tirsdag 23. juli 2019

Superyachten "Anna" på Karlsøyfjorden

Superyachten "Anna" kom sigande inn Karlsøyfjorden og ankra etter ei stund opp utanfor Hovdenakken denne morgonen 23.07.19. Svært mange har sett og fotografert yachten, som er litt av eit skue der den ligg for anker.
"Anna" kom til Molde 21.07.19 og ankra der opp rett øst for Moldeholmen. No hadde den altså forflytta seg til Karlsøyfjorden. Køyrde ein tur bortover til Hovdenakkvågen for å ta bilder av denne superyachten på 110 m. I henhold til artikkel i Romsdals Budstikke er yachten verdt ca 2 milliarder kr. (250 millioner dollar). Altså ingen vanleg fritidsbåt !
Yachten hadde snudd og låg med hekken mot land. For å få bilder av den frå siden køyrde eg til Ørnehaugen og der var det god utsikt mot skipet. Det vart nokre fleire bilder også frå Hovdenakkvågen etter at yachten hadde ankra opp og snudd litt på seg.
Seinare på dagen var også helikopteret på tur i området.

Her er litt meir info om denne store superyachten :
Bygd i 2018 av Feadship, Makkum Shipyard i Nederland.  IMO 1012983. Lengden er 110 m og bredden er 18 m. Tonnasjen er 4693 grt. Motoren er ein Caterpillar som gir ei marsjfart på 18 knop.
Det er plass til 16 gjester i 8 lugarer. Mannskapet er på 32 i 16 lugarer.
Yachten er utstyrt med helikopter.  I henhold til artikkel i RB er eieren den russiske oligarken Dmitry Rybolovlev som er bosatt i Monaco. Yachten er oppkalla etter eierens datter Anna. Yachten er registrert i George Town på Cayman Islands.

Her er nokre av mine bilder av den uvanlege gjesten :

"Anna", bilde tatt frå moloen til småbåthavna i Hovdenakkvågen, 23.07.2019, kl 09:55.

Superyachten "Anna" sett frå Ørnehaugen. I bakgrunnen ser vi Nord Nesje. Heilt i høgre kant ser vi også Skagodden lysbøye.

Superyachten "Anna" sett frå Ørnehaugen. I bakgrunnen ser vi Nord Nesje. 23.07.2019.

Superyachten "Anna" sett frå Ørnehaugen.  Her ser vi blant anna helikopteret på akterdekk. Zoomlinse på 600 mm. 

Superyachten "Anna" sett frå Ørnehaugen.  På baugen ser det ut til å vere ei bane med nett for ballspill. Zoomlinse på 600 mm. 

Superyachten "Anna" sett frå Ørnehaugen.  Zoomlinse på 360 mm. 

Superyachten "Anna" sett frå terrassen til broder Rune Reitan i Hovdenakkvegen.
Superyachten "Anna" sett frå terrassen til broder Rune Reitan i Hovdenakkvegen. I forgrunnen er litt av småbåthavna i Hovdenakkvågen.  23.07.2019.



Superyachten "Anna" for anker utanfor Hovdenakkvågen. Foto tatt frå moloen til småbåthavna.
AIS-sporet til "Anna". 23.07.2019.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar