tirsdag 9. februar 2021

Potetkaker laga etter gammel oppskrift, 09.02.2021

Har tenkt lenge på å lage potetkaker etter "gammel" oppskrift. Ville prøve å lage dei slik som eg husker min bestmor laga dei. Før i tida var det nødvendig å bruke alle ressurser. Poteter som vart til overs etter middagsmåltidet vart tatt vare på og brukt neste dag, eller det vart laga potetkaker. Husker at det var godt å komme inn på kjøkkenet på Reitan til nonsmat og få servert potetkaker. Dei var kjempegode. Potetkakene som bestemor laga var litt større og tjukkare enn dagens potetlomper og potetlefser. Dei var best å ete mens dei endå var lunkne etter steikinga og med smør og sukker på. Fann heldigvis ei gammel oppskrift på internett, så det var berre å sette i gang. 

Har ikkje tenkt å bli "matblogger", og dette er vel heller eit innlegg i kategorien "Alf gjer ting han ikkje kan".

Hadde samla opp ein del potet som var igjen etter middagen. Vi har brukt dampkokt mandelpotet i vinter sidan eg kjøpte ein sekk med mandelpotet frå Otta.  Varma opp 1 kg kokte mandelpoteter i mikroen, skrella potetene og moste dei med ein gaffel. Tilsatte litt salt og elta ut deigen med hvetemel til ein deig som hang sammen og kunne kjevles. Delte opp deigen i passende stykker som eg kjevla ut. Deretter stekte eg dei på tørr panne. Resultatet vart veldig bra. Utseende vart vel ikkje som fabrikklaga lomper, men med meir trening skal det vere muleg å gjere det bedre. Bestemor steikte potetkakene på takke.

La potetkakene under eit fuktig kjøkkenhåndkle for at dei skulle halde på varmen og ikkje bli tørre. Åt potetkakene med smør og sukker. Det var utruleg godt. Det var ekstra god smak sidan eg brukte mandelpoteter. Junior likte dei også, så kan vel seie at det smakte godt for både gammel og ung. 

Dette var ein måte å bruke opp kokte poteter på som alle husmødre kunne før i tida. Kordan det er med kunnskapen om dette i dag veit eg ikkje.   Anbefales !


Første potetkaka er i panna. 

Delte opp deigen i passe store stykker for å passe i steikepanna.

Klart til utkjevling av ein leiv. Brukte litt hvetemel for å hindre at deigen kleba seg til kjevlet.

Klar til steiking i tørr steikepanne.

Ferdig potetkake, steikt på begge sider.

Potetkakene vart servert varme med smør og sukker og sammenrulla som pannekake. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar