lørdag 27. juli 2019

Skonnerten "Oosterschelde" passerer Veøya

I kveld kom denne store seilskuta forbi Veøya. Seilskuta heiter "Oosterschelde" og er frå Nederland. Det er ein tremastra toppseil skonnert. (Topsail Schooner). Skonnerten er 49 m / 160 ft lang, total høgde er 36 m, 226 grt, bygd i 1918. Skuta var ombygd til frakteskute, men vart restaurert tilbake til originalt utseende i åra 1988 - 1992.
"Oosterschelde" kom i dag frå Åndalsnes og tok turen rundt Veøya på ferden vidare nordover. Den skal blant anna drive med cruisefart i Lofoten på denne seilasen. "Oosterschelde" var også med i årets Tall Ship Races 2019 som enda i Bergen (21-24-07.2019). Etterpå gjekk skonnerten vidare nordover til Ålesund og ankom Åndalsnes på fredag kveld 26.07.2019.
"Oosterschelde" kom øst for Veøya då eg fekk sjå den. Skuta hadde ei stund retning rett mot Fyrholmen, men kom gjennom sundet mellom Fyrholmen og Øyaneset på Veøya på perfekt kurs og med ei fart på ca 5 knop. "Oosterschelde" gjekk vidare ut fjorden med kurs nordover, AIS destinasjon Bodø.
Fekk tatt nokre bilder mens seilskuta gjekk forbi Veøya. Sjå også bilde av AIS-track nederst i innlegget.


Seilskuta "Oosterschelde" kjem sigande i 5 knop bak Fyrholmen. Utsikt frå terrassen min i Havnevika, Nesjestranda 27.07.19.

"Oosterschelde" ser ut til å gå rett på Fyrholmen. Bildet er tatt med 600 mm linse.
"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Her har den akkurat passert Galtevika på Veøya. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda.

"Oosterschelde" passerer Nørvågen på Veøya. Ein fritidsbåt ligg ved flytekaia i Nørvågen. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 600 mm zoom.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 600 mm zoom.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 320 mm zoom.

AIS-sporet til "Oosterschelde, 27.07.2019. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar