mandag 21. desember 2020

Sekken-ferga "Vågsøy" går første tur gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020

Tok nokre bilder av M/F "Vågsøy" i rute 34 Molde - Sekken i ettermiddag. Ferga var då på veg til å gå gjennom Hjertøysundet. Denne ferga er litt for stor og djupgåande til å trafikkere Hjertøysundet. Ferga har derfor vore nødt til å gå den lange turen vest for Hjertøya. Dette har sjølvsagt ført til lengre overfartstid. Den tida ser no ut til å vere over.  Oppdaga på AIS no i kveld kl 18 at ferga hadde køyrt kun 2 turar gjennom Hjertøysundet i dag. Det var avgangane frå Molde kl 13:40 og kl 16:00. Eg tok bildene kl 13:45, så dermed fekk eg vel dokumentert den første fergeturen i rute 34 gjennom Hjertøysundet etter at Kystverket har sprengt ut djupare lei.  Det har i lengre tid vore arbeid med å utbedre leia gjennom Hjertøysundet slik at dagens ferge kunne gå gjennom. Dette arbeidet er no ferdig. Ser at dei finske fartøya, slepebåten "Delfi" og dredger/mudring/sprengningslekteren "Hector" er på tur heim til Finland. "Delfi" er no kommen til Leikanger nord for Stadlandet, sannsynlegvis med "Hector" på slep. Finnane har lagt igjen dei 2 prammane "Dana II" og "Miika II" ved Storkaia. Regnar med at "Delfi" kjem tilbake og henter dei seinare.

Snakka med skipsfører på M/F "Vågsøy" som kunne bekrefte at det var første turen gjennom Hjertøysundet i dag på 13:40-avgangen. Det er fortsatt å regne for prøveturer etter den gamle rutetabellen, ny rutetabell vil starte etter Nyttår. Kystverket har igjen arbeid med oppmerking gjennom Hjertøysundet så ferga må køyre roleg gjennom ei stund til. Uansett gratulerer til alle fergereisende på Sekken som har fått ein kortare og tryggare tur til og frå Molde. Dette var svært viktig sett i lys av at hurtigbåtruta for pendlarane blir lagt ned frå Nyttår.  

Her er bildene av "Vågsøy" på tur til Sekken.  Har også lagt med AIS-kart frå kl 18:00 som viser turane som "Vågsøy" har gjort i dag.

M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:45.

M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:47.


M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:50.


AIS-track for M/F "Vågsøy" i rute 34 Molde - Sekken, 21.12.2020, fram til kl 18. Vi ser at ferga har gått 2 turar gjennom Hjertøysundet (avg 13:40 og 16:00).

AIS-track for M/F "Vågsøy".  Det ser ut som AIS-kartet har feil seilingslei gjennom Hjertøysundet. Ferga går mellom Aurikkelholmen og Ramsøya, så her er det vel feil på kartet til Marine Traffic.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar