fredag 20. januar 2023

Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal med oppdrag på Nesjestranda, 20.01.2023

Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal med båten "Rigmor" kom i dag inn til Havnevika på Nesjestranda etter sjøopprydning på Veøya. Dei hadde fått beskjed om eit flytande "objekt" i Sørvågen på Veøya. Dette viste seg å vere deler av ei stor kai med lange kaistolper som flaut lavt i sjøen og var ein stor fare for båter på sjøen. "Rigmor" rykka ut frå basen i Ålesund. Båten har egen kran, men kaidelene var for stor til å kunne løftes ombord. Dermed vart kaidelene slept til land i Havnevika på Nesjestranda. Ein lastebil med stor kran kom og fekk løfta delane opp av sjøen. Karane på "Rigmor" brukte motorsag til å lage passelege deler som kunne fraktes bort med lastebilen. 
Ingen veit med sikkerhet kor desse kaidelane kom i frå, mest truleg har dei komme med vær og vind frå vest og dermed enda opp i Sørvågen på Veøya. Er det nokon som savner deler av kaia si, så er den no køyrt til Ålesund som spesialavfall. Kaistolpane var innsatt med kreosot, sannsynlegvis brukte stolpar frå strømforsyninga. Uansett er kaidelane no fjerna frå sjøen. Sjå egen faktaboks om Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal etter bildene (16 bilder).

M/S "Rigmor" i Havnevika på Nesjestranda 20.01.2023. Har lagt til ved steinfyllinga til Nesjetranda Møbelfabrikk (no Nesje A/S).

Ein kranbil henter kaideler frå "Rigmor".

Kranbilen har løfta opp første del av kaia som låg og flaut i sjøen på Veøya.

Ein kranbil henter kaideler frå "Rigmor".

Klargjering for løft #2. Kaidelane vart slepa i land av "Rigmor" og ligg i sjøen ved siden av båten. "Rigmor" assisterer løftet med egen kran.

Klargjering for løft #2. Kaidelane vart slepa i land av "Rigmor" og ligg i sjøen ved siden av båten. "Rigmor" assisterer løftet med egen kran.

Kranløft # 2 på veg opp frå sjøen.

Kranløft # 2. Deler av kai med kaistolper, bjelker og ein tung jernbjelke øverst.

Kranløft # 2 løftes over på kranbilen.

Kranløft # 2 løftes over på kranbilen.

Då er mesteparten av kaidelane lagt ned på kranbilen.

Dei lange kaistolpane måtte kappes av med motorsag.

Det vart eit stort lass. Heldigvis fekk Skjærgårdstjenesten fjerna dette frå sjøen i Sørvågen på Veøya.

Dei avkappa lengdene blir stroppa opp og lagt på toppen av lasset.

M/S "Rigmor" er ferdig med oppdraget og sett kurs tilbake til basen i Ålesund.

M/S "Rigmor" drar frå Nesjestranda etter endt oppdrag. Båten er hurtiggående og har ei marsjfart på 32-32 knop.

Faktaboks om Skjærgårdstjenesten frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal sin nettside :

Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal er et spleiselag mellom staten ved Miljødirektoratet, fylkeskommunen og friluftsrådene i fylket. Kommunene bidrar gjennom medlemskontingent til de to friluftsrådene, Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Skjærgårdstjenesten har jobbet med tilrettelegging, drift og skjøtsel av friluftsområder som eies av det offentlige siden starten i Oslofjorden i 1992. I årene som har gått har Skjærgårdstjenesten blitt gradvis utvidet til å omfatte hele kysten fra svenskegrensa til og med Hordaland. I 2017 fikk man gjennomslag i stortinget for å utvidelse av tjenesten til Møre og Romsdal, og i juli 2018 var den første tjenestebåten på plass i Ålesund. Båten fekk navnet "Rigmor" etter gudmor Rigmor Andersen Eide som i 2017 var den stortingsrepresentanten som sto i front for å få midler til etablering av skjærgårdstjeneste i Møre og Romsdal inn i statsbudsjettet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar