I dag kom fiskebåten "Wiwi" / "Frøyværing", ST-11-F, sigande forbi Veøya. Har sett at båten har dreve på med tråling mange dager i Romsdalsfjordane, men så langt mest i ytre strøk. På AIS og i Skipsregister og Fartøyregister er båten registrert som "Wiwi" med fiskerimerke TR-1-R. På båten ser eg fortsatt det gamle namnet "Frøyværing" med fiskerimerke ST-11-F. Båten er registrert med ny eier Terje Viken, 7180 Roan den 25.04.2019. Det nye namnet og fiskerimerket er ikkje påført endå.
Båten ser ut til å vere ute på oppdrag for Havforskningsinstituttet med flytetråling etter smolt (lakseyngel) i Romsdalsfjordane. Båten fører offisielt norsk splittflagg.
Dette er eit oppdrag som Terje Viken har hatt før også. I mai 2017 dreiv han på med det samme med sin gamle båt "Toliko", ST-20-R. "Toliko" skifta eier og namn tidlegare i år. "Toliko" heiter i dag "Lilleskjær", TR-76-V, med eier Brattskjær AS, 7900 Rørvik, (30.01.19), (O. M. Nergård Holding AS).
Her er nokre bilder tatt frå land på Nesjestranda i det båten avslutter trålinga for dagen på Veøyfjorden.
|
"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. 19.05.2019. |
|
"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. |
|
"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019. Vi ser at fiskerimerket står kun på barbord side og det gamle namnet står fortsatt i hekken. |
|
"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019. |
|
"Wiwi" / "Frøyværing" har fått opp farta igjen og går til Molde etter å ha avslutta for dagen. Hangholmen i bakgrunnen. 19.05.2019. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar