tirsdag 7. juli 2020

Frilandsgriser på Flovik Gård, Nesjestranda

Flovik Gård har i sommer 5 stk flotte griser på oppforing. Disse går ute i det fri og lever det gode liv i Flovika.  Var ein tur og kikka på grisane i dag. Dei hadde vokse seg store sidan første gong eg såg dei tidlegare i år. Grisane hadde roa seg ned for kvelden og låg i ro i sine egne groper i jorda. Dei 5 grisane har fått egne navn. Det er 3 hanner som heiter Aslan, Tumnus og Edmund og 2 hunner som heiter Susan og Lucy.
Dette er griser av rasen "Noroc" som er framavla av Gilde Norsk Kjøtt og Norsvin.  Kjøtt frå denne rasen markedsføres under merkenavnet "Edelgris". 
Men, det går mot slutten for dette grisekullet. Grisane blir slakta i Juli/August og etter det kjem det nye grisungar som skal vekse seg store og feite til Jul.  Den som vil kan ta kontakt med Flovik Gård og bestille svinekjøtt av "Edelgris". 
I tillegg har Flovik Gård ein Markedshage der ein utover høsten kan kjøpe forskjellige typer grønsaker, salater, poteter o.l.

Frilandsgriser på Flovik Gård, 07.07.2020.

Frilandsgriser på Flovik Gård, 07.07.2020.

Frilandsgris på Flovik Gård, 07.07.2020. 

Frilandsgris på Flovik Gård, 07.07.2020. Grisane elsker å grave i jorda.

lørdag 27. juni 2020

Slåtte i Ytre Horsgård 27.06.2020

Passerte Ytre Horsgård denne dagen 27.06.2020. Her var årets første slåtte på gang med produksjon av rundballer. Her fekk dei gjort unna slåtten før regnværet kom, så avlinga vart sikkert bra.
Verre står det til på resten av gardane på Nordstranda inkludert Malo-gardane. Her var det pr 07.07.2020 endå ikkje blitt slått og markane såg heller dårleg ut. Graset låg flatt etter fleire dager med kraftig regn. Det einaste som fortsatt stod oppreist var høymolen. Markane såg mest ut som om det var dyrking av høymole som var det primære, høymolen har tatt over mykje av arealet. Eit trist syn å sjå for her blir det nok dårleg avling i år. Grunnen er vel at bonden som har slåtten på desse gardane driv økologisk og dermed ikkje kan bruke plantevernmiddel mot for eksempel høymole.  Sidan ingen av gardane er i drift er slåtten utført av ein bonde frå ei bygd lenger unna. Denne avstanden kan vel også vere ein årsak til at ting tar lang tid. Trist for dei som bor på Nordstranda som må vente så lenge før graset blir slått og synd på bonden som får ei dårleg avling i år. Til opplysning så er det ein anna bonde som har slåtten i Ytre Horsgård. 

Her er nokre bilder frå slåtten i Ytre Horsgård :

Rundballepressing, Ytre Horsgård, 27.06.2020. Ikkje heilt ufarleg å sleppe av ein rundballe her kor det er bratt terreng. Rundballane trilla eit godt stykke før dei stoppa opp.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

torsdag 25. juni 2020

Rødsveve i full blomst langs vegkantane på Skålahalvøya

Den flotte rødsveva blomstrer mange plasser langs bilvegane på Skålahalvøya. Den er no på sitt flottaste og ser ut til å utvide sitt vekstområde for kvart år.  Den ser ut å trives svært godt i vegkantene, der den får stå i fred heilt til kantslåtten tar til. Tok nokre bilder langs vegkanten i Indre Horsgård der det er svært mykje rødsveve i år. Denne blomsten er svært fargerik og lyser opp langs vegen der den veks. Heile strekninga frå Horsgård til Buvik og Ranvik har mykje rødsveve i år. Den er også observert andre plasser på Skålahalvøya, blant anna i Røvik.  Ta gjerne turen innover Langfjordvegen for å sjå på denne rike floraen før kantslåtten fjerner den.
Ellers er det tiriltunge som dominerer floraen langs vegkantane for tida.

Er litt usikker på om det er rødsveve [Pilosella aurantiaca] eller ildsveve [Pilosella fuscoatra] som veks her i Romsdalen, men held ein knapp på rødsveve.  Ildsveve ligner veldig på rødsveve, men etter litt søk på internett blant anna på Ardatabanken ser det ut som ildsveve ikkje er ein vanleg art i Møre og Romsdal. I tillegg er den på rødlista over blomsterarter, mens rødsveve derimot er ein art som sprer seg villig og er ganske vanleg.
Artskart for rødsveve hos Artsdatabanken viser svært mange funn i Møre og Romsdal. Min konklusjon er derfor at det er rødsveve [Pilosella aurantiaca] som vi ser mykje av her i Romsdal,

Rødsveve, Indre Horsgård, Nesjestranda, 25.06.2020.

Rødsveve, Indre Horsgård, Nesjestranda, 25.06.2020.

Rødsveve, Indre Horsgård, Nesjestranda, 25.06.2020.

Rødsveve, Indre Horsgård, Nesjestranda, 25.06.2020.

Kilometervis med blomstereng langs vegane våre i disse dager. Her der det tiriltunge og lupin som dominerer. Dette er frå Brenslen på vegen mellom Horsgård og Buvik, 25.06.2020.

Tiriltunge med innslag og kvitkløver og rødkløver. Frå Brenslen på vegen mellom Horsgård og Buvik, 25.06.2020.

lørdag 13. juni 2020

Førsteslåtten på Nesjestranda 13.06.2020

På denne dag 13.06.2020 var det full aktivitet blant bygdas bønder. Årets førsteslått vart unnagjort på dei fleste gardane.  Her er nokre bilder som viser den viktige jobben som bøndene gjer for oss alle. Bildene er frå Sør Nesje og Flovika.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Flovika, 13.06.2020.

torsdag 11. juni 2020

M/S "RØDHOLMEN" - størst i Bærum

Fotograferte fiskebåten "Rødholmen" ved kai på Mjølstadneset i Herøy Kommune. Båten hadde lagt til med hekken mot kaia. Uheldigvis for meg fekk eg berre tatt bilde av skyggesiden på båten. Oppdaga etterpå at båten hadde fått nytt fiskerimerke. Den var no registrert med merke VN-118-B.
Dette er nytt merke frå Bærum Kommune i nye Viken Fylke. Det er nok ganske sikkert den største fiskebåten som har vore registrert i denne kommunen og også i dette nye fylket.
Båten har fortsatt Harstad som heimehavn og eier er Rødholmen AS, 1361 Østerås ( som er i Bærum Kommune). Dette selskapet er igjen eid 100 % av Ytterstad Fiskeriselskap AS. Uansett grunn, det var moro å finne dette fiskerimerket på ein så stor fiskebåt.

M/S "RØDHOLMEN" :

Bygd 1996 v / Kopervik Slip AS, Kopervik,  60 m, 1448 brt. LCMN,  IMO 9118044.
1996-2004 : "CHRIS ANDRA",  Skottland,
2004-2007 : "TORBAS", F-4-M, Eier : Torbas AS, 6710 Raudeberg,  (22.03.04),
2007 :           "TORBAS", M-42-HØ, Eier : Kvalstein AS, 6098 Nerlandsøy, (16.02.07),
2007-2009 : "TORBAS", SF-41-V, Eier : Torbas AS, 6710 Raudeberg, (22.10.07),
2009-2010 : "TORBAS", SF-4-V,  Eier : Torbas AS, 6710 Raudeberg, (24.06.09),
2010 : Solgt til Danmark. Sletta i registeret, (08.01.10),
2010-2011 : "STROMBOLI",  Danmark,
2011 :           Forlenga med 15 m, Ny lengde 75 m, ny tonnasje 1874 brt.  (20.12.11).
2011-2018 : "RØDHOLMEN", N-118-LN,  Eier : Rødholmen AS / M Ytterstad AS, 8410 Lødingen,
2018-2020 : "RØDHOLMEN", N-118-LN, Eier : Svensgam AS / M. Ytterstad AS, 8410 Lødingen.
2020 -  :       "RØDHOLMEN", VN-118-B, Eier : Rødholmen AS, 1361 Østerås / M. Ytterstad AS, (06.02.20).

M/S "RØDHOLMEN" ved Mjølstadneset, 11.06.2020.

M/S "RØDHOLMEN" ved Mjølstadneset, 11.06.2020. Utsnitt frå forrige bilde som viser fiskerimerket VN-118-B,  (Bærum Kommune i Viken Fylke).




onsdag 10. juni 2020

G. Øye AS på oppdrag i Kvalsvik på Nerlandsøya

Køyrde meg ein sightseeingstur på ytre Sunnmøre denne dagen. Køyrde frå Fosnavåg og over brua til Nerlandsøya. Her endar vegen lengst vest i Kvalsvika. Oppdaga noko kjent ute ved den store moloen i Kvalsvika. Det var dykkerbåten til Geir Øye AS, "Emilie" som var i aktivitet. Inne i hamna låg også den lille slepebåten "Lilfix" som også tilhører G. Øye AS.  Tok nokre bilder for å dokumentere oppdraget. Artig å treffe på båter med lokal tilhørighet så langt vekke. For dei som ikkje er lokalkjente høyrer selskapet G. Øye AS til på Nesjestranda i Molde Kommune. Ser frå AIS at båtane fortsatt er i aktivitet på Nerlandsøya ei veke etter at eg tok desse bildene.

Dykkerbåten "Emilie" til G. Øye AS på oppdrag ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya 10.06.2020.

Dykkerbåten "Emilie" til G. Øye AS på oppdrag ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya 10.06.2020.

"Lilfix" og "Emilie" i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020.

"Lilfix" og "Emilie" i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020.

"Emilie" på oppdrag ute ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020. Vi ser rett over til Runde i Bakgrunnen. Fuglefjellet er det lyse feltet rett bak det kvite huset på moloen.

M/S "SÆBJØRN" på tur inn til Fosnavåg 10.06.2020

Var så heldig å få sjå ein stor båt gå til kai i Fosnavåg. Som mange veit er det ein ganske trang kanal som leder inn til Vågen der hamna er. Det var fiskebåten "Sæbjørn" som kom. Den kom seg veldig elegant gjennom den trange kanalen og la til kai ved Fosnavaag Pelagic AS. Fekk tatt nokre bilder av seilasen.  

M/S "SÆBJØRN" :

Bygd 1996 v / Eidsvik Skipsbyggeri, Uskedalen,  65.7 m, 1742 brt,  LIFA, IMO 9126596.
1996 - :  "SÆBJØRN", M-27-VD, Eier : AS Sæbjørn, Ørsta / Fosnavåg, (27.09.96).

Her er bildene :

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020. Må holde tunga beint i munnen den som skal køyre inn her.

"Sæbjørn" på veg inn til kai i Fosnavåg, 10.06.2020.

"Sæbjørn" ved kai hos Fosnavaag Pelagic AS, 10.06.2020.
Kartutsnitt over Fosnavåg. Her ser vi godt den trange kanalen som går inn til hamna i Vågen. 

mandag 8. juni 2020

Fiskebåten "Guttorm" frå 1961 - Bygd på Vestnes


Var ein tur på ytre Sunnmøre tidlegare i Juni og fekk der fyllt opp minnebrikka til kameraet med skipsbilder. Det gjekk i ferger, fiskebåter og offshorefartøy i opplag. Fekk også med nokre Corona-opplagte cruiseskip og hurtigruteskip.
I dette innlegget vil eg presentere ein gammel fiskebåt, bygd i 1961 på Vestnes. Båten har hatt ein lang karriere under fleire namn og eiere. Fann båten opplagt ved Herøy Industripark i Tjørvåg. Der skal den ha vore sidan 2018 og det er vel tvilsomt om den kjem tilbake i virksomhet. Det siste namnet som er registrert i Skipsregisteret er "Metzgar". For oss som voks opp med bøkene til Kjell Hallbing (Louis Masterson) veit vi at "Metzgar" sannsynlegvis kjem frå bøkene om villmarkshelten Owen Metzgar frå 70-tallet.
Har leita litt rundt og funne mesteparten av historikken til denne fiskebåten. 

"Metzgar", ex "Hargo", ex "Runing", ex "Buabas", ex "Guttorm" :

Bygd 1961 v / Brastad Skipsbyggeri, Vestnes, 60 ft, 225 Hk Finnøy motor, LNAS, 20.63 m, 49.9 grt.
1961-1985 : "GUTTORM", M-67-H, Eier : Bjørn og Leidulf Fjørtoft & Odd Otterlei, Fjørtoft, (16.11.61),
Forlenga til 66 ft i 1972, Ny motor i 1974 : Kelvin 415 Hk, Skifta overbygg i 1980, Ombygd i 1981,
1985-1988 : "GUTTORM", Vardø, F-110-G, Eier : Edmund Johnsen, Mehamn, 1988 : Eier gikk konkurs,
1988-1995 : "RUNING", M-110-VS, Eier : Rolf Larsen, Tomrefjord, (28.10.88), Ombygd i 1990,
1995-1999 : "BUABAS", M-3-F, Eier : Buabas ANS, 6430 Bud, (Per Egil Pedersen og Stig Tormod Pedersen), (16.02.95),
1996 : Innsatt ny motor : 600 Hk Volvo Penta.
1999-2007 : "RUNING", M-134-G, Eier : Runing AS, 6052 Giske, (Rune Giskeødegård m.fl.), (02.02.99),
2007 : "HARGO", Bergen, H-234-AV, Eier : Condo AS, v / Arild Sekkingstad, 5399 Bekkjarvik, (23.01.07),
2007 : "HARGO", SF-134-SU, Eier : Lending Redri KS, 6927 Ytrøygrend, (06.08.07),
2007 : "HARGO", Condo AS, Bekkjarvik, (Hjemmel tilbakeført), (27.09.07),
2007-2008 : "HARGO", SF-134-SU, Eier : Lending Rederi AS, 6928 Kolgrov, (27.09.07),
2008 : "HARGO", N-34-VR, Eier : Larsen & Birknes AS, 6729 Kalvåg, c/o Ronny Larsen, (29.02.08),
2008-2009 : "HARGO", SF-5-SU, Eier : Lending Rederi AS, 6928 Kolgrov, (13.05.08),
2009 : Sletta frå Merkeregisteret, (10.03.09),
2009 - : "METZGAR", Ålesund, Eier : Sjøspeideren, c/o Tor H. Reitan, 6060 Hareid, (10.03.09),
Har sidan 2018 vore i opplag ved Herøy Industripark i Tjørvåg. Der ligg den også i Juni 2020.

Klikk på bildene for å sjå større bilder. Del gjerne innlegget.


"Hargo" står fortsatt på styrhuset sjølv om båten heiter "Metzgar" i Skipsregisteret. Her ligg båten ved Herøy Industripark i Tjørvåg, 08.06.2020.

"Metzgar", ex "Hargo", ex "Runing", ex "Buabas", ex "Guttorm" ved Herøy Industripark, Tjørvåg, 08.06.2020. Båten har hatt mange fiskerimerker, men kan fortsatt skimte eit av dei siste SF-134-SU.

lørdag 6. juni 2020

"SKOLTAFJORD" og "AUSTBRIS" i Molde 06.06.2020

På denne dagen var det 5 fiskebåter ved kai i Molde, derav 3 lokale sjarker. Dei 2 litt større båtane hadde vel vore i Harøysund og levert fisk før dei kom til Molde. Kanskje venter dei på blåkveita ?
Her er info og bilder av dei 2 som begge høyrer heime i Hordaland. Den eine har rett nok fått nytt fiskerimerke for nye Vestland fylke (VL). 
Fartøyregisteret har endå ikkje fått med seg at Norge har fått fleire nye fylker og kommuner frå 01.01.2020. Kan derfor ikkje finne nyregistrerte båter frå Vestland fylke (VL) eller Troms Finnmark fylke (TF). Her må Fiskeridirektoratet straks gjere oppdateringer i Fartøyregisteret slik at alle nye båter blir søkbare. Kan vel finne nokon av dei om ein veit nøyaktig fiskerimerke, men dei kjem ikkje opp under fylke og kommuneoversiktene i søk på "Utlisting av fartøy og tilhørende tillatelser". Alle nye fylker og kommuner etter 01.01.2020 mangler. Nye båter registrert i 2020 i nye Hustadvika Kommune er for eksempel ikkje søkbare i registeret.

Den første båten eg presenterer var ny for meg og har fått fiskerimerke i nye Vestland Fylke.

"SKOLTAFJORD", VL-153-AV :

Bygd i 1989 på Sleneset, 14.94 m (1990). I 1993 endra til 16.11 m og 44 brt. I 2017 ombygd igjen og lengden endra til 14.99 m.

1990-2010 : "RISØYFJORD", Sandnessjøen, N-12-L. Eier : Bjørn Martin Risøy, 8766 Lurøy, (05.02.90),
2010 : "RISØYFJORD", N-77-V, Eier : Sofie Svolvær AS, 8300 Svolvær, (11.08.10),
2010-2017 : "VÆRØYBUEN", N-121-VR, Eier : Kent-Arne Bensvik, Sør Værøy, 8063 Værøy, (16.09.10),
2017 : Sletta frå Merkeregisteret, (31.10.17),
2017-2018 : Ombygd, 14.99 m, Eier : Kongsgard AS, 5384 Torangsvåg, (31.10.17),
2018-2020 : "KONGSVARD", (17.02.18), H-153-AV (07.02.18), Eier : Kongsgard AS, 5384 Torangsvåg, (31.10.17),
2020 - : "SKOLTAFJORD", Bergen, H-153-AV, Eier : PR Jari AS, 5397 Bekkjarvik, (10.01.20),
(Johannes Arve Økland, 17%, Håkon Daniel Økland, 32%, Emil Økland 51%),
2020 : Merke endra til VT-153-AV i nytt fylke Vestland. (21.01.20).

"SKOLTAFJORD", Molde 06.06.2020.

"SKOLTAFJORD", Molde 06.06.2020.

"SKOLTAFJORD", Molde 06.06.2020.
"SKOLTAFJORD", Molde 06.06.2020.

"AUSTBRIS",  H-22-T : 

Bygd 2008 v / Tomma Aluminium AS, Tomma, 14.95 m, 350 Hk motor (2008), LG3013,
2008-2017 : "KAMØYFJORD", Hammerfest, F-175-NK, Eier : Vårbuen AS, Kamøyvær, 9750 Honningsvåg, (17.09.08),
2017-2018 : "KAMØYFJORD", N-75-RT, Eier : Røst Kystrederi AS, 8064 Røst, (20.12.17),
2018 - : "AUSTBRIS", Bergen, H-22-T, Eier : Matre Fiskeriselskap AS, 5684 Onarheim, (Tor Matre, 22.22%, Erlend Matre, 77.78%), (19.01.18).

"AUSTBRIS", H-22-T,  Molde 06.06.2020.  Karane skulle kanskje ha kosta på litt blåmaling over det gamle fiskerimerket. 

mandag 1. juni 2020

M/F "EDØYFJORD" i rute 46 på Stangvikfjorden

Her er nokre bilder av M/F "Edøyfjord" i rute 46 på Stangvikfjorden. "Edøyfjord" avløste "Bjørnsund" tidlegare i vår og skal gå i ruta til den nye ferga "Stangvikfjord" er på plass. "Edøyfjord" vart som kjent bygd i 2012 for rute 54 til Smøla for Fjord1 MRF. Her vart den avløst av nyferga "Smøla" tidlegare i vår. "Edøyfjord" var vel den siste ferga som vart bygd for Fjord1 MRF og er dermed den siste ferga til noverande Fjord1 som er registrert i Molde.  Flotte fotoforhold på Røkkum om formiddagen, gråvær på returen om ettermiddagen.  Her er bildene :

M/F "Edøyfjord" på veg til kai på Røkkum, 01.06.2020.

M/F "Edøyfjord" på veg til kai på Røkkum, 01.06.2020.

M/F "Edøyfjord" på veg til kai på Røkkum, 01.06.2020.

M/F "Edøyfjord" i rute 46 Røkkum - Kvanne, 01.06.2020.

Vi nærmer oss fergekaia på Kvanne.  01.06.2020.

M/F "Edøyfjord" på veg til kai på Kvanne, 01.06.2020.