildet vart tatt kl 22:12 om kvelden.

"AidaBlu" i Julsundet kl 22:12 om kvelden.

11-Jul-2011 :
"AidaBlu" kom til Molde utpå ettermiddagen i dag frå Åndalsnes. Opprinneleg plan var besøk i Molde på formiddagen og Åndalsnes på ettermiddagen. Så plana har nok vorte forandra på eit eller anna tidspunkt utan at Molde Havn har fått det med seg. "AidaBlu" er eit av dei nyaste cruiseskipa som besøker Molde i år. Skipet vart bygd ved Jos. L. Meyer Werft i Papenburg, Tyskland  og levert til Aida Cruises, Rostock i februar 2010. Dette er no eitt av Aida Cruises 7 cruiseskip med 2 nye skip under bygging. Alle desse cruiseskipa er retta inn mot det tyske cruisemarkedet.
Tekniske data : 71304 GRT, 251.9 m lang,  max 2580 passasjerer, 19.5 knop.
"AidaBlu" ved Storkaia i Molde 11.07.11.
"AidaBlu" ved Storkaia i Molde 11.07.11.
Her har alle utvendige lugarer egen veranda.
"AidaBlu" ved Storkaia i Molde 11.07.11.


04-Jul-2011 :
Hapag Lloyd's lille cruiseskip "Hanseatic" var i Molde i dag. Den låg til kai frå kl 7 til 12 og fortsatte vidare til Hammerfest. Dette skipet er på sin første tur i nye Hapag Lloyd farger. Det seiler no for nystarta  Hapag Lloyd Expedition Cruises. "Hanseatic" har vore i Molde mange gonger før, men då i andre farger.
Her er litt historikk :
Bygd som "Society Adventurer" ved Rauma Yards, Finland i 1991. 8378 GRT, 122.7m, 184 passasjerer.
1991 - 93 : "Society Adventurer",  Society Expeditions.
1993 - 96 : "Hanseatic",  Hanseatic Tours  ( Hapag Lloyd).
1996 - 11 : "Hanseatic",  Hapag Lloyd.
2011 - :      "Hanseatic",  Hapag Lloyd Expedition Cruises.

"Hanseatic" ved Storkaia i Molde 04.07.11.

"Hanseatic" ved Storkaia i Molde 04.07.11.

"Hanseatic" gjekk frå Molde kl 12 den 04.07.11.


10-Jun-2011 :
Eit av dei eldste cruiseskipa som fortsatt er i tjeneste besøkte Molde fredag 10-Jun-2011. Det var "Princess Daphne" som har vore i Molde massevis av gonger også med andre navn som "Daphne", "Switzerland" og "Ocean Monarch". Her er tekniske data og historikk for "Princess Daphne". Den har også eit søsterskip "Princess Danae".

Tekniske data : 16310 grt, 162 m, 540 passasjerer, 17 knop. Bygd i 1955 som lasteskip.
1955 - 72 : "PORT SYDNEY",  Port Line, London  (Lasteskip).
1972 - 75 : "AKROTIRI EXPRESS", J.C. Carras, Piraeus, Hellas.
1972 - 74 : Ombygd til cruiseskip ved Chalkis-verftet i Piraeus.
1975 - 84 : "DAPHNE",  Delian Athena Cruises / J.C. Carras, Piraeus, Hellas.
1979 - 84 : "DAPHNE",  Costa Cruises  (Charter i 5 år).
1984 - 96 : "DAPHNE",  Costa Cruises, Italia.
1989 - 96 : "DAPHNE",  Registrert eier Prestige Cruises, Monrovia.
1996 - 01 : "SWITZERLAND",  Leisure Cruises  (Charter i 5 år).
2001 - 02 : "SWITZERLAND",  Dreamline Cruises, Monrovia.
2002 :        "OCEAN ODYSSEY", Page & Moy, UK (Charter).
2002 - 08 : "OCEAN MONARCH",  Page & Moy, UK  (Charter).
2008 - >   : "PRINCESS DAPHNE",  Classic International Cruises, Portugal. Registrert på Madeira.
2008 - >   : "PRINCESS DAPHNE",  Hansa Kreuzfahrten  (Charter).

"Princess Daphne" i Molde 10-Jun-2011.
"Princess Daphne"


03-Jun-2011 :
Dobbeltanløp av cruiseskip i Molde i dag. Det var "Balmoral" og "c.Columbus" som låg til kai. "Balmoral" låg til kai frå kl 8 - 18, mens "c.Columbus" kom kl 10 og gjekk kl 14:30 til Åndalsnes. Det var folksomt i Molde.
Tekniske data :
M/S "Balmoral", bygd i 1988 som "Crown Odyssey" ved Jos L. Meyer Werft, Papenburg, Tyskland.
43537 Grt, 217.9 m lang, max 1350 passasjerer, 20.5 knop.
1988 - 96 : "CROWN ODYSSEY",  Royal Cruise Line, Piraeus, Hellas.
1996 - 00 : "NORWEGIAN CROWN",  Norwegian Cruise Line, Nassau, Bahamas.
2000 - 03 : "CROWN ODYSSEY", Orient Line (Charter).
2003 - 06 : "NORWEGIAN CROWN",  Norwegian Cruise Line, Nassau, Bahamas.
2006 - 07 : "NORWEGIAN CROWN", Fred Olsen Cruise Line / N.C.L. (Charter).
2007 - 08 : Forlenga med 30.2 m ved Blohm & Voss i Hamburg, ex 34242 Grt, 187.7 m.
2008 -      : "BALMORAL",  Fred Olsen Cruise Lines.

M/S "c.Columbus", bygd i 1997 ved MTW Schiffswerft i Wismar i Tyskland for Hapag-Lloyd, Hamburg.
14903 Grt, 145 m lang, max 420 passasjerer, 18.5 knop.

"Balmoral" og "c.Columbus" ved Storkaia i Molde.

"c.Columbus", Molde

"c.Columbus" ved Storkaia i Molde

"Balmoral"

"Balmoral"

"Balmoral" ved Storkaia i Molde



16-Mai-2011 :

I dag hadde Molde besøk av cruiseskipet "Ventura". Dette skipet var på sitt første besøk i Molde. Skipet er det største som har lagt til ved Storkaia i Molde. Det har ein kapasitet på 3574 passasjerer, men uvisst kor mange som var ombord på dette besøket. Det krydde i alle fall av engelse pensjonister i gatene i Molde denne dagen. "Ventura" returnerer til Molde og Åndalsnes seinare i sommer den 17/8.
Bygd i 2008 på Fincantieri verftet i Monfalcone, Italia for P & O Cruises, London. Søsterskipet "Azura" bygd ved samme verft i 2010. Registrert i Hamilton på Bermuda.

Tekniske data :
M/S "VENTURA" : 116017 GRT, 289.6 m lang, max 3574 passasjerer, 21.7 knop.

"Ventura" ved Storkaia i Molde 16.05.11

"Ventura" ruver godt ved Storkaia.

"Ventura" ved kai i Molde. Ferga blir liten i forhold. Bildet er tatt frå Bolsøya.


18-Mar-2011 :

Cruisesesongen 2011 i Molde har forlengst starta med 2 anløp av "Marco Polo" og 1 anløp av "Ocean Countess". Sistnevnte skip kom til Molde midt under stormen den 22-Mars-2011. Den måtte kaste anker og ha assistanse av hjelpebåt for å komme til kai i vindkastene. Var desverre ikkje i Molde denne dagen. Derimot fekk eg med meg det andre anløpet til "Marco Polo" denne vinteren den 18-Mar-2011.
Det har blitt populært med vintercruise til Norge og særlig Nord-Norge. Cruisene selges som temacruise for å oppleve "Aurora Borealis" eller Nordlyset. Det er særlig engelskmenn som lar seg lokke på cruise til kalde og mørke Norge vinterstid og både "Marco Polo" og "Ocean Countess" seiler for engelske CMV.
Litt historikk om "Marco Polo" :
Bygd i 1965 ved Mathias-Thesen Werft i Wismar, DDR som "Alexandr Pushkin" for Baltic Shipping Company i Leningrad, Sovjetunionen. Dette var skip nr 2 i ein serie på 5 like skip bygd ved samme verft i perioden 1964 - 1972. Kun "Marco Polo" av denne serien eksisterer i dag.

19860 grt, 176 m lang, 650 passasjerer, 20.5 knop.

1965 - 91 : "Alexandr Pushkin", Baltic Shipping Company, Leningrad.
1985 - 91 : Overført til FESCO / CTC Cruises, brukt til cruise bl.a i Australia.
1991 - 98 : "Marco Polo", Orient Line, Nassau.
1991 - 93 : Ombygd ved verft i Hellas,  22080 grt, 850 passasjerer.
1998 - 00 : "Marco Polo", Orient Line Europe Ltd., Nassau.
2000 - 04 : Orient Line Europe tatt over av Norwegian Cruise Line, Nassau.
2004 - 07 : "Marco Polo", Ocean World Ltd., Nassau.
2007 -      : "Marco Polo", Story Cruise Ltd., Nassau.
2008 - 10 : Charter til Transocean Tours, Bremen.
2010 - :      "Marco Polo",  Cruise & Maritime Voyages (CMV), UK  (Charter).

Her er nokre bilder tatt av "Marco Polo" ved Storkaia i Molde den 18-Mar-2011.





"Marco Polo" ved Storkaia i Molde 18.03.11.