torsdag 25. august 2011

Stikk UT tur til Svartnakken og Fangholsetra


21-Aug-2011 :

Søndag 21 august tok vi turen til dei 2 Stikk UT postane Svartnakken og Fangholsetra i Aukra kommune. Desse postane ligg på Hollingen som er på fastlandsdelen av Aukra kommune. Vi parkerte bilen ved gamle Julsund skole på Hollingen og gjekk ei par hundre meter tilbake til Fanghol. Der går det ein svært bratt skogsveg opp på fjellet. Skogsvegen går heilt opp til Fangholsetra. Oppe på første flata er det merka ein fin rundtur om Gammelsetra - Svartnakken - Storklauva - Fangholsetra og retur ned skogsvegen.
På utsiktspunktet ved Gammelsetra var det flott utsikt utover mot Otrøya og Aukra og vidare ut mot storhavet. Absolutt ein flott rundtur der vi fekk med oss 2 Stikk UT poster. Skogsvegen ned frå Fangholsetra var svært gjørmete på grunn av utbedringsarbeid med gravemaskin som ikkje var ferdig endå. Vi var heldige med været på turen, kun nokre få regndråper i det vi kom til Fangholsetra. Det vart kraftig regn i det vi kom ned i bygda igjen, så vi vart litt våte før vi kom fram til bilen. Her er nokre bilder frå turen.

Start på turen mot Fangholsetra.
 
3 slitne vandrarar på veg opp den bratte skogsvegen til Fangholsetra.

Martin er oppe ved vegskillet for turen til Svartnakken.

Frå utsiktspunktet ved Gammelsetra er det flott utsikt sørover Julsundet. Vi ser den bratte klatrefjellet Ravnfloget til venstre, litt av byggefeltet på Eidskrem og Otrøya til høgre. Neset som stikk ut i fjorden ender opp på Julholmen.
Utsikt mot Hollingen og Aukra.
Jentene på tur vidare oppover mot Svartnakken. Utsikta her er mot Otrøya.
Martin står på det høgaste punktet på Svartnakken. Der er det Stikk UT post.
Svartnakken
Martin skuer opp mot Storklauva som vi må passere på veg til Fangholsetra.
Jentene på tur opp til Storklauva. Utsikt mot Åndal og Aureosen.
Martin har funne ein fin sitteplass på tur opp til Storklauva.
Ida, Anne Torill og Martin ved varden på Storklauva 312 m.o.h.
Varden på Storklauva. Utsikt mot Jendemsfjellet til venstre og mot Åndal, Aureosen og Elnesvågen rett fram. Fjellet til høgre for varden er Valletua. 
Bratt og gøyal nedstigning på stien frå Storklauva ned mot Fangholsetra.

Vi har komme fram til Fangholsetra. Her er det Stikk UT post.

Matpause ved Fangholsetra.
Fangholsetra.
Vi er tilbake ved stidelet og har kun igjen den bratte bakken ned til Fanghol.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar