lørdag 27. februar 2021

"Nansen Explorer" ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021

Oppdaga eit nytt skip på Marine Traffic AIS i går kveld. Det var skipet M/S "Nansen Explorer" som låg ved kai på Mjelve, ved Fannefjorden, vest for Hjelset. Navnet på skipet vakte interesse, så i dag gjekk turen rundt Fannefjorden med fotoapparat. Skipet ligg ved det gamle lakseoppdrettsanlegget på Mjelve. 
Dette er eit interessant skip sidan det i 10 år (2002-2013) opererte som "Nordsyssel", skipet til Sysselmannen på Svalbard. I 2020 vart skipet kjøpt tilbake til Norge etter ein periode som survey skip i Storbritannia. 
Det er Smøla-selskapet Nansen Polar Expeditions som har kjøpt skipet. Dei har store planer om å drive med Exploration cruisefart med passasjerer i polare strøk, blant anna Svalbard og Franz Josefs Land.
No har vel Corona-pandemien siste året satt ein stopper for mesteparten av planene, men forhåpentlegvis vil dette endre seg i løpet av 2021. Meir informasjon om dette selskapet kan du lese på nettsiden til Nansen Polar Expeditions : https://www.wefollowheroes.com/ . 
"Nansen Explorer" blir renovert innvendig våren 2021 og skal kunne ta med 12 passasjerer. I tillegg til "Nansen Explorer" har selskapet også det gamle Kystverkskipet "Villa" som også kan ta opp til 12 passasjerer. 

Litt historikk om M/S "Nansen Explorer" :

Bygd 1983 v / Valmetin Laivateollisuus Oy, Turku, Finland. 71.6 m og 1859 grt.
1983-1991 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV",  Ministry of Gas Industry, Korsakov, USSR,                Sovjetrussisk Research skip.
1991-1995 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV", Ministry of Gas Industry, Korsakov, Russland,
1995-1996 : "AKADEMIK GAMBURTSYEV", Dalmorneftegeofizika Trust, Korsakov, Russland,
1996-1997 : "FREGAT", Eier : Aoot Regat, Korsakov, Russland,
1997-2003 : "FREGAT", Eier : Joint Stock Co. Fregat, Kholmsk, Russland,
2002-2008 : "NORDSYSSEL", Eier : Rana Ship Service A/S, Mo i Rana, (November 2002),
                     Sysselmannen på Svalbard (Charter).
2008-2013 : "NORDSYSSEL", Eier : Nordsyssel AS, Longyearbyen, 
                     Sysselmannen på Svalbard (Charter).
2013-2020 : "POLAR SURVEYOR",  Eier : Gardline Shipping, Great Yarmouth, UK.
2020 - :        "NANSEN EXPLORER",  Eier : Nansen Explorer AS, 6570 Smøla, (15.12.20).

Her er dagens bilder :

M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021.

M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Det er helikopterdekk på akterdekket.

M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Foto på langt hold frå Baklia på sørsiden av Fannefjorden.

M/S "NANSEN EXPLORER", ved kai på Mjelve i Fannefjorden, 27.02.2021. Foto på langt hold frå Baklia på sørsiden av Fannefjorden.


Tar i samme innlegg med eit bilde eg tok av Nansen Polar Expeditions første skip, det tidlegare Kystverksskipet "Villa", på Smøla 02.10.2020.

M/S "VILLA" på Innveien ved Veiholmen, Smøla, 02.10.2020.


mandag 22. februar 2021

"Lyngøy" besøker Veøya 22.02.2021

Den gamle fiskebåten "Lyngøy" som no er stasjonert på Harøya var på eit kort besøk på Veøya i dag. Båten er tatt vare på og registrert som passasjerbåt. Den brukes til turer med passasjerer ut frå Steinshamn på Harøya. Båten har utkikksplattform på taket for turer på utkikk etter kval. Kanskje var det testing av flytebrygga på Veøya med tanke på seinare anløp med passasjerer. Det såg ikkje ut som det var med passasjerer på denne turen. Båten er rigga som kvalfanger med tønne i masta og harpun på fordekket. Bildene er tatt på langt hold frå Sølsnes.

