søndag 19. mai 2019

"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden

I dag kom fiskebåten "Wiwi" / "Frøyværing", ST-11-F, sigande forbi Veøya. Har sett at båten har dreve på med tråling mange dager i Romsdalsfjordane, men så langt mest i ytre strøk. På AIS og i Skipsregister og Fartøyregister er båten registrert som "Wiwi" med fiskerimerke TR-1-R. På båten ser eg fortsatt det gamle namnet "Frøyværing" med fiskerimerke ST-11-F. Båten er registrert med ny eier Terje Viken,  7180 Roan den 25.04.2019. Det nye namnet og fiskerimerket er ikkje påført endå.
Båten ser ut til å vere ute på oppdrag for Havforskningsinstituttet med flytetråling etter smolt (lakseyngel) i Romsdalsfjordane. Båten fører offisielt norsk splittflagg. 
Dette er eit oppdrag som Terje Viken har hatt før også. I mai 2017 dreiv han på med det samme med sin gamle båt "Toliko", ST-20-R. "Toliko" skifta eier og namn tidlegare i år. "Toliko" heiter i dag "Lilleskjær", TR-76-V, med eier Brattskjær AS, 7900 Rørvik, (30.01.19),  (O. M. Nergård Holding AS).
Her er nokre bilder tatt frå land på Nesjestranda i det båten avslutter trålinga for dagen på Veøyfjorden.

"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. 19.05.2019.

"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. 

"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019. Vi ser at fiskerimerket står kun på barbord side og det gamle namnet står fortsatt i hekken. 
"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019.  

"Wiwi" / "Frøyværing" har fått opp farta igjen og går til Molde etter å ha avslutta for dagen. Hangholmen i bakgrunnen. 19.05.2019.

torsdag 9. mai 2019

Miniturnering på Rivalbanen for Skåla J7

Fotballsesongen er i full gang. Skåla J7 har allerede vore med i ei miniturnering. Nokre av jentene har også deltatt i Istad Cup. No er det snart tid for neste miniturnering i Batnfjorden.
Her er nokre bilder frå den første miniturneringa på Rivalbanen i Årølia 09.05.2019. Jentene spiller i ein binge med 3 spillere i aksjon på kvart lag.
Jentene spilte 4 kamper og det vart seier i alle kampene. Sjå tekst under bildene. Skåla spilte mot Træff 1, Rival 1, Rival 2 og Batnfjord.

KAMP #1 : TRÆFF 1 - SKÅLA

Skåla J7 klar til start på kamp #1 mot Træff 1. Rivalbanen, Årølia, 09.05.2019.

Kamp # 1 : Træff 1 - Skåla, Lagene hilser før kampen.

Kamp # 1 : Træff 1 - Skåla

KAMP # 2 : RIVAL 1 - SKÅLA

Kamp # 2 : Rival 1 - Skåla

Kamp # 2 : Rival 1 - Skåla

KAMP #3 : RIVAL 2 - SKÅLA

Kamp # 3 : Rival 2 - Skåla

Kamp # 3 : Rival 2 - Skåla

Kamp # 3 : Rival 2 - Skåla.  Mååål !

KAMP #4 : BATNFJORD - SKÅLA

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla.  Lagene hilser før kampen.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla. Pasningsspill.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla.  Pasningsspill.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla.  Klarte å trykke av i rett tid på dette målet til Silje.

Kamp # 4 : Batnfjord - Skåla. Lagene takker for kampen.

Lagbilde,  Miniturnering på Rivalbanen, Årølia 09.05.2019.


onsdag 8. mai 2019

Skålahalvøya - Utsikt mot fjella

Onsdag 8. Mai 2019 fekk vi endeleg eit lite verskifte etter mange dager med snøbyger og kaldt ver.
Tok nokre bilder frå Bolsøya for å vise utsikta mot fjella med nysnø langt ned i skogen. Fargene går frå blått via kvitt og grønt til gult i ei løvetanneng.  Vakkert er det i heimlandet vårt !

Fjella på Skålahalvøya i vinterdrakt 08.05.2019.

Stor Skåla, Skåla og litt av Horja. 08.05.2019.

Stor Skåla, Skåla og Horja. Boligfeltet i Geitnesvågen midt i bildet.

Utsikt mot prektige Romsdalsfjell i sør. I forgrunnen ser vi Sør Nesje og Karlsøya. Bak Sekken ser vi blant mange flotte fjell : Skjervan, Middagstinden, Blåstolen og Trollstolen. 08.05.2019.


"Hepsøfjord" / "Torjo" ved Bolsønes Verft

Fiskebåten "Hepsøfjord", ST-40-O, kom til Molde 06.05.2019 for slipsetting på Bolsønes Verft. Tok nokre bilder av båten 08.05.2019. Då har båten fortsatt fiskerimerke ST-40-O, men navnet på styrhuset er tatt bort. Sjekka i Fartøyregisteret og ser at ST-40-O er avregistrert. Sjekka i Skipsregisteret og finn der båten under nytt navn "TORJO", men utan meit detaljer. Regner derfor med at oppholdet på Bolsønes Verft er oppussing i forbindelse med salg til ny eier. Skal oppdatere innlegget så snart meir info er tilgjengeleg.  10.05.19 : Salg av båten er bekrefta i Skipsregisteret. Båten blir Romsdaling, ny eier er Gangstadfisk AS, 6475 Midsund (T. Gangstad), Salg, nytt navn og nytt fiskerimerke er registrert i Skipsregisteret 08.05.2019. Historikken nedenfor er oppdatert.

Historikk (Info frå Skipsregisteret) :
Bygd ved Sletta Verft, Mjosundet i 2005 som "Vikabas".  10.66 m lang, LK9090.
2005-2008 : "Vikabas", Trondheim, ST-48-R, Eier : Vikabas ANS, 7180 Roan, (Frode Viken, Åfjord), (19.10.05).
2008-2009 : "Vikabas", V-38-L, Eier : Per Jan Furuheim, 3280 Tjodalyng, (22.12.08).
2009-2013 : "Vikabas", ST-49-R,  Eier : Vikabas ANS, 7180 Roan, (14.01.09),
2013-2014 : "Vikabas", ST-10-AA,  Eier : Jan-Arvid Pettersen, 7170 Åfjord,  (29.04.13),
2014 :   Sletta frå Skipsregisteret.
2014-2015 : "Vikabas", ST-40-O,  Eier : Hepsøfjord AS, 7740 Steinsdalen, (Stener Andre Hepsø), (24.03.14),
2015-2019 : "Hepsøfjord", ST-40-O,  Eier : Hepsøfjord AS, 7740 Steinsdalen, (29.07.15),
2019  :         "Torjo",  Molde, M-48-MD, Eier : Gangstadfisk AS, 6475 Midsund, (Torfinn Gangstad), (08.05.19).
2019-2020 : "Torjo", M-48-MD, Eier : TG Holding, 6475 Midsund, (Torfinn Gangstad), (30.10.19),
2020 - :        "Giske", Ålesund, M-48-A,  Eier : Giskefisk AS, 6057 Ellingsøy,  (27.02.20).

04.06.2019 :

"Torjo" har komme på sjøen etter slippopphold på Bolsønes Verft i Molde i forbindelse med eierskifte. Ein flott tilvekst til fiskeflåten i Midsund Kommune.

"Torjo" har komme på sjøen igjen, men ligg fortsatt ved kai hos Bolsønes Verft i Molde.

"Torjo" ved kai på  Bolsønes Verft i Molde. Dette er ein svært flott båt.


21.05.2019 :

Då har "Torjo" fått på namn og nytt fiskerimerke. Båten ligg fortsatt på Bolsønes Verft. Båten har også fått ein "G" i baugen. (G for Gangstad).

"Torjo", M-48-MD på slippen til Bolsønes Verft, Molde 21.05.2019. Med nytt namn og nytt fiskerimerke.

"Torjo", M-48-MD på slippen til Bolsønes Verft, Molde 21.05.2019.

"Torjo", M-48-MD på slippen til Bolsønes Verft, Molde 21.05.2019.

08.05.2019 :

Her er bilder av båten med sitt gamle fiskerimerke ST-40-O

"Hepsøfjord" / "Torjo" på slippen til Bolsønes Verft i Molde 08.05.2019.

"Hepsøfjord" / "Torjo" på slippen til Bolsønes Verft i Molde 08.05.2019.

"Hepsøfjord" / "Torjo" på slippen til Bolsønes Verft i Molde 08.05.2019.