Årets første fellestur med Birdlife Møre og Romsdal gjekk til Skardsøya i Aure kommune lørdag 22.03.2025. Målet med turen var å sjå etter sjøfugler blant anna gulnebblom som overvintrer i området ved Skardsøya. Oppmøte var ved Vean busstopp ved brua over til Skardsøya kl 10:00. Turledere var Ingvar Gjerdevik og Arnstein Gjeldnes. Ingvar hadde fått nyss om at ein sjelden fugl var observert i Kjørsvikbugen. Vi bestemte oss for å legge turen til Kjørsvikbugen først. Eirik og Hans Våg hadde sett fuglen tidlegare på dagen og vi vart med dei til ein utsiktplass. Fuglen vi ville sjå etter var ein underart av ærfugl som heiter Borealis, (Somateria mollissima borealis). Dette er ein fugl som stort sett held seg på Svalbard og hadde få observasjoner i Møre og Romsdal. Den eine Borealis-hannen holdt sammen med ein stor flokk med vanlige ærfugler. Uheldigvis låg flokken ganske langt frå land, men vi fekk alle sjå underarten med teleskop. Underarten skilte seg ut frå resten av ærfugl-hannene med sitt gule nebb. I samme flokk kunne vi også sjå mange haveller og ein del storskarv. Dette funnet vart eit høgdepunkt på turen.
Vi dro så tilbake til Skardsøya og køyrde ut til Skard. Der gjekk vi ut på neset Hanen for å sjå etter gulnebblom. Her fekk vi sjå totalt 6 stk gulnebblom, men dei låg no langt frå land, nesten ute i Trondheimsleia. Grunnen til det var nok litt trafikk av fritidsbåter i området nærmare land. Her fekk likevel alle sett gulnebblom med teleskop, men fuglane var utanfor fotohold.
Turen gjekk så vidare med stopp i Mellandsvågen mellom Skardsøya og Lesundøya. Her var det mange arter, men dei fleste låg også her langt ute frå land. Vi fekk sett smålom, islom, sjøorre, svartand, ærfugl, horndykker og den meir sjeldne gråstrupedykkeren. Deretter gjekk turen til siste stoppestad for turen som var Finnset på sørsida av Skardsøya. Her var det fin utsikt over Finnsetbugen og til Trondheimsleia og vi fekk sjå mange fleire islomar. Totalt vart det observert 19 stk islom i Mellandsvågsområdet. Vi fekk også sjå eit par otere i aksjon.
Det var gode værforhold med sol og fint vær under turen. Men det begynte å blåse litt utover ettermiddagen, og med meir bølger på sjøen vart det vanskelegare å oppdage fugler på langt hold.
Alle observerte arter er oppdatert i Artsobservasjoner. Vi var totalt 8 stk fugleinteresserte personer på turen. Fekk tatt nokre fuglebilder på langt hold med Nikon P1000. Stor takk til turledere Ingvar og Arnstein for ein flott tur.
 |
Ærfugl underart borealis, (Somateria mollissima borealis), Kjørsvikbugen, 22.03.2025.
|
 |
Haveller, Kjørsvikbugen, 22.03.2025.
 | Ein stor flokk med ærfugl og ei havelle. Midt i bildet ser vi ærfugl underarten borealis med gult nebb. Kjørsvikbugen, 22.03.2025.
|
|
 |
Frå Skard på Skardsøya. Vi ser etter gulnebblom. |
 |
Avreise frå Skard, Skardsøya. |
 |
2 stk sjøorre i Mellandsvågen, 22.03.2025. |
 |
Smålom i Mellandsvågen, 22.03.2025.
|
 |
2 svartender i Mellandsvågen, 22.03.2025.
|
 |
Her ser vi etter islom frå P-plassen på Finnset, Skardsøya, 22.03.2025. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar