Sider

Populære innlegg

Viser innlegg med etiketten Horsgård. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Horsgård. Vis alle innlegg

fredag 4. desember 2020

Granhogst i Brenslefjellet Naturreservat på Nesjestranda - rydding med helikopter 04.12.2020

Køyrde meg ein tur til Brenslen for å sjå kor langt arbeidet med granhogst hadde komme. Det var no lysregulering på Langfjordvegen forbi det området der dei holdt på med granrydding. Det var eit helikopter i lufta. Det vart brukt helikopter for å hente ut felt gran som var utanfor området til hogstmaskina. Helikopteret var frå Nord Helikopter. Helikopter data : LN-OWC, Eurocopter AS350B3, bygd i 2010. 

Vart med ledebilen forbi det avsperra området og tilbake igjen. Fekk tillatelse til å ta nokre bilder så parkerte bilen og gjekk eit stykke nærmare for å kunne komme på skuddhold med kameraet.  Helikopteret brukte ca 2 minutt på kvar tur med gran. Grana vart lagt der hogstmaskina kunne nå tak i ho. Området som vart rydda no var rett ovanfor Langfjordvegen. Ved rydding lenger opp i hogstfeltet der det var kortare flytur, brukte helikopteret kun ca 1 minutt på kvar tur. Det er klart at bruk av helikopter til denne type rydding var optimalt. No var det kun eit lite område som vart skada av hogstmaskine og lassbærer. Så dette var mest skånsomt for naturreservatet.  Karane frå Nord Helikopter sa dei hadde starta arbeid med helikopter for omtrent 1 månad sidan. Helikopteret vart brukt ved behov, når karane i marka hadde felt nok tre som måtte løftes ut.  Her er nokre av mine bilder som viser helikopteret i arbeid. På bildene kan vi også sjå kraftlinjene i fjordspennet over Langfjorden. Helikopteret opererte no eit stykke vest for kablane. Granhogst i nærheten av eller under kraftlinjene må naturlegvis skje utan hjelp av helikopter.  Det er totalt 21 bilder. 

Har også laga ein videosnutt som finnes på YouTube på denne linken :  https://youtu.be/rf30QYzDmvU

Her er link til forrige innlegg om hranhogst i Brenslefjellet Naturreservat :   https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2020/11/granhogst-i-brenslefjellet.html

Køyrer etter ledebilen til Nord Helikopter. Vi venter til helikopteret har køyrt opp i lia.

Køyrer etter ledebilen til Nord Helikopter. Vi venter til helikopteret har køyrt opp i lia.

Her er ledebilen på veg tilbake med meg og ein syklist frå Nesjestranda. Vi venter til helikopteret er ute av syne. 04.12.2020.

Helikopteret svinger opp i lia for å legge ned grana og vi kan fortsette forbi.

Helikopteret på plass for å hente nytt hiv med gran rett ovanfor vegen. 

Det var satt opp lysregulering med konstant rødt lys. Nord Helikopter hadde ledebil til å hjelpe bilane forbi innimellom helikopterturane.

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Helikopteret køyrer nok eit hiv med gran.

Dette er kroksystemet som gjer at helikopteret kan utløse og sleppe lasta utan assistanse. 2 mann i marka stroppa grana i passelege hiv og anhuka kroken.

2 grantre blir løfta opp.

2 grantre blir løfta opp.

2 grantre blir løfta opp og frakta bort til droppområdet der trea vart lagt ned.

Helikopter med hiv i lufta.

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Eit nytt hiv med gran blir løfta opp.

Eit nytt hiv med gran blir løfta opp. 

3 grantre i hivet på denne turen. 2 min rundtur. Det hadde nok tatt meir tid å gjort dette med arbeid på bakken.

Helikopter med hiv i lufta.


Ledebilen skal følge ein ny bil forbi området i Brenslen.

Ledebil med følge på Langfjordvegen i Brenslen. Helikopter i lufta.


mandag 23. november 2020

Granhogst i Brenslefjellet Naturreservat på Nesjestranda

Arbeidet med snauhogst av uønska granskog i Brenslefjellet Naturreservat er godt i gang. I den vestre delen av naturreservatet i Brenslen var det planta granskog. Myndighetene ville ikkje å ha plantefelt med tett granskog i naturreservatet og hadde derfor gitt dispensasjon til rydding. 

Brenslefjellet Naturreservat vart oppretta 14.02.2014. "Formålet med naturreservatet er å verne et variert skogsområde med naturmangfold i form av naturtyper, økosystemer, arter og naturlige økologiske prosesser.

Området representerer edellauvskog med høye naturverdier. Det har relativt store arealer med frisk til lågurtpreget edellauvskog av alm-lindeskogstypen. Det har også viktige kvaliteter knyttet til gammel lauvskog som blant annet osp og med innslag av ask og varmekjær kildelauvskog. Det er en målsetting å beholde verneverdiene i mest mulig urørt tilstand, og eventuelt videreutvikle dem."

Arbeidet med uttak av granskogen er spesifisert i dispensasjonsbestemmelsene i "Forskrift om verna av Brenslefjellet Naturreservat". Det er Forvaltningsmyndigheten som etter søknad kan gi dispensasjon til hogst og uttak av fremmede treslag og gran.

Tok meg ein tur til Brenslen i Indre Horsgård for å sjå på arbeidet som var gjort. Det var dårleg vær med regnbyger denne dagen. Eg måtte vente ei god stund på oppholdsvær før eg kunne ta meg ein tur i terrenget for å dokumentere arbeidet. Dette er på nordsida av vegen og i bratt terreng. Granskogen har blitt felt og det pågjekk no arbeid med hogstmaskin for å ta ut tømmeret og få køyrt det ned til vegen for lunning. Oppdraget var det Næsbø Skog AS frå Hegra i Trøndelag som hadde.  2 mann var i arbeid i hogstfeltet. Her blir det brukt spesial-køyretøy som kan takle det vanskelege arbeidet i dette bratte terrenget. Det er ei John Deere 1270G Hogstmaskin og ein John Deere 1510E Lassbærer / Lastetraktor som brukes. Det gjenstår mykje opprydding og uttak av tømmer frå lenger oppe i lia. Her blir det  brukt helikopter der ikkje hogstmaskinen kjem til. Det er også ein del granskog igjen lenger øst i feltet som må felles.

Mange har vel sett skilt ved Røvik-krysset og på Sølsnes om inntil 30 min vegstenging etter  Horsgård. Det er altså denne skogsdrifta som kan forårsake litt ventetid på FV 6020 Langfjordvegen. 

Om du vil kikke på bildene er det berre å klikke på dei for å sjå større bilder. Det er totalt 29 bilder og eitt kartuttsnitt i innlegget.

Link til innlegg om arbeid med helikopter i hogstfeltet : 

https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2020/12/granhogst-i-brenslefjellet.html


Frå tømmerlunningsplassen i Brenslen kan vi sjå opp i hogstfeltet som ligg i den vestlege delen av Brenslefjellet Naturreservat, Nesjestranda 23.11.2020.

Lassbæreren på veg ned på Langfjordvegen (FV 4020). Her er det laga ein provisorisk bratt veg ned på bilvegen.

Lassbæreren med fullt lass  på tur ned på bilvegen, Brenslen, Nesjestranda 23.11.2020.

Lassbæreren, John Deere 1510E, frå Næsbø Skog AS har starta med å losse på lunningsplassen.

Lossing av gran, Brenslen, Nesjestranda 23.11.2020.

Vegen opp i hogstfeltet. Det kom mykje vann ned etter fleire dager med regn.

Lassbæreren har roterbar hytte og køyrde "baklengs" opp igjen. 

Det er ganske bratt opp til hogstfeltet.

Lassbæreren på veg opp i hogstfeltet.

Det var eit flatare parti litt opp for fylkesvegen.

Utsikt opp i hogstfeltet i den vestlege delen av naturreservatet. Her er formålet å fjerne uønska granskog og det blir vel ei stund til naturen tek seg inn igjen.

Utsikt nordøstover i hogstfeltet.

Hogstmaskina holdt på med rydding lengst vest i Hogstfeltet. Vi ser utover Langfjorden.

Frå hogstfeltet. Det er mykje tømmer som ligg og venter på å bli henta ut.

Lassbæreren i arbeid. Flott utsikt mot Langfjorden. Vi kan også skimte Langfjordvegen nedanfor hogstfeltet.

Lassbæreren i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid. Det er ein John Deere 1270G med stor rekkevidde.

Hogstmaskina i arbeid.

Frå hogstfeltet. Her er det mykje tømmer som skal dras fram.

Hogstmaskin har ganske lang rekkevidde.

Lassbæreren i arbeid, Brenslefjellet Naturreservat. Utsikt østover Langfjorden. Vi ser også ned til lunningsplassen ved Langfjordvegen.  23.11.2020.

Lassbæreren i arbeid. Utsikt over Langfjorden til Mittet.

Lassbæreren i arbeid. Brenslefjellet Naturreservat, Nesjestranda 23.11.2020.

Hogstfeltet. Granskogen er lagt ned.

"Vegen" ned igjen.

Her kjem lassbæreren med tømmerlass.

Lassbæreren på veg ned ein bratt bakke. 

Lassbæreren på veg ned.

Opplysningsskilt på Sølsnes om mulig stengt FV 6020 etter Horsgård.

Kartutsnitt som viser Brenslefjellet Naturreservat.  Reservatet går frå Indre Horsgård i Molde Kommune og eit stykke forbi Hoåna inn i Nesset Kommune. Heile reservatet ligg no i nye Molde Kommune.