torsdag 2. april 2020

Havørn på Nesje

Køyrde meg ein tur til Nesje mellom snøbygene og vindkasta i dag. Tenkte å sjå etter om grågåsa fortsatt holdt til på Nesje. Ein stor flokk med grågås var spredd utover markene i Flovika, så grågåsa held ut for snøbygene og har ikkje trekt ut mot kysten endå. Litt lenger ut fekk eg sjå ein stor fugl heilt nede ved sjøen. Trudde det var grågås, men såg snart at dette var ein heilt annan fugl, nemleg havørn. Stoppa på vegen og fekk tatt nokre bilder på langt hold med telelinse. Bildene vart vel så bra som ein kan forvente på det holdet og med det været. Fotoforholda var ikkje heilt bra. Bildene er tatt på ca 290 m avstand. Det var 3 havørner på bakken samtidig. Havørna skal ha starta med egglegging på denne tida, så kanskje desse var seint ute. Etter ei stund køyrde eg vidare og snudde ved vegs ende på Sør Nesje. På tur tilbake var det no kun ein havørn på bakken, dei 2 andre hadde tatt av. Såg dei på himmelen. Snudde og køyrde vestover igjen. Fekk tatt eit par bilder av havørn i lufta. Dette var omtrent ved Naustneset. Tok også eit bilde av 2 havørner i akrobatisk kamp om maten. Den eine mista noko ned i skogen. Dette bildet vart tatt frå snuplassen ved Vevarneset.
Var heldig som fekk denne opplevelsen på ein slik dag med snøbyger og sterk vind. Ser ofte havørn, både i lufta og på bakken, men har aldri sett dei "leike" seg i ein vanndam slik som dei gjorde på Sør Nesje denne dagen.


2 havørner i ein vanndam på marka på Sør Nesje, gnr 113/4. Den til venstre har ein trepinne i nebbet, kanskje den kikker på byggemateriale til reiret. 

Havørnane var ikkje redd for å bli våt på føttene. 

Mens eg holdt på å ta bilder av dei 2 ørnane i vanndammen, vart eg oppmerksom på at det hadde komme ein til. 

3 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Her er den eine ørna på veg til å flytte seg over dammen.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Den tredje havørna tok seg ein runde oppover marka for å jage eit par kråker.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020. Litt underleg at ørnane likte å vaspe og stå i vanndammen.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020. Her ser det ut som ørna har sett noko interessant, den bøyer hodet og ser seg ned og tilbake.

2 havørner i akrobatisk kamp om maten ? Den eine mista noko ned i skogen under "basketaket". Dette bildet er tatt frå snuplassen i Vevarneset på Sør Nesje. 02.04.2020.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar