Oppdaga eit nytt skip på Marine Traffic AIS i går kveld. Det var skipet M/S "Nansen Explorer" som låg ved kai på Mjelve, ved Fannefjorden, vest for Hjelset. Navnet på skipet vakte interesse, så i dag gjekk turen rundt Fannefjorden med fotoapparat. Skipet ligg ved det gamle lakseoppdrettsanlegget på Mjelve.
Dette er eit interessant skip sidan det i 10 år (2002-2013) opererte som "Nordsyssel", skipet til Sysselmannen på Svalbard. I 2020 vart skipet kjøpt tilbake til Norge etter ein periode som survey skip i Storbritannia.
Det er Smøla-selskapet Nansen Polar Expeditions som har kjøpt skipet. Dei har store planer om å drive med Exploration cruisefart med passasjerer i polare strøk, blant anna Svalbard og Franz Josefs Land.
No har vel Corona-pandemien siste året satt ein stopper for mesteparten av planene, men forhåpentlegvis vil dette endre seg i løpet av 2021. Meir informasjon om dette selskapet kan du lese på nettsiden til Nansen Polar Expeditions : https://www.wefollowheroes.com/ .
"Nansen Explorer" blir renovert innvendig våren 2021 og skal kunne ta med 12 passasjerer. I tillegg til "Nansen Explorer" har selskapet også det gamle Kystverkskipet "Villa" som også kan ta opp til 12 passasjerer.
Litt historikk om M/S "Nansen Explorer" :
Bygd 1983 v / Valmetin Laivateollisuus Oy, Turku, Finland. 71.6 m og 1859 grt.
1983-1991 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV", Ministry of Gas Industry, Korsakov, USSR, Sovjetrussisk Research skip.
1991-1995 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV", Ministry of Gas Industry, Korsakov, Russland,
1995-1996 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV", Dalmorneftegeofizika Trust, Korsakov, Russland,
1996-1997 : "FREGAT", Eier : Aoot Regat, Korsakov, Russland,
1997-2003 : "FREGAT", Eier : Joint Stock Co. Fregat, Kholmsk, Russland,
2002-2008 : "NORDSYSSEL", Eier : Rana Ship Service A/S, Mo i Rana, (November 2002),
Sysselmannen på Svalbard (Charter).
2008-2013 : "NORDSYSSEL", Eier : Nordsyssel AS, Longyearbyen,
Sysselmannen på Svalbard (Charter).
2013-2020 : "POLAR SURVEYOR", Eier : Gardline Shipping, Great Yarmouth, UK.
2020 - : "NANSEN EXPLORER", Eier : Nansen Explorer AS, 6570 Smøla, (15.12.20).
Her er dagens bilder :
M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. |
M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Det er helikopterdekk på akterdekket. |
M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Foto på langt hold frå Baklia på sørsiden av Fannefjorden. |
M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Foto på langt hold frå Baklia på sørsiden av Fannefjorden. |
Tar i samme innlegg med eit bilde eg tok av Nansen Polar Expeditions første skip, det tidlegare Kystverksskipet "Villa", på Smøla 02.10.2020.
M/S "VILLA" på Innveien ved Veiholmen, Smøla, 02.10.2020. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar