Viser innlegg med etiketten Sør-Nesje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sør-Nesje. Vis alle innlegg

lørdag 13. juni 2020

Førsteslåtten på Nesjestranda 13.06.2020

På denne dag 13.06.2020 var det full aktivitet blant bygdas bønder. Årets førsteslått vart unnagjort på dei fleste gardane.  Her er nokre bilder som viser den viktige jobben som bøndene gjer for oss alle. Bildene er frå Sør Nesje og Flovika.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Olagarden på Sør Nesje, 13.06.2020.

Frå Flovika, 13.06.2020.

tirsdag 12. mai 2020

Vår/vinterbilder frå Nesjestranda - Status 12.05.2020

Det begynte å snø natt til søndag 10.05.2020. Regna vel med at det var forbigående, men snøværet fortsatte i fleire dager. I skrivende stund, torsdag 14.05.2020 er det fortsatt vintervær på Nesjestranda.
Køyrde ein runde i bygda på mandag 12.05.2020 for å dokumentere dette uvanlege snøværet.
Bildene kunne like gjerne vore tatt på tirsdag, onsdag eller i dag, torsdag. Det har gått med kraftige snøbyger. Mellom bygene har sola titta fram og snøen har til dels smelta igjen. Men neste morgen har det vore snø igjen sidan temperaturen om natta er lavare enn om dagen. Har nesten måka husvegen fleire gonger i mai enn i heile vinter. Metrologane melder om meir snø i dagane framover, så kan nok ikkje parkere snøbrettet endå. Tenker litt på skogsfugler, grågås og andre fugler som har starta med egglegging no. Det kan vel sjå ut som det blir mykje mislykka hekking i år. Får håpe dei kan starte på nytt den dagen våren endeleg kjem.
Bildene er frå forskjellige plasser rundt om i bygda. På Nesje var det oppholdsvær og sola titta fram, men fekk ei kraftig snøbyge inne i Horsgård. 
Her er totalt 19 bilder. Del gjerne innlegget.

Brøytetraktoren må ha meir diesel. Frå Bunker Oil på Nesjestranda om morgonen 12.05.2020.

Slik såg det ut på vegen ned frå Skålasenteret og ned i bygda, Nesjestranda, 12.05.2020. Kl 8:00.

Nesjevegen med utsikt mot Vegskillet, Havnevik, Nesjestranda, 12.05.2020. Kl 8:43.

Tur til Nesje mellom bygene. Utsikt ned vegen til garden Flovikholm, 12.05.2020, Kl 11.

Utsikt frå Flovika mot Havnevika, Nesjestranda 12.05.2020.

Utsikt frå Nesjevegen i Flovika mot Flovikholm, 12.05.2020.

Utsikt frå Olagarden på Sør Nesje, Nesjestranda, 12.05.2020, Kl 11:05.

Utsikt frå Olagarden på Sør Nesje, Nesjestranda, 12.05.2020, Kl 11:05.

Utsikt mot Kjerringneset, Nesjestranda, 12.05.2020. kl 11:20.

Utsikt mot Klokkargarden og Berg. Bildet tatt frå småbåthavna i Havnevika. Nesjestranda 12.05.2020, Kl 11:30.

Utsikt mot Klokkargarden og Bergsvikbukta. Bildet tatt frå småbåthavna i Havnevika. Nesjestranda 12.05.2020, Kl 11:30. Her ser vi 3 kjente plasser i Nesjestranda sin historie, Klokkargarden, Husmorskolen og Bergsvikskolen. 

Snørydding i mai. Nesjestranda 12.05.2020.

Søsnes Gård, Sølsnes, Nesjestranda 12.05.2020, Kl 11:52.

Veøy Kyrkje på Sølsnes, Nesjestranda, 12.05.2020.

Tett snøkave i Ytre Horsgård, Nesjestranda, 12.05.2020, Kl 12:05.

Ferskt skispor i denne skogsvegen i Ytre Horsgård. Skientusiastane har starta på randonne-tur til Lille Skåla. 2 bilar stod parkert ved vegen. Dei var nok heldige med turen fordi været vart bedre utover dagen.

Reitan, Nesjestranda, 12.05.2020, kl 12:12. Heimgarden min.

På Sølsnes var det trafikkdirigering av politiet. Ein semitrailer hadde endt opp delvis i grøfta og stod fast. Her venta dei nok på bergingsbil.

Utsikt frå Øvre Bergsvik mot Havnevika og vidare utover mot Stenså og Flovikholmen. Nesjestranda 12.05.2020, Kl 12:25.

fredag 8. mai 2020

Elgbilder frå Nesje - 08.05.2020

Køyrde ein tur til Sør Nesje for å sjå om elgane som eg møtte i skogen for 3 dager sidan fortsatt var der. Ingen elg å sjå på markene, så eg bestemte meg for å sitte på post ei stund der eg antok at dei ville komme inn på marka på kveldsbeite.  Antok sjansene størst for å sjå elg på marka på Myran på Sør Nesje. Frå eit jakttårn skulle det vere muligheter for fine bilder om elgane valgte å komme fram denne kvelden.
Heldigvis for meg gjekk det ikkje meir enn 15-20 minutt før eg fekk sjå elgane i skogkanten. Det var 3 stykker. Kjente igjen elgoksen frå 05.05.2020. Det var sannsynlegvis ein 1-åring. Dei 2 andre elgane var litt mindre og hadde ingen tegn til gevir. Dette var nok 2 elgkuer, mest sannsynleg også ettåringer. Det kan også ha vore elgku med 2 fjorskalver der oksekalven har vorte større enn mora.Regner med at ei voksen elgku som er drektig no hadde sett større ut enn disse elgane her. Dessutan vil ho ha jaga vekk fjorskalvane før neste fødsel. Kanskje erfarne jegere kan forklare kva slags elger (alder) det er på dei 3 ut frå bildene.  
Elgane kom etter litt fram på marka mindre enn 40 m unna meg. Lyset var fortsatt bra, så det vart mange fine elg-bilder. Elgane reagerte litt på lyden av kameraet, men dei roa seg og fortsatte å beite. Elgen er ikkje heilt bygd for å beite gras på marka. Den har for kort hals. Derfor går den ofte ned på kne og beiter. Den forflytter seg langsomt på kne under beitinga. Ei av kuene hadde noko byller eller utvekster mellom frambeina. Det såg ikkje heilt bra ut.
Fekk i alle fall igjen ein hyggeleg naturopplevele på Nesje. Sjekk dei 24 bildene nedenfor. Klikk på bildene for å sjå større bilder. 

Den første elgen står i skogkanten. Dette er ei elgku.

Elg nr 2 og 3 har komme fram frå skogen. Den bakerste har ytre tegn på gevir, så det er ein okse.

2 elger på Sør Nesje.

Den eine legen kjem ut på marka. Dette er oksen. Legg merke til dei små knappane framfor ørene. Her er det gevir som veks fram. Elgane feller geviret om hausten og det veks fram nytt gevir om våre. Men det er berre oksane som får gevir.

Eit morsomt elg-bilde. Elgoksen har hengeører. Det ser ut som dei har vore ein tur ute på byen !

Her var det tilbake til ein meir normal positur for elgoksen.

Elgane beiter på det fine vårgraset. Oksen som har lengst bein valgte knestående som sin måte å beite på.
Elgku, muligens ettåring.

Elgoksen, muligens også ettåring.

Elgku eller fjorskalv - vanskeleg med sikker identifikasjon.

2 elger på Sør Nesje, 08.05.2020.

Elgoksen beiter i knestående. Normalt beiter elgen på busker og trær og då treng den ikkje ned i knestående. 

Elgoksen, Sør Nesje, 08.05.2020.

Elgoksen, Sør Nesje, 08.05.2020.

Denne elgkua har noko utvekster eller byller mellom frambeina. Nokon som veit kva det er ?

3 elger beiter på Sør Nesje. 

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020. Elgane gjekk lenger unna meg. Dei høyrde klikk frå kameraet mitt og var ikkje heilt trygg på den lyden.

3 elger på Sør Nesje, Den eine elgkua har lagt seg ned, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger beiter på Sør Nesje, 08.05.2020.

3 elger på Sør Nesje, dei to elgkuene har lagt seg ned. Oksen står vakt og passer på. 08.05.2020.

torsdag 2. april 2020

Havørn på Nesje

Køyrde meg ein tur til Nesje mellom snøbygene og vindkasta i dag. Tenkte å sjå etter om grågåsa fortsatt holdt til på Nesje. Ein stor flokk med grågås var spredd utover markene i Flovika, så grågåsa held ut for snøbygene og har ikkje trekt ut mot kysten endå. Litt lenger ut fekk eg sjå ein stor fugl heilt nede ved sjøen. Trudde det var grågås, men såg snart at dette var ein heilt annan fugl, nemleg havørn. Stoppa på vegen og fekk tatt nokre bilder på langt hold med telelinse. Bildene vart vel så bra som ein kan forvente på det holdet og med det været. Fotoforholda var ikkje heilt bra. Bildene er tatt på ca 290 m avstand. Det var 3 havørner på bakken samtidig. Havørna skal ha starta med egglegging på denne tida, så kanskje desse var seint ute. Etter ei stund køyrde eg vidare og snudde ved vegs ende på Sør Nesje. På tur tilbake var det no kun ein havørn på bakken, dei 2 andre hadde tatt av. Såg dei på himmelen. Snudde og køyrde vestover igjen. Fekk tatt eit par bilder av havørn i lufta. Dette var omtrent ved Naustneset. Tok også eit bilde av 2 havørner i akrobatisk kamp om maten. Den eine mista noko ned i skogen. Dette bildet vart tatt frå snuplassen ved Vevarneset.
Var heldig som fekk denne opplevelsen på ein slik dag med snøbyger og sterk vind. Ser ofte havørn, både i lufta og på bakken, men har aldri sett dei "leike" seg i ein vanndam slik som dei gjorde på Sør Nesje denne dagen.


2 havørner i ein vanndam på marka på Sør Nesje, gnr 113/4. Den til venstre har ein trepinne i nebbet, kanskje den kikker på byggemateriale til reiret. 

Havørnane var ikkje redd for å bli våt på føttene. 

Mens eg holdt på å ta bilder av dei 2 ørnane i vanndammen, vart eg oppmerksom på at det hadde komme ein til. 

3 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Her er den eine ørna på veg til å flytte seg over dammen.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Den tredje havørna tok seg ein runde oppover marka for å jage eit par kråker.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020. Litt underleg at ørnane likte å vaspe og stå i vanndammen.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020. Her ser det ut som ørna har sett noko interessant, den bøyer hodet og ser seg ned og tilbake.

2 havørner i akrobatisk kamp om maten ? Den eine mista noko ned i skogen under "basketaket". Dette bildet er tatt frå snuplassen i Vevarneset på Sør Nesje. 02.04.2020.