mandag 29. juli 2019

Fiskebåten "Sea Bee" på Sæbø i Hjørundfjorden

Den 29. juli tok eg bilde av ein gammel sliten fiskebåt som låg i småbåthavna på Sæbø i Hjørundfjorden.
Etter ein forespørsel i Fb-gruppa : https://www.facebook.com/groups/412492625456396/?ref=group_header fekk eg god hjelp med å identifisere båten.
Ein del nyare informasjon var å finne på nettsiden til Ship-info : http://www.ship-info.com/prog/skip.asp?id=K100578&fbclid=IwAR1kQkujiZBIeSy0lQUmwYKtXj5j6JCXRjHf2EJqwF7VQueh1FQ4n7DwjiA.
Resten av historikken har eg funne gjennom andre kilder, blant anna bøkene til Bjørn Owe Hjelle.

Her er tekniske data og historikk til "Sea Bee" :

Bygd i 1947 v / Ole Vik, Tomrefjord, 37.6 ft = 11.46 m, 15 brt, Heimdal 35 Hk motor (1947).   Kjenningssignal : LK3180.

1948-1964 : "FLID", M-3-SA, Eier : Harald P. Misund, Midsund (April 1948), Sør Aukra Kommune fram til 31.12.64.
1965-1984 : "FLID", M-3-MD, Eier : Harald P. Misund, Midsund. Midsund Kommune oppretta 01.01.1965.
1984-1992 : "FLID", M-3-MD, Eier : P/R Harald Inge og Sigbjørn Midtbø, Midsund, (Januar 1984),
1989 : Ombygd. 
1992-1994 : "FLID", M-3-MD, Eier : P/R Terje Leirvik, Midsund, (Desember 1992),
1994-1996 : "FLID", M-15-H, Yngve Fjørtoft, 6294 Fjørtoft, 
1994  :        Modernisert, Styrhuset flytta fram ?,  Innsatt brukt Scania buss-motor, 220 Hk (1985).
1996 : Solgt til Åndalsnes som "Brisen"  med merke M-5-RA. Kjøpet vart heva og båten tatt tilbake av eier.
1996-2000 : "HUSLAND", M-15-H, Eier : Yngve Fjørtoft, 6294 Fjørtoft.
2000-2010 : "SEA BEE", Ålesund, M-5-VD, Eier : Kenneth Lennard Hustad, 6165 Sæbø, (20.11.00),
2010 :         Sletta frå merkeregisteret.
2010 - :     : "SEA BEE", fortsatt eid av Kenneth L. Hustad, 6165 Sæbø som fritidsbåt. (pr Okt 2018).
2019 :         Ligg i opplag i småbåthavna på Sæbø.

Info frå Bjørn Owe Hjelle's bok "Fiskebåtar i Midsund og Molde 1920 - 2018" :
Båten var mest brukt til reketråling.  Den var også hjelpebåt ved snurpefiske etter torsk på Lofoten i 50-åra. I 60-åra var den også på sildereistsanking. 

Om nokon har kommentarer eller fleire opplysninger ønsker eg melding om det slik at dette innlegget kan oppdateres. Eg håper dette innlegget er så korrekt som mulig, men tar forbehold om eventuelle feil. 


Fiskebåten "Sea Bee" opplagt på Sæbø i Hjørundfjorden, 29.07.2019. Båten vart bygd i 1947, men hadde då styrhuset bak. Båten vart modernisert i 1994 og regner med at styrhuset vart flytta fram i forbindelse med det. Mest sannsynleg var det eit nytt styrhus som vart sett på.



Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar