Fugler 2012

Her er nokre av mine fuglebilder tatt i 2012.

11-OKT-2012 : PILFINK

På besøk hos min tante i Lom fekk eg sjå denne fuglen. Det er ein pilfink. Det var ein liten koloni av pilfink som holdt til i nabolaget hennes i Røyskattlie i Lom. Denne fuglen er svært lik den meir vanlege gråspurven, men skiller seg klart ut med brun hette på hodet. Gråspurven har grå hette og er ellers litt større og meir klumpete.
Pilfink, Svestad, Lom 11.10.12.
09-SEP-2012 :  MUNK

Har dei siste par åra hatt besøk av munk i hagen om hausten. I år fekk eg tatt bilder av eit par som var svært glad i å spise ripsbær. Hannen har svart hette, mens hunnen har ein meir brunleg hette. Denne fuglen høyrer til sangarfamilien.
Munk, Borg, Nesjestranda 09.09.12.
Munk, Borg, Nesjestranda 09.09.12.
Munk, Borg, Nesjestranda 09.09.12.
28-JUN-2012 :  BUSKSKVETT

På fotosafari til Sør Nesje kom eg over busksvett på 2 forskjellige lokaliteter. Fuglane var vanskeleg å fotografere sidan dei var relativt sky. Den eine satt og sang i toppen av eit rognebærtre, mens den andre varsla tydeleg om at det var reir / unger i nærheten.

Buskskvett, Sør Nesje, Nesjestranda 28.06.12.
Buskskvett, Kjerringneset, Nesjestranda 28.06.12.


25-JUN-2012 :  TREPIPLERKE

Desse bildene er tatt nede ved sjøen på garden Flovikhaugen på Nesjestranda. Her var det nyslåtte marker og typisk biotop for Trepiplerke. Det var minst 2 par som holdt til i området. Oppførsel og varselrop tyda på at det var reir eller unger i nærheten. Sendte eit av bilda til Fuglevennen.no (Norsk Ornitologisk Forening's nettside for spørsmål om fugler). Fekk der bekrefta at det må vere Trepiplerke. Ikkje alltid like lett å identifisere desse fuglane der fleire arter er veldig like.
Trepiplerke, Flovikhaugen, Nesjestranda 25.06.12.
Trepiplerke, Flovikhaugen, Nesjestranda 25.06.12.
 
06-MAI-2012 :  KRYKKJE
Var ein tur til fiskeværet Bud denne dagen. Krykkjene har for lengst satt seg ned i fuglefjellet på Ergan. Denne kolonien har vore i Bud sidan fuglefjellet i Ålesund sentrum vart sprengt vekk ein gong på 80-tallet. Det vart sagt lokalt at krykkjene snakka med Ålesundsdialekt ! Egglegginga har ikkje starta endå, men det nærmer seg no. I tillegg til å bruke det gamle steinbruddet i Ergan som hekkeplass er det også ein del krykkjer som hekker på sjøhus-vegger både i Bud og i Harøysund. På Ergan har krykkjene fått hjelp til reirplasser. Ein del treplanker har blitt hengt opp i veggen slik at krykkjene fekk "hyller" til å plassere reirene sine på. Krykkja er ein måsefugl som er lett kjennelig frå andre måser i og med at den har svarte bein.

Krykkjer, Ergan, Bud 06.05.12.
Krykkje, Ergan, Bud 06.05.12.
Krykkje, Ergan, Bud 06.05.12.
 06-MAI-2012 :  TRANE

Trane, Borvika, Røvik 06.05.12.

05-MAI-2012 :  TRANE

Kvar vår er det muleg å sjå traner mange plasser i Molde Kommune. På Skålahalvøya har eg sjølv sett traner fleire plasser, blant anna på markene til Lauvåsen, Borvik og Røvikhagen i Røvik. Har også observert traner fleire plasser i Osen. Om våren ser det ut til at tranene flyr lange strekninger for å finne gode beiteplasser på grønne marker. Her kan dei finne frosker og anna småkryp i gresset og med det lange nebbet graver dei i bakken etter diverse røtter. Trana har eit karakteristisk trompetstøt som kan høyrest langt avgårde. Trana har utvida sitt hekkeområde dei siste 10-15 åra og finst no andre plasser enn kun i fjellområder i innlandet.

Trane, Borvika, Røvik 05.05.12.

Trane, Borvika, Røvik 05.05.12

Trane, Borvika, Røvik 05.05.12


01-MAI-2012 :  RINGDUE

Ringdue er det ein del av på Nesjestranda. Dei liker seg godt i kornåkrer. Ringdua har den kvite ringen rundt halsen som spesiellt kjennetegn. Ringdua er ganske sky og vanskeleg å få på kamerahold. Fekk tatt eit par bilder av 3 ringduer på marka i Stenså i dag. Det vart for langt hold sjølv med 300mm zoomlinse, så måtte bruke digital zoom for å få fuglane litt nærmare. Dei trakk seg unna fotografen så det vart kun bilder av fuglane bakfrå. Får prøve igjen ein annan gong.

Ringdue, Stenså, Nesjestranda 01.05.12.

Ringduer, Stenså, Nesjestranda 01.05.12.
26-APR-2012 :  ÆRFUGL
Fotograferte ærfugl på Molde Havn i dag. Fleire par svømte ganske nærme kaikanten på jakt etter føde. Ærfuglen er vår største dykkand. Den er standfugl som oppheld seg i området heile vinteren.

Ærfugl, hunnfugl, Molde 26.04.12.

Ærfugl, hannfugl, Molde 26.04.12.

01-APR-2012 :  BOKFINK

Bokfinken dukka opp for første gong på foringsplassen i dag 1-April.  Bokfinken er ein trekkfugl som også er eit godt vårtegn. Ein stor flokk med bokfink-hanner konkurrerte med ein stor flokk gulspurv om solsikkefrø på bakken under foringsbrettet. Ellers bød dagen på besøk av 2 kjernebitere, ein flaggspett, mange meiser og ein del grønnfink. Såg også ei rødstrupe igjen etter lang tids fråvær på foringsplassen på Borg. Rødstrupa er ellers ein fugl som gjerne overvintrer her på våre kanter.

Bokfink, Borg, Nesjestranda 01.04.12.
 19-MAR-2012 :  STORSKARV

Storskarv, Elvemoloen, Molde 19.03.12.
Storskarv, Elvemoloen, Molde 19.03.12.

16-MAR-2012 :  SPETTMEIS

Spettmeis,  Borg, Nesjestranda 16.03.12.

16-FEB-2012 :   SANGSVANE
Sangsvaner har også denne vinteren oppholdt seg på Nesjestranda. Denne sangsvana låg i bekken som renn ut i Bergsvikbukta. Den såg ut til å kose seg der og drakk blant anna ferskvann frå bekken.

Sangsvane, Bergsvikbukta, Nesjestranda 16.02.12.
Sangsvane, Bergsvikbukta, Nesjestranda 16.02.12.

15-FEB-2012 :  SILAND

Må nok jobbe hardare for å få nærbilde av silanda. Denne andefuglen er svært sky og svømmer frå land så snart ein nærmer seg.  Dette bildet er tatt av ein hannfugl på Bolsøybukta, Bolsøya.
Siland, Bolsøybukta, Bolsøya 15.02.12.

15-FEB-2012 :  STORSKARV

Ein treng ikkje reise langt ut på kysten for å finne sjøfugl. Denne storskarven tørka vengane på ein stein i Grandfjæra i Molde sentrum.
Storskarv, Molde 15.02.12.

14-FEB-2012 :  FLAGGSPETT

Fekk i dag tatt bilde av flaggspetten i det den forsynte seg av meisebollen. Det var så lite igjen av meisebollen at flaggspetten ikkje tok sjansen på å henge i den. Men den klarer å henge opp ned og samtidig forsyne seg av maten i meisebollen på grunn av god akrobatikk og myk nakke.
Flaggspett,  Borg, Nesjestranda 14.02.12.

13-FEB-2012 :  FLAGGSPETT

Flaggspetten liker å henge opp ned, Borg, Nesjestranda.

13-FEB-2012 :  KJERNEBITER

Fekk besøk av ein kjernebiter igjen i dag. Det var mykje aktivitet på fuglebrettet sidan været var dårleg med mykje regn. Dette kan nok vere ein annan fugl enn den som er vist ovanfor sidan den ser ut til å vere lysare brun på hodet, kan vere ein hunnfugl.

Kjernebiter på fuglebrettet, Borg, Nesjestranda 13.02.12.

03-FEB-2012 :  GULSPURV
Gulspurv i kornbandet,  Borg, Nesjestranda 03.02.12.
Gulspurv, Borg, Nesjestranda 03.02.12.

03-FEB-2012 :  KJERNEBITER

Dette er ein sjelden gjest på Nesjestranda. Eg har aldri sett denne fuglen her før. Den dukka opp første gongen tidleg i januar. Fekk ikkje tatt noko bilde av den då. Fuglen er ganske sky og ein må vere forsiktig for ikkje å skremme den. Såg den nokre gonger til i januar, men fekk ikkje tatt bilder før den 3-Feb.
Det er ein flott og fargerik fugl som skil seg ut blant meiser, finker og spurv på fuglebrettet.
Kjernebiteren har fått navnet sitt på grunn av at den lever hovedsakelig av kjerner frå steinfrukter og frø av forskjellige tresorter. Fuglen er ein sjelden hekkefugl i Norge, den hekker sporadisk langs kysten frå Østfold til Vest Agder. Tilfeldige hekkefunn er også gjort i Oppland og i Sør Trøndelag.

Kjernebiter på fuglebrettet, Borg, Nesjestranda 03.02.12.

07-JAN-2012 : FLAGGSPETT

Flaggspett,  Borg, Nesjestranda 07.01.12.