Oppdaterting 24.02.2021 :
Det er selskapet The Northwest Experience på Harøya som som disponerer "Lyngøy" som kan ta 12 passasjerer. I tillegg har selskapet ein hurtigbåt med plass til 12 passasjerer. Nwe.as var deres tidlegare nettadresse, derfor står det NWE.AS på plassen til fiskerimerket på "Lyngøy". Ser i melding frå Molde Næringsforum publisert 22.02.2021 at selskapet har fått i oppdrag å køyre Hjertøyruta sommeren 2021. I melding frå Molde Næringsforum samme dag vart det også annonsert fast rute mellom Molde og Veøya i sommer. Det skal køyres turer på torsdager og søndager frå Molde. I tilleg skal det vere 2 turer i løpet av sommeren med start frå Vestnes. Det var muligens derfor "Lyngøy" testa tur/retur Vestnes - Veøya 22.02.2021 som bildene på denne siden viser. Regner vel med at det er NWE som skal køyre ein del av desse turane. Dette blir eit kjempebra opplegg som det skal bli interessant å følge. Både Hjertøyruta og Veøya-turane blir sponsa av Molde Næringsforum med bidrag frå GassROR. 

Historikk for "Lyngøy" :

Bygd 1943 v / Grøtvågen Verft, Trøndelag, 15.12 m, 21.6 brt, Ommålt til 14.9 m,
1943-1956 : Ukjent,
1956-1997 : "LYNGØY", Bodø, N-40-SG, Eier : Ragnar, Reidar og Andreas Rikardsen, Dyping i Steigen, (18.10.56),
1997-2004 : "LYNGØY", N-40-SG, Eier : Roald Magne Rikardsen, Skramstad, 8288 Bogøy, (26.05.97),
2004-2006 : "LYNGØY", N-284-VV, Eier : Varodden AS, 8340 Stamsund, (13.10.04),
2006-2010 : "LYNGØY", Eier : Steinbiten Dykkerklubb, 8340 Stamsund; (20.06.06),
2010-2014 : "LYNGØY", Eier : Norsk Kvalfangermuseum AS, 8390 Reine, (27.09.10),
2014-2016 : "LYNGØY", Eier : Vågen Båtlag AS, 6487 Harøy, (26.11.14),
2016-2020 : "LYNGØY", Eier : Vågen Båtlag AS, 8297 Tranøy, (Jan Kåre Brunvoll), (17.12.16),
2020 - : "LYNGØY", Eier : Vågen Båtlag AS, 6487 Harøy, (02.10.20).

"Lyngøy" i Nørvågen på Veøya 22.02.2021. Held på å bakke seg inn til innsida av flytebrygga.

"Lyngøy" i Nørvågen på Veøya, 22.02.2021.

"Lyngøy" i Nørvågen på Veøya, 22.02.2021. No har båten gått rundt og lagt til på yttersida av flytebrygga.

"Lyngøy" på slipp i Sandsbukta, Malmefjorden, 29.10.2020.


onsdag 17. februar 2021

"STRAUMVÆRING", N-336-VV i Kristiansund, 17.02.2021

Denne fiskebåten låg innerst i Vågen i Kristiansund 17.02.2021. Den er strukturert og sletta i merkeregisteret 2017. Den mangler også navn på styrhuset. I alle fall kunne eg ikkje sjå noko navn på han.

Fann båten igjen i Merkeregisteret for 2001. Det var fiskebåten "Straumværing" frå Gravdal i Lofoten som hadde merket N-336-VV i 2001. I skipsregisteret er det kun informasjon tilbake til 1977. Men fann igjen båten i Bø i Vesterålen. Trur derfor eg har all historikk. Gi beskjed om det er feil eller mangler i data nedenfor :

"STRAUMVÆRING",  N-336-VV.

Bygd i 1971 v / Samhold Båtbyggeri, Sørvåg, Alsvåg. 14.2 m, 20.3 brt. Motor : Scania 128 Hk frå 1972. Første datering i Skipsregisteret er 02.10.1971.

1971-1977 : "STRAUMVÆRING", N-1-BØ, Eier : Henning Jespersen m.fl., 8470 Bø i Vesterålen. (02.10.71).
1977-2011 : "STRAUMVÆRING", N-336-VV, Eier : Martin Kristensen, 8372 Gravdal, (22.12.77).
2011-2017 : "STRAUMVÆRING", N-336-VV, Eier : Straumværing AS, 8370 Leknes, (01.12.11).
2017 :           Sletta i Merkeregisteret, (26.07.17).
2017-2018 : "STRAUMVÆRING",  Eier : Skipstrans Kystlag, 5694 Onarheim, (26.07.17).
2018 - :        "STRAUMVÆRING".  Eier : Straumværing Kystlag, c/o Sven Malvin Melkersen, 7284 Mausund, (19.04.18).

Håper båten blir tatt godt vare på. 

"STRAUMVÆRING", N-336-VV, Kristiansund 17.02.2021.


tirsdag 9. februar 2021

Potetkaker laga etter gammel oppskrift, 09.02.2021

Har tenkt lenge på å lage potetkaker etter "gammel" oppskrift. Ville prøve å lage dei slik som eg husker min bestmor laga dei. Før i tida var det nødvendig å bruke alle ressurser. Poteter som vart til overs etter middagsmåltidet vart tatt vare på og brukt neste dag, eller det vart laga potetkaker. Husker at det var godt å komme inn på kjøkkenet på Reitan til nonsmat og få servert potetkaker. Dei var kjempegode. Potetkakene som bestemor laga var litt større og tjukkare enn dagens potetlomper og potetlefser. Dei var best å ete mens dei endå var lunkne etter steikinga og med smør og sukker på. Fann heldigvis ei gammel oppskrift på internett, så det var berre å sette i gang. 

Har ikkje tenkt å bli "matblogger", og dette er vel heller eit innlegg i kategorien "Alf gjer ting han ikkje kan".

Hadde samla opp ein del potet som var igjen etter middagen. Vi har brukt dampkokt mandelpotet i vinter sidan eg kjøpte ein sekk med mandelpotet frå Otta.  Varma opp 1 kg kokte mandelpoteter i mikroen, skrella potetene og moste dei med ein gaffel. Tilsatte litt salt og elta ut deigen med hvetemel til ein deig som hang sammen og kunne kjevles. Delte opp deigen i passende stykker som eg kjevla ut. Deretter stekte eg dei på tørr panne. Resultatet vart veldig bra. Utseende vart vel ikkje som fabrikklaga lomper, men med meir trening skal det vere muleg å gjere det bedre. Bestemor steikte potetkakene på takke.

La potetkakene under eit fuktig kjøkkenhåndkle for at dei skulle halde på varmen og ikkje bli tørre. Åt potetkakene med smør og sukker. Det var utruleg godt. Det var ekstra god smak sidan eg brukte mandelpoteter. Junior likte dei også, så kan vel seie at det smakte godt for både gammel og ung. 

Dette var ein måte å bruke opp kokte poteter på som alle husmødre kunne før i tida. Kordan det er med kunnskapen om dette i dag veit eg ikkje.   Anbefales !


Første potetkaka er i panna. 

Delte opp deigen i passe store stykker for å passe i steikepanna.

Klart til utkjevling av ein leiv. Brukte litt hvetemel for å hindre at deigen kleba seg til kjevlet.

Klar til steiking i tørr steikepanne.

Ferdig potetkake, steikt på begge sider.

Potetkakene vart servert varme med smør og sukker og sammenrulla som pannekake.