lørdag 28. mars 2020

Grågås og Canadagås på Nesjestranda

Køyrde ein tur til Nesje i kveld og såg at i dag hadde det komme store flokker med grågås til bygda vår. Mange var på markene i Flovika, men mesteparten var på markene på Sør Nesje. I Flovika var det også 8-10 Canadagjess som gjekk i lag med grågåsa.  Gjessene har i år vore uheldig med været. I går hadde vi barmark og fint vårleg vær, men i dag kom det nordavind med kaldare luft og snøbyger. Markane var snødekte, så det var verre for fuglane å finne føde. Regner med at gjessene ikkje frys på beina i snøen, så dei klarer seg nok bra. Uansett er dette eit godt vårtegn på våre kanter. Om eit par dager er det meldt mildare vær med regn igjen.


Grågås i snø, Flovik, Nesjestranda 28.03.2020. 
Denne Canadagåsa hadde lagt seg ned i snøen, Flovik, Nesjestranda, 28.03.2020.
Eit par Canadagjess går vekk frå fotografen, Flovik, Nesjestranda, 28.03.2020.
Ein flokk med Grågås på Nesje, Nesjestranda 28.03.2020.

Mange grågjess som leita etter mat under snøen på Nesje, 28.03.2020.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar