onsdag 17. juli 2019

"Gabriele" passerer Nesjestranda på sin første dag i tjeneste

I kveld fekk eg høyre høg motorlyd på fjorden. Dreiv og jobba bak huset, men tok meg ein tur framom for å sjå kva det var. Og ute på fjorden gjekk ein stor kvit hurtigbåt forbi. Rakk så vidt å finne fram kamera slik at eg fekk tatt eit par bilder før den forsvann ut av syne bak Labergneset.
Såg at dette var den nye hurtigbåten "Gabriele" som rederiet Cruise Service i Langevåg har kjøpt. AIS-signalet bekrefta det.
Regner med at mange sambygdinger også høyrde og fekk sjå den raske hurtigbåten som passerte.
Båten gjekk med over 29 knops fart og var på veg til Eresfjorden. Etter eit kort stopp på Nauste i Eresfjord kom den tilbake ut Langfjorden. Køyrde ein tur til Sølsnes for å få bedre bilder av båten på returen for her var den nærmest land.
"Gabriele" passerte Sølsnes kl 22 med ei fart på ca 28.5 knop. Fekk tatt nokre fleire bilder før den forsvann vidare ut fjorden og tilbake til Molde.
AIS tracking viste at "Gabriele" hadde gjort unna rundturen frå Molde til Nauste i Eresfjord på ca 2 t 40 min. Båten kom tidlegare på ettermiddagen frå Ålesund og brukte 1 t 15 min på turen Ålesund - Molde. Mest sannsynleg var dette ein tur i forbindelsen med Jazz-festivalen i Molde. Kanskje det var nokre VIP-er som hadde lyst på ein tur til Eresfjorden ? AIS tracking viste at båten starta i Langevåg og returnerte til Langevåg i 01-tida.

Her er tekniske data og historikk til "Gabriele" :
Bygd i 1997 ved Kværner Fjellstrand (Singapore), Pte Ltd, som "Supercat 12" for SuperCat Fast Ferry Corporation, Cebu, Filippinene (Negros Navigation),
445 grt, 40 m lang, 362 pax, max 32 knop.  IMO 9156357, LFVT.
1997-2002 : "Supercat 12",  SuperCat Fast Ferry Corp., Cebu, Filippinene,
2002-2004 : "St Gabriel",  Aboitiz Corp, Cebu, Filippinene,
2004-2016 : "Gabriele M", Ustica Lines, Trapani, Italia,
2016-2019 : "Gabriele M", Liberty Lines, Trapani, Italia, Ustica skifta navn til Liberty.
2019 : Ombygd for cruisefart hos Fjellstrand AS, Omastrand,  Redusert pax til 200.
2019 - :        "Gabriele", Cruise Service AS, Langevåg.

På Facebooksiden til Cruise Service ( https://www.facebook.com/cruiseservice/ ) står det at båten vart ferdig i tide til Molde Jazz og det er satt opp turer frå Ålesund til Molde på onsdag 17/7, torsdag 18/7 og fredag 19/7. Turen til Eresfjorden var kanskje ein ekstratur mens båten allikevel skulle vere i Molde.  Annonsert rutetid er frå Ålesund kl 16:30 med retur frå Molde etter den siste Jazzkonserten ca 23:30. Så i år kan altså sunnmøringane reise bekvemt og hurtig på Jazztur til Molde. Det blir servert sprudlevann ombord !  God Tur til alle !



"Gabriele" på veg inn Langfjorden. Vi ser Fyrholmen til venstre og litt av Rødven i bakgrunnen. Nesjestranda 17.07.19.

"Gabriele" har akkurat passert ferga "Julsund" i ruta Sølsnes - Åfarnes,  Sølsnes 17.07.2019.

"Gabriele" på veg ut av Langfjorden. I bakgrunnen ser vi Rødvenfjorden og fjella Kongen, Gridsetskolten og Finnan. Sølsnes 17.07.2019.

"Gabriele" passerer Sølsnesholmane, Sølsnes 17.07.2019.

"Gabriele" passerer Sølsnesholmane, Sølsnes 17.07.2019.

"Gabriele" passerer Sølsnesholmane, Sølsnes 17.07.2019. Veøya i bakgrunnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar