tirsdag 30. juli 2019

Tur til Christian Gaard Bygdetun på Trandal

Tirsdag 30.07.2019 vart det tur til Trandal i Hjørundfjorden. Denne turen må planlegges litt for dei som ikkje har egen båt. Vi tok ferga frå Sæbø med avgang kl 9:10. Neste tur til Trandal gjekk ikkje før kl 15:10 frå Sæbø med avgang frå Trandal 15:30, så vi hadde god tid på oss i Trandal. Etter fergeruta er det kun 3 faste avganger til Trandal pr dag med ein siste ordinær avgang frå Sæbø kl 19. Ein "signaltur" kan bestilles pr telefon med avgang 21:40 frå Trandal.
Det var lite trafikk med ferga denne morgonen, kun 7  passasjerer gjekk av i Trandal. Ankomst Trandal kl 9:36. Vi rusla oppover vegen til vegkryss med merking til Christian Gaard. Gjekk så langs bygdavegen og kom fram ca 10:10.

Såg oss litt omkring på Christian Gaard Bygdetun. Silje måtte prøve den kjente "dissa". Christian Gaard er eit flott "bygdetun" med restaurant, pub, bar og uteterrasse med kjempefin utsikt over Hjørundfjorden.  Flotte fjell i alle retninger. Kunne sjå den kjente Kolåstinden opp frå Standal. Lenger ut i Hjørundfjorden såg vi også Jønshornet.  Rett opp for Trandal såg vi det flotte fjellet Saudehornet.
Trandal er vel mest kjent for Countryfestivalen som har vore arrangert i 9 år. I år vart den arrangert helga 8-11-August. Tidlegare i sommer hadde dei også arrangert Trandalblues, 5-6-Juli (Verdens minste Bluesfestival). 

Meir informasjon om Christian Gaard finn du på denne linken : https://christian-gaard.no/

På Christian Gaard har dei bygd opp stor tribune, scene og fleire serveringsplasser for å kunne arrangere større arrangement på slik ein liten plass. Utruleg fint hadde det blitt.  Her hadde dei funne på mange flotte detaljer for å kunne gi besøkende ein flott opplevelse. All ære til Frank Storeide som bygde opp dette flotte bygdetunet på heimgarden sin.
Christian Gaard har egen gjestehamn og egen skyssbåt som blant anna blir brukt til å frakte besøkende og publikum under dei 2 årlege festivalane.
Fekk bestilt oss kaffe og kald drikke og slappa av i varmen som kom i det sola kom fram. Trandal låg i skyggen ei stund etter at vi kom. Denne dagen var det fortsatt svært varmt på Nordvestlandet etter mange dager med "ekstremvarme".

Etter ei stund kom nokre andre gjester. Det var anløp av hurtigbåten "Fjord Viking" som hadde med fleire gjester frå Ålesund. Denne båten går 3 turar Ålesund - Øye kvar dag og gjestane kan hoppe av ein plass og vere der om dagen for så å "hoppe på" ein seinare båt tilbake til Ålesund. Eit godt tilbud for å oppleve Hjørundfjorden.

Bestilte varm mat og fekk servering så snart dei hadde starta opp ovnane på kjøkkenet. Maten kom ca kl 14. Veldig god mat.  Vi valgte kalveburger med tilbehør som også var ungenes førstevalg..
I det klokka nærma seg 15:00 tok vi vegen fatt og gjekk tilbake til fergekaia. Vi tok ein bratt snarveg ned mot fergekaia.

Ferga "Goma" kom kl 15:36. Vi gjekk ombord og vart med på turen over fjorden til Standal. Fergeruta tilsa no endå eit anløp på Trandal, men ferga stoppa litt utanfor kaia sidan det ikkje var tegn til passasjerer eller biler som skulle vere med og gjekk vidare direkte mot Sæbø. Ankomst Sæbø kl 16:14.
Dette vart ein flott dagstur, men ungane meinte besøket vart i lengste laget. Det kunne vel kanskje ha vore ein fergeavgang til Trandal mellom 9:10 og 15:10, men rutetidene til Fjord1 er det vel fylket som bestemmer.

Nedenfor er ein del av dagens bilder.  Klikk på bildene for å sjå større bilder.


"Goma" på Sæbø, 30.07.2019.

På ferga ut frå Sæbø. Avgang frå Sæbø kl 9:14. Vi passerer her Sæbøneset. 30.07.2019.

Utsikt frå ferga mot Trandal. Trandal ligg fortsatt i skygge kl 9:28 om formiddagen.

Utsikt mot Christian Gaard på Indre Trandal. Plassen ligg fortsatt i skygge.

Klar for anløp av fergekaia på Trandal.

Fergekaia på Trandal. 1 bil var klar til å køyre ombord.

"Goma" på veg frå Trandal til Standal. Storhornet, 1198 moh til venste, Sylvkallen, 1310 moh til høgre, Høydalen går opp mot Dalegubben bak ferga.

Vegvisar til Christian Gaard. 30.07.2019.

Utsikt frå bygdavegen rett opp for fergekaia på Trandal. På andre sida av Hjørundfjorden ser vi bygda Standal (Store Standal).


Ankomst Christian Gaard på Indre Trandal. Her var det fortsatt skygge.

"Goma" på tur frå Trandal til Sæbø etter å ha vore ein tur til Standal.

Silje måtte berre ta ein prøvetur i dissa på Christian Gaard.

Utsikt mot Kolåstinden, 1432 moh. 

Usikt frå Indre Trandal mot Jønshornet, 1419 moh.

Utsikt mot Sætretindane, 1358 moh til venstre for breen og 1365 moh i midten.

2 som hadde det moro ei stund.

Uteterrasse med utsikt på Christian Gaard. 30.07.2019.

Utsikt ned mot gjestehamna, Christian Gaard.

Godt med Ananas-brus frå Oskar Sylte i varmen. Christian Gaard, Trandal 30.07.2019.

På tur ned til gjestehamna.

Store dimensjoner over anlegget til Christian Gaard i Trandal.

Frå gjestehamna til Christian Gaard, Trandal.

Christian Gaard har egen skyssbåt. Den heiter "Sylvkallen" og er oppkalla etter fjellet som rager opp på vestsida av fjorden rett overfor Trandal.

Flott anlegg på Christian Gaard, Trandal.

Løa på Christian Gaard er også ombygd til selskapslokale.

Utsikt frå Indre Trandal mot Ytre og Midtre Trandal. Trandalselva er skille mellom midtre og ytre. Fjellet rett opp heiter Saudehornet og er 1220 moh. 

Martin.

Det kom besøk frå Ålesund, ein hurtiggående Rib !

På terrassen, Christian Gaard, Trandal.

Her er litt av anlegget som er brukt under country og blues-festivalane. Scena bakerst.

Terrasse med utsikt. Bloggaren. 

Mens vi venter på maten.

Ei som nyter kald drikke i varmen.

Så vart det mat på terrassen. 

Her er eit bilde frå inne i huset på Christian Gaard. Baren til høgre. Her inne var det mykje rart å sjå. 

Silje i farta !

Ida.

Ida.

Ida. 

Silje.

Silje

Skilt, Christian Gaard. Greitt å vite kor skjenkinga foregår.

Christian Gaard i solskinn. 30.07.2019.

Geiter i arbeid med kulturlandskapet på Christian Gaard, Trandal. 30.07.2019.

Vi vandrer tilbake til fergekaia på Trandal. 30.07.2019.

På veg til fergekaia. Saudehornet ruver i bakgrunnen.

Snarveg, ein sti gjekk nedover mot fergekaia.

På tur ned bratt sti til fergekaia, Trandal, 30.07.2019.

6183 Trandal.

"Goma" kjem til Trandal for andre gong i dag, kl 15:37.

På Standal var det fleire bilar som køyrde av. Vi vart med vidare til Sæbø.

Utsikt mot Trandal frå Standal. Fjellrekka midt i bildet heiter Elsandtindane og høgaste toppen er 1398 moh. Christian Gaard ligg til høgre for elva Indre Trandalselva som vi ser kjem ned midt i bildet. 



Utsikt mot Trandal med Saudehornet til venstre. Ferga droppa anløp på returen frå Standal sidan det ikkje var nokon som skulle vere med.

Vestre del av Christian Gaard på Indre Trandal. 

Østre del av Christian Gaard med gjestehavn og skyssbåt, Indre Trandal. 30.07.2019.

Dette er småbruket Rynningen som ligg rett øst for Christian Gaard på Indre Trandal. Bruket er brukt som sommerbolig. 30.07.2019.